Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2058 (2023-2024)
Innlevert: 16.05.2024
Sendt: 16.05.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 24.05.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram kva konsekvenser endra fylkevegkriterier for Møre og Romsdal vil kunne bety for overføringene til folkekommunen for 2025?

Begrunnelse

I framlagd kommuneproposisjon er det vist til ei "feilberegning" av fylkesvegkriterier som mulig kan medfører lågere rammeoverføringer til Møre og Romsdal fylkeskommune.

I løyvingene i satsbudsjettet for 2024 vart Møre og Romsdal fylkeskommunen kompensert i rammeoverføringa med 3,3% økning kontra 2023.

Når deflatere for lønns og prisvekst vart berekna til 4,3% for 2024, mangla med andre ord Møre og Romsdal fylkeskommune 1 % i eit totalbudsjett på omlag 7 milliard kr kontra budsjett for 2023.

I tillegg mangler fylkeskommunen ca 260 mill kr for å kunne få kompensert opp Møre og Romsdal fylkeskommune sine reelle ferjekostnader, og dette er svært merkelig at dagens AP og SP regjering ikke har fått på plass enda, da en av regjeringspartia sine representanter fra fylket har lova at ferjedrifta skulle ordnes opp i bare en kom i regjering.
- ikke et komma av dette er kompensert, snarer tvert imot har altså Møre og Romsdal fylkeskommune opplevd dårligere økonomisk grunnlag og vilkår med dagens regjering kontra sist borgerlige regjering.

Nå ser det altså ut til at Møre og Romsdal fylkeskommune sitt beregningsgrunnlag for fylkesvegkriteriene vert endra og kutta, noe som ser ut til å kunne få negative økonomisk følger for 2025.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Utgiftsutjamninga i inntektssystemet kompenserer fylkeskommunane for ufrivillige variasjonar i utgiftsbehovet. Utgiftsutjamninga skjer i praksis gjennom kostnadsnøkkelen, som er sett saman av ei rekkje ulike kriterium med vekter. Eitt av kriteria er berekna vedlikehaldsbehov på fylkesvegnettet, som er eit anslag på kva det kostar å drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Kriteriet blir berekna med utgangspunkt i opplysningar om det faktiske vegnettet, til dømes lengde fylkesveg (målt som feltlengde), bruer og tunnelar i kvar enkelt fylkeskommune.
Ved ein feil har feltlengda som blir brukt til å berekne fylkesvegkriteriet blitt målt som feltlengde inkludert ferjestrekningar. Det er eit eige kriterium for fylkesvegferjer i kostnadsnøkkelen, og ferjestrekningar skal derfor ikkje telje med i berekninga av fylkesvegkriteriet. Departementet vil, som varsla i kommuneproposisjonen for 2025, rette opp feilen i talgrunnlaget, slik at ferjestrekningane ikkje vil vere med i grunnlaget for fylkesvegkriteriet frå og med 2025.
Kostnadsnøkkelen blir brukt til å fordele om på ein gitt ramme mellom fylkeskommunane. Det er derfor den relative andelen kvar enkelt fylkeskommune har av det berekna vedlikehaldsbehovet på fylkesvegnettet som har innverknad på berekninga av rammetilskotet, ikkje nivået på fylkesvegkriteriet i seg sjølv. Det betyr at feilen i fylkesvegkriteriet har hatt konsekvensar for alle fylkeskommunar, både for fylke med mange og lange ferjestrekningar og for fylke med få eller ingen ferjesamband.
Departementet legg opp til at fylkeskommunane som har fått for lite i rammetilskot i 2024 som følgje av feilen i fylkesvegkriteriet, får full kompensasjon gjennom skjønnstilskotet. Rammetilskotet til fylkeskommunane som har fått for mykje, vil ikkje bli justert ned i 2024.
Rammetilskotet for 2025 vil på vanleg måte bli berekna med utgangspunkt i oppdaterte grunnlagstal for alle kriteria i kostnadsnøkkelen, inkludert fylkesvegkriteriet, og blir lagt fram i statsbudsjettet for 2025 til hausten. Korrigeringa av feilen i fylkesvegkriteriet vil isolert sett gi eit lågare berekna utgiftsbehov for fylkeskommunar som har fått for mykje gjennom dette kriteriet i 2024. Men grunnlagstala for berekninga av rammetilskotet vil først vere klare til hausten, og det er derfor ikkje mogleg å berekne kva effekt korrigeringa av feilen har for rammeoverføringane til den enkelte fylkeskommune no.