Vedtak 194
2. Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS- komitéavgjerd om innlemming av fargestoffdirektivet (94/36/EF) i EØS-avtala.
3. Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS- komitéavgjerd om innlemming av søtstoffdirektivet (94/35/EF) i EØS-avtala.
Vedtak 195
Stortinget ber Regjeringa fremje forslag som presiserer krava til tydelege og lettfattelege vare- og innhaldsdeklarasjonar/-merking av næringsmiddel. For næringsmiddel utan emballasje må det lagast eigne system. Det må spesielt leggjast vekt på krava som allergikarar og andre har for tydelege vare- og innhaldsdeklarasjonar.
Stortinget ber også Regjeringa gjennomføre informasjonstiltak når det gjeld bruk av tilsetjingsstoff i næringsmiddel andsynes norske forbrukarar.
Stortinget ber også Regjeringa gjennomføre informasjonstiltak når det gjeld bruk av tilsetjingsstoff i næringsmiddel andsynes norske forbrukarar.