Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om samferdselsministeren stiller seg bak forslaget frå Statens vegvesen om å ta E39/E136 frå Breivika til Ørskogfjellet heilt ut av NTP
Datert: 12.04.2023
Besvart: 12.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Spørsmålet mitt går sjølvsagt til samferdselsministeren.
2022 var eit svært alvorleg år med heile 118 dødsulykker på norske vegar. Dette var 118 for mange. I fyrste kvartal i år er talet endå høgare. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2023 ikkje akkurat fylt opp verktøykassa for å motverke og hindre fleire dødsulykker og alvorlege ulykker i trafikken. Samferdselssektoren har vorte det store kuttområdet til regjeringa.
Vi opplever no ei regjering som er bakpå, og som ikkje har visjonar for anten vegbygging eller trafikktrygging. For kort tid sidan la Statens vegvesen fram fagetaten sitt framlegg til ny NTP, som sjølvsagt er i tråd med styringssignal frå samferdselsministeren og regjeringa. Trafikktrygging og trygge vegar vert ikkje prioriterte.
I mitt eige fylke er det opprør. Av såkalla faglege grunnar vert det føreslått at E39/E136 frå Breivika til Ørskogfjellet – den mest trafikkerte vegen i fylket, ein dødsveg der det har vore fleire ulykker berre det siste året, og eksportvegen for heile fylket – ikkje berre vert utsett, men teken heilt ut av NTP. Dette er trafikkfarleg politikk. Det er eigentleg fagleg forkasteleg.
Stiller samferdselsministeren seg bak forslaget frå Statens vegvesen om å ta denne dødsvegen og eksportvegen heilt ut av NTP?