Skriftlig spørsmål fra Mudassar Kapur (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2066 (2023-2024)
Innlevert: 16.05.2024
Sendt: 16.05.2024
Besvart: 27.05.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mudassar Kapur (H)

Spørsmål

Mudassar Kapur (H): Hvor står saken om Småhusplanen og når får Oslo kommune en avklaring fra departementet?

Begrunnelse

I fjor høst vedtok bystyret i Oslo den nye Småhusplanen. Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) fremmet innsigelse og saken ligger nå til behandling hos departementet. Regjeringen har tidligere signalisert at saken har høy prioritet men kommunen har fortsatt ikke fått noen avklaring.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Grunnen til at NVE kom med motsegn er at dei meiner at faren for flaum og kvikkleireskred ikkje er godt nok utgreidd, og at kravet til Risiko- og Sårbarheitsanalyse (ROS) difor ikkje er innfridd i planen. Saka blei sendt frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken til Kommunal- og distriktsdepartementet 13. desember 2023.
I tråd med vanleg praksis i denne type saker, har departementet hatt møte med kommunen, styresmakta som har kome med motsegn, statsforvaltaren og andre departement som har interesse i saka. Dette møtet fann stad 2. februar 2024. Den 25. april 2024 fekk Kommunal- og distriktsdepartementet tilrådinga frå Energidepartementet, som støttar motsegna frå NVE.
Eg er kjend med at mange ventar på departementet sitt vedtak i saka. Saka har høg prioritet i departementet, og eg har som mål å få til ei raskast mogleg avklaring. Eg kan diverre likevel ikkje seie noko sikkert om kva tid vedtaket kjem.