Vedtak 401
Stortinget samtykker i at:
1. Bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Oslopakke 3 trinn 1. Vilkåra går fram av St.prp. nr. 40 (2007-2008) og Innst. S. nr. 170 (2007- 2008).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Avtalen må vere underskriven før innkrevjinga startar.