Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2007 mv.

St.prp. nr. 82 (2006-2007), Innst. S. nr. 254 (2006-2007)

Vedtak 529

I statsbudsjettet for 2007 vert det gjort følgjande endringar:

 

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

2315

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

  1

Driftsutgifter, vert løyvd med

800  000 000

1503

Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde

70

Tilskot, vert auka med

5 092  000

frå kroner 86 127 000 til kroner 91 219000

1541

Pensjonar av statskassen

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

971  000

frå kroner 20 900 000 til kroner 21 871 000

1542

Tilskot til Statens Pensjonskasse

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

474 285 000

frå kroner 7 484 000 000 til kroner 7 958 285 000

70

For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving, vert auka med

5 549  000

frå kroner 83 000 000 til kroner 88 549 000

1546

Yrkesskadeforsikring

  1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

1 621  000

frå kroner 96 800 000 til kroner 98 421 000

1547

Gruppelivsforsikring

  1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

3 270  000

frå kroner 78 700 000 til kroner 81 970 000

 

Vedtak 530

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2007 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er med­lemmer av LO Stat, YS Stat, Akademikerne og Unio i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 9. mai 2007.

 

Vedtak 531

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2007 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er med­lemmer av NITO og NFF i samsvar med forhandlings­forslaget i protokoll av 9. mai 2007.

 

Vedtak 532

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem­mer av organisasjonar som nemnde i romartal II og III og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det gjelde same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II og III. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

 

Vedtak 533

Pensjonar i Statens Pensjonskasse vert regulerte i samsvar med auken i grunnbeløpet i folketrygda per 1. mai 2007.

Statens pensjonskasse vert gitt fullmakt til å regulere og tilpasse pensjonar som på grunn av særlege pen­sjonstekniske forhold ikkje med rimeleg resultat kan regulerast i samsvar med punkt 1.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet får full­makt til å regulere pensjonar av statskassa på same måte som for statspensjonistar etter punkt 1.

 

Vedtak 534

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsre­gulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei av postane i statsbudsjettet som har lønsløyving.