Valet er ditt

«Valet er ditt» er Stortingets læringspill for ungdomsskulen. Spelet finst både på Stortinget og som klasseromsversjon. Dei to versjonane av spelet er like.

Besøket består av ei omvisning i stortingsbygningen, deretter læringsspelet «Valet er ditt».

I «Valet er ditt» skal elevane sjølv vere politikarar. Elevane gjer val og prioriteringar for framtidas Noreg, og får øvd seg på argumentasjon og debatteknikk.

Spelet startar med at elevane blir delt inn i grupper, som lagar partiprogramma sine. Partia presenterer  politikken sin for resten av klassen, og elevane utfordrar kvarandre på kvifor dei har prirotert som dei har gjort. Til slutt blir det avhalde val og det blir kåra ein vinnar. 

Klasseromsversjon av «Valet er ditt»

«Valet er ditt» finst også som klasseromsversjon. Dei to versjonane er like. Vi tilrår derfor at klassar som skal til Stortinget for å spele  «Valet er ditt» ikkje gjer det i klasserommet i tillegg. Det er ikkje mogleg å søkje om reisetilskot i samband med klasseromsversjonen av «Valet er ditt».

«Valet er ditt» er for elevar på ungdomstrinnet. Besøket varer i cirka 2,5 timar (inkludert tryggingskontroll, omvising og læringsspel) Det må vere minst 10 elevar for å kunne spele «Valet er ditt». Det samla talet personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34. Deltaking krev gode norskkunnskapar.

Bevegelseshemmede

Omvisningen går over tre etasjar. For bevegelseshemma er det mogleg å bruke heis. Sjølve læringsspelet går føre seg på eitt plan.

Adkomst

Det er haldeplassar for både T-bane, buss, trikk og tog i Stortingets omgåande nærleik. Sjå www.ruter.no for stoppestader nær Stortinget.

Skuleklassar som ønskjer å besøkje læringsspela våre i stortingsbygningen må søkje om plass. Etterspurnaden er større enn tilbodet vi har tilgjengeleg. Vi kan derfor ikkje garantere at alle som søkjer får plass. 

Alle søknader om besøk må gjerast på nett, og du kan søkje om plass i ein avgrensa periode. Vi behandlar berre éin søknad per klasse. Du får svar på søknaden din om besøk 7-10 dagar etter utløpet av fristen.

Korleis blir plassane fordelte?

Når søknadsfristen har gått ut, blir plassane fordelte og stadfesta til skulane med ei geografisk spreiing, for å nå flest mogleg elevar i heile landet. 

Dersom mange søkjer om same dato/tid, blir det gjennomført loddtrekking. Ver derfor merksam på at de kan bli tildelte ein annan dato/tid enn de har søkt om. Vi tilrår at de er fleksible med omsyn til dato. 

Datoen de blir tildelte er endeleg. Viss de ønskjer ein annan dato, må de kansellere besøket og finne ein ny dato på nettsida viss det er ledige tider igjen. 

Reisetilskot

Klasser med  lang reiseveg kan søkje om reisetilskot, viss det er innanfor ein av dei årlege søknadsrundane for tildeling av plassar i læringsspel.

Du søkjer om reisetilskot ved å huke av for dette i same skjema som du søkjer om plass i læringsspel. Les meir om reisetilskotsordninga: https://www.stortinget.no/reisetilskudd. Lære har sjølv ansvar for å setje seg inn i reglerverket for ordninga

Søknadsfrister for «Valet er ditt» skuleåret 24/25

  • Frå 27. mai-3. juni kan du søkje om plass i «Valet er ditt» for perioden 26. august-15. november 2024. (Reisetilskotsfristen gjekk ut 18. juni).
  • Frå 12. august kl. 09.00 til 19. august kl. 15.00, kan du søkje om plass i  «Valet er ditt» for perioden 18. november 2024-14. februar 2025. (Reisetilskotsfristen gjekk ut 2. september).
  • Frå 6. januar kl. 09.00-10. januar kl. 15.00 kan du søkje om plass i «Valet er ditt» i perioden 17. februar-ut våren 2025.

Søknadsfristen for deltaking i «Valet er ditt» hausten 2025 blir publisert i løpet av våren 2025.

Ledige plassar utanom tildelingsrunden

Plasser som blir avbestilt blir synlege i oversikta under og kan bestillast etter førstemann til mølla-prinsippet. Det er ikkje mogleg å søkje om reisetilskot, då fristen har gått ut.

Trykk på eit ledig tidspunkt og du kjem til eit skjema. Når du har sendt inn skjemaet, skal du få ei stadfesting på at skjemaet er motteke. Dersom så ikkje skjer, må du ta kontakt med oss.