Nummerering av storting
Kvifor var det det 168. storting som vart opna den 3. oktober 2023? Korleis reknar ein for å koma fram til talet 168?
it nytt storting trer saman og vert opna i ein høgtidleg seremoni av Kongen kvar haust, både når det har vore val og ikkje. Stortinga er såleis årlege og ein tel eitt nytt storting for kvart år.
Fram til 1990 vart Stortinget òg høgtidleg oppløyst av Kongen kvar vår, men etter det har Stortinget formelt vore samla heile året og eit storting varer i dag frå oktober eit år til neste storting trer saman 1. oktober året etter.
Les meir om kontituering og høgtidleg opning av Stortinget.
Årlege storting fyrst i 1871
Det har ikkje alltid vore årlege storting, og difor er det at nummeret på storting ikkje svarar til så mange år som er gått frå 1814 til i dag.
Frå Stortinget vart skipa av Grunnlova på Eidsvoll i 1814 var Stortinget samla berre kvart tredje år og «forbliver samlet saalænge, det finder det fornødent; dog ikke over 3 Maaneder uden Kongens Tilladelse» (§ 80). Desse sjeldne og knappe sesjonane gav ofte tidsnaud, og det vart mange forlengde sesjonar, trass i motvilje mot dette frå Kongen.
I 1869 vart det vedteke ei grunnlovsendring som innførde årlege storting frå 1871 og Stortinget kunne vera samla to månader og lenger enn det berre med løyve frå Kongen.
Frå 1898 opna ei grunnlovsendring for at Stortinget kunne samlast to gonger årleg – i ein vår- og ein haustsesjon.
I krigsåra mellom 1940 og 1945 vart det ikkje halde nokon nye storting; det 89. storting var samla både i 1940 og etter frigjeringa, våren 1945.
Omframme storting
Dei 160 stortinga er dei me kallar ordentlege storting. Før 1990 hende det at Kongen i statsråd måtte kalla Stortinget saman òg når det var oppløyst, og då vart det halde omframme storting. Etter 1990 har ein kunna halda møte i Stortinget om sommaren utan å kalla saman omframme storting, av di Stortinget formelt er samla heile året, endå sommaren til vanleg er plenumsfri.
Det fyrste omframme storting var halde alt i 1814 då Stortinget måtte kallast saman for å vedta ei grunnlov tilpassa unionen med Sverige og velja kong Karl 13. av Sverige til norsk konge.
Les meir om det fyrste omframme storting hausten 1814.
Det har vore halde til saman ni omframme storting, siste gong i 1939.
År det har vore storting
Ordentlege storting |
Omframme storting |
|||
Nr. |
År |
Nr. |
År |
Årsak |
1. | 1815/16 | 1. | 1814 | Union med Sverige |
2. | 1818 | 2. | 1822 | Noregs gjeldsplikter til Danmark etter unionsoppløysinga |
3. | 1821 | 3. | 1828 | Auke av den sirkulerande setelmengda og ymse lover |
4. | 1824 | 4. | 1836/37 | Forlenging av føregåande førehaving av ei rad lovframlegg |
5. | 1827 | 5. | 1858 | Den internasjonale økonomiske krisa |
6. | 1830 | 6. | 1864 | Krigsutbrot mellom Tyskland og Danmark |
7. | 1833 | 7. | 1882 | Ratifikasjon av ny handels- og sjøfartstraktat med Frankrike |
8. | 1836 | 8. | 1918 | Tiltak i samband med den økonomiske krisa (dyrtida) og avvikling av nøytralitetsvernet etter 1. verdskrigen |
9. | 1839 | 9. | 1939 | Tysklands åtak på Polen og utbrotet av 2. verdskrigen |
10. | 1842 | |||
11. | 1845 | |||
12. | 1848 | |||
13. | 1851 | |||
14. | 1854 | |||
15. | 1857 | |||
16. | 1859/60 | |||
17. | 1862/63 | |||
18. | 1865/66 | |||
19. | 1868/69 | |||
20. | 1871 | |||
21. | 1872 | |||
22. | 1873 | |||
23. | 1874 | |||
24. | 1875 | |||
25. | 1876 | |||
26. | 1877 | |||
27. | 1878 | |||
28. | 1879 | |||
29. | 1880 | |||
30. | 1881 | |||
31. | 1882 | |||
32. | 1883 | |||
33. | 1884 | |||
34. | 1885 | |||
35. | 1886 | |||
36. | 1887 | |||
37. | 1888 | |||
38. | 1889 | |||
39. | 1890 | |||
40. | 1891 | |||
41. | 1892 | |||
42. | 1893 | |||
43. | 1894 | |||
44. | 1895 | |||
45. | 1896 | |||
46. | 1897 | |||
47. | 1898 | |||
48. | 1898/99 | |||
49. | 1899/1900 | |||
50. | 1900/01 | |||
51. | 1901/02 | |||
52. | 1902/03 | |||
53. | 1903/04 | |||
54. | 1904/05 | |||
55. | 1905/06 | |||
56. | 1906/07 | |||
57. | 1908 | |||
58. | 1909 | |||
59. | 1910 | |||
60. | 1911 | |||
61. | 1912 | |||
62. | 1913 | |||
63. | 1914 | |||
64. | 1915 | |||
65. | 1916 | |||
66. | 1917 | |||
67. | 1918 | |||
68. | 1919 | |||
69. | 1920 | |||
70. | 1921 | |||
71. | 1922 | |||
72. | 1923 | |||
73. | 1924 | |||
74. | 1925 | |||
75. | 1926 | |||
76. | 1927 | |||
77. | 1928 | |||
78. | 1929 | |||
79. | 1930 | |||
80. | 1931 | |||
81. | 1932 | |||
82. | 1933 | |||
83. | 1934 | |||
84. | 1935 | |||
85. | 1936 | |||
86. | 1937 | |||
87. | 1938 | |||
88. | 1939 | |||
89. | 1940 og 1945 | |||
90. | 1945/46 | |||
91. | 1947 | |||
92. | 1948 | |||
93. | 1949 | |||
94. | 1950 | |||
95. | 1951 | |||
96. | 1952 | |||
97. | 1953 | |||
98. | 1954 | |||
99. | 1955 | |||
100. | 1956 | |||
101. | 1957 | |||
102. | 1958 | |||
103. | 1959 | |||
104. | 1959/60 | |||
105. | 1960/61 | |||
106. | 1961/62 | |||
107. | 1962/63 | |||
108. | 1963/64 | |||
109. | 1964/65 | |||
110. | 1965/66 | |||
111. | 1966/67 | |||
112. | 1967/68 | |||
113. | 1968/69 | |||
114. | 1969/70 | |||
115. | 1970/71 | |||
116. | 1971/72 | |||
117. | 1972/73 | |||
118. | 1973/74 | |||
119. | 1974/75 | |||
120. | 1975/76 | |||
121. | 1976/77 | |||
122. | 1977/78 | |||
123. | 1978/79 | |||
124. | 1979/80 | |||
125. | 1980/81 | |||
126. | 1981/82 | |||
127. | 1982/83 | |||
128. | 1983/84 | |||
129. | 1984/85 | |||
130. | 1985/86 | |||
131. | 1986/87 | |||
132. | 1987/88 | |||
133. | 1988/89 | |||
134. | 1989/90 | |||
135. | 1990/91 | |||
136. | 1991/92 | |||
137. | 1992/93 | |||
138. | 1993/94 | |||
139. | 1994/95 | |||
140. | 1995/96 | |||
141. | 1996/97 | |||
142. | 1997/98 | |||
143. | 1998/99 | |||
144. | 1999/2000 | |||
145. | 2000/01 | |||
146. | 2001/02 | |||
147. | 2002/03 | |||
148. | 2003/04 | |||
149. | 2004/05 | |||
150. | 2005/06 | |||
151. | 2006/07 | |||
152. | 2007/08 | |||
153. | 2008/09 | |||
154. | 2009/10 | |||
155. | 2010/11 | |||
156. | 2011/12 | |||
157. | 2012/13 | |||
158. | 2013/14 | |||
159. | 2014/15 | |||
160. | 2015/16 | |||
161 | 2016/17 | |||
162 | 2017/18 | |||
163 | 2018/19 | |||
164 | 2019/20 | |||
165 | 2020/21 | |||
166 | 2021/22 | |||
167 | 2022/23 | |||
168 | 2023/24 |