Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

Om korleis justisministeren stiller seg til at dei _tillitsvalde i norske fengsel slår alarm_, med bakgrunn i ein vekst i gjengangarar, og at norske fengsel ikkje lenger evnar å levere ei straff som verkar

Datert: 09.05.2018
Besvart: 09.05.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Mitt spørsmål går til justisministeren.
På søndag kunne me sjå på TV2 at tillitsvalde i norske fengsel slo alarm. Me har over fire år fått eit kutt i norsk kriminalomsorg på over 200 mill. kr, og tillitsvalde frå NFF, Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund, og andre forbund seier no at dei ikkje lenger er i stand til å utføre sitt samfunnsoppdrag. Dette er alvorleg. Samtidig har regjeringa brukt nesten 1 mrd. kr på å leige fengselsplassar i Nederland. Eg er bekymra for samfunnssikkerheita, at me no kjem til å sjå ein vekst i gjengangarar, og at norske fengsel ikkje lenger evnar å levere ei straff som verkar.
Det har vore ei systematisk nedbygging av innhaldet i norsk kriminalomsorg i den tida som denne regjeringa har styrt. Til TV2 seier justisministeren sin statssekretær at ein snakkar mykje med dei tilsette, men det hjelper ikkje å snakke viss ein ikkje lyttar. Her på Stortinget har me lese Sivilombodsmannens rapportar om bruk av isolasjon. Me har òg registrert tilbakemeldingane frå institusjonen for menneskerettar, òg det som står i rapporten frå i år, som ikkje er bra.
Mitt spørsmål til justisministeren er: Korleis stiller justisministeren seg til at dei tillitsvalde no slår alarm på den måten dei gjer, og at dei meiner at dei no ikkje er i stand til å utføre det samfunnsoppdraget som er å forhindre ny kriminalitet?

Les hele debatten