Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Bustøtte

St.prp. nr. 11 (2008-2009), Innst. S. nr. 160 (2008-2009)

Vedtak 260

Stortinget samtykkjer i at gjeldande vedtak om bustøtte av 12. juni 1972 med seinare endringar blir oppheva, og at det blir gjort følgjande nytt vedtak om retningslinjer for bustøtte, som skal ta til å gjelde frå 1. juli 2009:

§ 1 Føremål og innretning

Bustøtta skal sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.

For å få rett til bustøtte må vilkåra i §§ 2, 3 og 4 og vilkåra i forskrifter som er fastsette av departementet, vere oppfylte.

§ 2 Personar med rett til bustøtte

Det er eit vilkår for rett til bustøtte at personen

a)   er over 18 år, med mindre han har barn som bur i bustaden,

b)   er folkeregistrert og lovleg busett i Noreg,

c)   svarer for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra i § 3 og

d)   sjølv bur i bustaden.

Rett til bustøtte har likevel ikkje

a)   militært eller sivilt tenestepliktige

b)   studentar med mindre dei har barn, og /eller studerer som eit ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering og ikkje får stønad frå Statens lånekasse for utdanning.

§ 3 Krav til bustaden

Det er eit vilkår for å få rett til bustøtte at bustaden

a)   er godkjend for heilårs bruk,

b)   er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og

c)   har eige bad og toalett og gir høve til kvile og matlaging.

Krava i a–c gjeld ikkje personar som fekk bustøtte før 1. juli 2009, og som da ikkje var omfatta av bustadkrava.

Departementet kan gi unntak frå krava i a–c for kommunalt disponerte, sosiale utleigebustader som ikkje er regulerte til institusjon.

§ 4 Utrekning av bustøtte

Forholdet mellom inntekta, formuen og buutgiftene til husstanden avgjer om det blir løyvt bustøtte og kor stor stønaden skal vere.

Bustøtta er ein fastsett prosent av skilnaden mellom godkjende buutgifter og ein eigendel, som blir fastsett ut ifrå inntekta og formuen til husstanden.

Departementet fastset satsar og reglar for utrekning av bustøtte.

§ 5 Finansiering

Staten dekkjer utgifter til bustøtte.

§ 6 Administrasjon

Departementet kan gi nærmare reglar om administrasjonen og handsaminga av bustøtta.