Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane

For stortingsperioden 2021-2025 er det valt inn fire representantar frå Sogn og Fjordane.

I Grunnlova står det at Noreg har 19 valdistrikt. I vallova er desse lista opp, og dei samsvarar med fylkesinndelinga i Noreg før regionreforma.

Innvalde og fast møtande representantar

Dei fem siste spørsmåla til statsrådane frå representantane i valdistriktet

  • Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Regjeringa varslar i revidert nasjonalbudsjett for 2024 eit fall i bedriftsinvesteringar på fastlandet på 2,6 pst. i år, og eit endå større fall neste år (3,4 pst.). Samtidig veks det offentlege konsumet og investeringane på sokkelen i olje og gass. Kva trur statsråden er årsakene til dette, meiner han det er ei berekraftig utvikling for Noreg på lang sikt, og i tilfelle ikkje, kva grep trur statsråden er mest effektive for å få framtidstrua og investeringsevna tilbake på sporet i bedriftene på fastlandet?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

    Vil regjeringa innføre toll på russisk fisk på linje med EU, eller på annan måte stoppe praksisen med at store mengder russisk fisk først blir landa i Noreg og deretter også videreforedla i Noreg og dermed gir milliard-inntekter inn i den russiske krigsøkonomien som finansierer krigen i Ukraina?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Pasientar som treng rehabilitering i spesialisthelsetenesta melder no i aukande grad om at dei får avslag. Har det skjedd ei omlegging eller innskjerping i dagens praksis for kven som får rehabilitering i spesialisthelsetenesta, og er talet på pasientar som får avslag aukande?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Vil kommunal- og distriktsministeren følgje opp Landsstyret i KS sitt vedtak 24. mai om snarast mulig å få på plass ei kompensasjonsordning for overgang til nullutslippsløysingar på hurtigbåtar og ferjer, og kan statsråden stadfeste at denne ordninga også vil omfatte Vestland fylkeskommune og evt andre fylke som allereie er i gang med anbodsprosessar på nullutsleppsløysingar, ikkje berre anbodsprosessar som blir starta etter 1.1.2025?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Regjeringa har tidlegare ikkje hatt oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad eller kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst, jmf svar på mitt skriftlege spørsmål Dokument nr. 15:2031 (2022-2023). Kan kommunal- og distriktsministeren no gjere greie for omfang og rutiner for bruk av og røynslene med desentralisert arbeid i staten, ut frå dei statlege verksemdene sine årsrapportar for 2023, der dei var pålagt å gjere greie for dette?

Representantforslag fremma av representantane i valdistriktet

Sjå alle