Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1924 (2023-2024)
Innlevert: 30.04.2024
Sendt: 30.04.2024
Besvart: 10.05.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva er samla anslag for dette vegområdet/prosjektet etter regjeringa sine vurderingar, og kor langt har planlegging/prosjektering kome i prosjektet?

Begrunnelse

E39 Solevågseidet- Veibust-Blindhem-Moa i Møre og Romsdal, er av ein eller anna ufatteleg grunn, tatt heilt ut av regjeringa sitt framlegg til ny NTP for dei neste 12 åra.

Dette vegområdet har svært stor ulykkesfrekvens, og har 5 trafikkdrepte og mengder med ulykker berre dei siste tre åra.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa har gjort nokre viktige prioriteringar i St. Meld 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036. Vi ønskjer å ta vare på det vi har, utbetre der vi kan og bygge nytt der vi må. Difor vrir vi ressursbruken mot drift, vedlikehald, fornying og utbetringar. Dette igjen førar til at regjeringa har vore nøydt til å ta nokre tøffe val og konsekvensen er at vi ikkje får til alt vi ønskjer.
Statens vegvesen har per i dag ikkje eit samla oppdatert kostnadsanslag for utbygging av heile strekninga. Prosjektet ligg heller ikkje inne i gjeldande NTP som vart lagt fram av førre regjering, der FrP var støtteparti.
I Nasjonal transportplan 2025–2036 er E39 Veibustkrysset omtalt som eit prosjekt med kostnad under 1 mrd. kr som er aktuell for oppstart første seksårsperiode.