Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kvifor regjeringa trass i aukande ulykkestal fører ein livsfarleg samferdselspolitikk som medfører mindre pengar til vegvedlikehald og farlege vegar landet rundt
Datert: 25.10.2023
Besvart: 25.10.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Spørsmålet mitt går ikkje veldig overraskande til samferdselsministeren.
Dødsulukkene aukar også i 2023. Tala per september er 100 drepne i trafikken kontra 89 det siste året, som var ei alarmerande auking frå åra tidlegare. Regjeringa svarar ut denne svært alvorlege situasjonen med å kutte i vegvedlikehaldet med 400 mill. kr kontra siste saldering av budsjett og sørgjer for at etterslepet på vedlikehald av vegar landet rundt aukar med 1,2 mrd. kr.
Fylkesvegane står for om lag 50 pst. av dei alvorlege ulukkene og dødsulukkene på norske vegar. Cirka 30 pst. av ulukkene skjer grunna dårleg bane. Regjeringa kjem no med skarve 26 mill. kr i auking til fordeling til fylka, til vegpakkar, i tillegg til overføringane til fylkeskommunane, som i realiteten ikkje støttar deflatoren ein gong. Dette fører til mindre pengar til asfalt og vedlikehald også på fylkesvegane.
Synest samferdselsministeren at dette er ein forsvarleg vegpolitikk? Kvifor fører regjeringa ein livsfarleg samferdselspolitikk som medfører mindre pengar til vegvedlikehald, mindre pengar til asfalt, mindre midt- og kantmerking og farlege vegar landet rundt?