Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Vedtak

Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Skolen og lærebedrifta skal møte elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

§ 1-2 skal lyde:

§ 1-2 Verkeområdet for lova

Lova gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar og lærebedrifter dersom ikkje noko anna er særskilt fastsett.

Lova gjeld også for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot etter privatskolelova, og for privat heimeopplæring i grunnskolen.

For opplæring som er spesielt organisert for vaksne, og som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for, gjeld kapittel 4A.

§ 2-3 fjerde ledd tredje punktum skal lyde:

Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med § 1-1 og forskrifter etter § 1-3.

§ 2-12 andre ledd skal lyde:

§§ 1-1, 1-3, 2-3, 2-3 a og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet og for vurdering i privat grunnskole så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.

§ 2-13 skal lyde:

§§ 1-1, 1-3, 2-3 og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet i privat grunnskoleopplæring i heimen så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.

§ 3-4 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Rektor skal organisere skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og i samsvar med §§ 1-1 og 3-3 og forskrifter etter § 1-3.

§ 4A-6 skal lyde:

§ 1-1 gjeld så langt det passar for opplæring etter dette kapitlet. Læreplanar etter §§ 1-3, 2-3, 3-4 og 6-4 gjeld med dei tilpassingar som følgjer av dette kapitlet.

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. De enkelte bestemmelser kan settes i kraft til ulik tid.