Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Den nasjonale forsvarsevna skal styrkast. Noreg skal kunna ta ein større del av ansvaret for vår eiga sikkerheit, i ei tid med aukande stormaktsrivalisering òg i våre nærområde. For å få til det må me vera til stades – på landjorda, i lufta og ikkje minst på havet. Me må kunna overvaka, forstå og handla om nødvendig. Til dette trengst det folk. Det blir ofte sagt at personellet er Forsvarets viktigaste ressurs, og eg er einig. I den føreslegne langtidsplanen for Forsvaret er det sett ambisiøse mål for å ta fleire inn til fyrstegongsteneste og tilsetja fleire soldatar og befal. Samtidig er nettopp dei folka Forsvaret er så avhengig av, på veg ut døra. Berre i fjor slutta nesten 700 av dei militært tilsette før tida, noko som svarar til over 5 pst. Mange av dei er unge. Dei sluttar i hovudsak grunna dårlege lønns-, pensjons- og arbeidsvilkår, men òg fordi dei har mista tru på systemet. Problema er på ingen måte nye. Forsvarspolitikken har i lang tid handla om volum og store, nye innkjøp, framfor kvalitet, nok folk og gode system. Å retta opp i dette tek tid, men får me ikkje sett i proppen no og stoppa personellflukta, ligg det an til ei svekt forsvarsevne med endå fleire båtar som ligg til kai, og endå fleire fly som står på bakken. Meiner forsvarsministeren at dei tiltaka regjeringa har sett i verk så langt, er tilstrekkelege for å stoppa personellflukta i Forsvaret?

Datert: 24.04.2024
Besvart: 24.04.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Den nasjonale forsvarsevna skal styrkast. Noreg skal kunna ta ein større del av ansvaret for vår eiga sikkerheit, i ei tid med aukande stormaktsrivalisering òg i våre nærområde. For å få til det må me vera til stades – på landjorda, i lufta og ikkje minst på havet. Me må kunna overvaka, forstå og handla om nødvendig.

Til dette trengst det folk. Det blir ofte sagt at personellet er Forsvarets viktigaste ressurs, og eg er einig. I den føreslegne langtidsplanen for Forsvaret er det sett ambisiøse mål for å ta fleire inn til fyrstegongsteneste og tilsetja fleire soldatar og befal.

Samtidig er nettopp dei folka Forsvaret er så avhengig av, på veg ut døra. Berre i fjor slutta nesten 700 av dei militært tilsette før tida, noko som svarar til over 5 pst. Mange av dei er unge. Dei sluttar i hovudsak grunna dårlege lønns-, pensjons- og arbeidsvilkår, men òg fordi dei har mista tru på systemet.

Problema er på ingen måte nye. Forsvarspolitikken har i lang tid handla om volum og store, nye innkjøp, framfor kvalitet, nok folk og gode system. Å retta opp i dette tek tid, men får me ikkje sett i proppen no og stoppa personellflukta, ligg det an til ei svekt forsvarsevne med endå fleire båtar som ligg til kai, og endå fleire fly som står på bakken.

Meiner forsvarsministeren at dei tiltaka regjeringa har sett i verk så langt, er tilstrekkelege for å stoppa personellflukta i Forsvaret?


Les hele debatten