Vedtak 526
I statsbudsjettet for 2014 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
2315 | Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet | ||
1 | Driftsutgifter, løyvd med | 1 616 000 000 | |
0502 | Tilskot til kompetanseutvikling | ||
70 | Tilskot, kan overføres, løyvd med | 17 500 000 | |
0503 | Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde | ||
Tilskot, auka med | 7 209 000 | ||
70 | frå kr 159 021 000 til kr 166 230 000 |
Vedtak 527
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2014 vert gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat,Unio og Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 26. mai 2014.
Vedtak 528
For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
Vedtak 529
Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2014 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlege tenestetvistar av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.
Vedtak 530
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.