Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1824 (2023-2024)
Innlevert: 21.04.2024
Sendt: 22.04.2024
Besvart: 29.04.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Hvordan vil regjeringen hindre at Nokut blir en propp i systemet som bidrar til forsinkelse i tilbudet av etterspurte utdanninger?

Begrunnelse

I en artikkel i Khrono datert 19. april kan vi lese at Sivilombudet mener at en forventet saksbehandlingstid i Nokut for akkreditering av studieprogrammer innen høyere utdanning på mer en to år er i strid med kravene til saksbehandlingstid i forvaltningsloven. I tillegg til det som ligger på vent hos Nokut nå, kan vi forvente at køen vokser dersom de foreslåtte endringene i Fagskoleloven om institusjonsakkreditering av fagskoler vedtas før sommeren.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) behandlar søknader om akkreditering av studietilbod som den enkelte institusjonen ikkje sjølv har fullmakter til å opprette. Det gjeld både fagskuleutdanningar og universitets- og høgskuleutdanningar.

NOKUT behandlar også søknader om fagområdeakkreditering for fagskular og søknader om institusjonsakkreditering for høgskular og universitet. Dei siste åra har det vore stor vekst i talet på søknader om akkreditering til NOKUT. Det gjeld særleg innan fagskuleutdanning, men det har også kome fleire søknader frå høgskular. Kunnskapsdepartementet har følgt opp med ekstra ressursar til NOKUT i det reviderte budsjettet for 2023 og i statsbudsjettet for 2024.

For å få ned køane på sikt har NOKUT i samråd med departementet prioritert søknader om fagområdeakkreditering for fagskulane og akkreditering av doktorgradsutdanning og institusjonsakkreditering for universitet og høgskular. Det er fordi slike akkrediteringar gir utdannings¬institusjonane rett til å akkreditere fleire utdanningstilbod sjølve, utan å søke NOKUT.

NOKUT har teke fleire grep for å redusere behandlingstida. NOKUT har også arbeidd med effektiviseringstiltak ved å flytte interne ressursar, digitalisere og effektivisere delar av saksbehandlingsprosessane. I tillegg er det gjort omdisponeringar på tvers av NOKUT og mellom oppgåver. På lengre sikt vil dette bidra til å redusere køane.

Kunnskapsdepartementet vil følge med på NOKUT si behandling av søknader om akkreditering. Eg meiner at dei auka løyvingane til NOKUT og tiltaka som NOKUT har gjort, vil betre situasjonen framover.