Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Videregående opplæring

St.meld. nr. 32 (1998-1999), Innst. S. nr. 246 (1998-1999)

Vedtak 1

Stortinget ber Regjeringa etablere dei to nye grunnkursa, media/kommunikasjon og merkantile fag, frå hausten 2000.

Vedtak 2

Stortinget ber Regjeringa ta initiativ til at det på bransjenivå blir definert kompetansenivå, med tilhøyrande kompetansebevis, for elevar og lærlingar som ikkje siktar mot fag- eller sveinebrev.

Vedtak 3

Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag om endring i opplæringslova, slik at unge som har annan kompetanse (delkompetanse) som mål, kan teikne opplæringskontrakt.

Vedtak 4

Stortinget ber Regjeringa leggje opp arbeidet med realkompetanse slik at retningslinene for dette og den tilpassa/avkorta vidaregåande opplæringa kan setjast i verk frå hausten 2000.

Vedtak 5

Stortinget ber Regjeringa setje i gang prøveprosjekt med å skilje rådgjevingsfunksjonen i ein sosialpedagogisk del og ein utdannings- og rettleiingsdel.

Vedtak 6

Stortinget ber Regjeringa arbeide vidare med styrking av rettleiingstenesta og ber om snarlege framlegg til tiltak.

Vedtak 7

Stortinget ber Regjeringa vurdere om det let seg gjere å auke timetalet i kroppsøving i vidaregåande skule.

Vedtak 8

St.meld. nr. 32 (1998-99) - Videregående opplæring - vert lagd ved møteboka.

Henstilling (oversendt regjeringen uten votering)

Regjeringa blir oppmoda om å fremje lovforslag om individuell rett til vidaregåande opplæring for vaksne som ikkje tidlegare har fått tilbod om, eller fått høve til å fullføre, vidaregåande opplæring/fagopplæring.

Vedtak 10

Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at det kan etableres flere særløp for å ta vare på små fag, fag som har rekrutteringsproblem og utdanningsløp for ungdom som trenger en annen kombinasjon av praksis og teori for å nå frem til fagbrev/annen kompetanse.