Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til statsministeren

Om å gjere meir for å dempe skadeverknadene av dyrtida på livet til folk og for å betre økonomien deira

Datert: 07.02.2024
Besvart: 07.02.2024 av statsminister Jonas Gahr Støre

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Det er tøffe tider for mange folk i vårt land, og det har det vore over tid. Straumprisane har vore høge, rentene har vore høge, det har vore høge matprisar, og dette slår inn i livet til folk. Vi høyrer om folk som fortel at dei må velje mellom mat og straum, om folk som droppar å gå til tannlegen. Om vi skal tru regjeringa, er toppen av den vanskelege tida nådd. Det blir hevda at vi står overfor eit økonomisk vendepunkt.

Til TV 2 denne veka sa statsministeren:

Men det er på sikt. Vi står midt i ei dyrtid. Prisane har auka mykje meir enn løningane. Renteutgiftene kjem framleis til å vere på dagens høge nivå. Mange har fått spist opp mykje av sparepengane. Mange har også tatt opp kredittkortgjeld for å betale løpande utgifter. Folk vil merke dyrtida på kroppen også framover.

Men gjennom f.eks. auka barnetrygd og gratis SFO i dei siste statsbudsjetta har SV fått gjennom tiltak som gjer at barnefamiliane får meir pengar og barnefattigdomen går ned. Færre barn lever i familiar med låg inntekt. Det viser at politikk verkar. Det både kan og bør bli gjort meir for å dempe skadeverknadene av dyrtida på livet til folk, på kort og lang sikt. Vi i SV er alltid klare til å sikre fleirtal med regjeringa for offensive tiltak for å betre økonomien til folk i dyrtid.

Meiner statsministeren det er riktig og viktig å gjere meir for å betre økonomien til folk?

Les hele debatten