Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Sogn og Fjordane (21 - 40 av 71)
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1570 (2023-2024)

    Innlevert: 17.03.2024

    Sendt: 18.03.2024

    Svart på: 21.03.2024 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Regjeringa har nyleg synt stor handlekraft i å øydelegge natur med høg verneverdi på kysten av Nordfjord i Vestland på tvers av faglege råd, jamfør KDD sitt vedtak i strid med KLD si tilråding om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot i Bremanger. Vil regjeringa snart syne like stor handlekraft i å ta vare på natur med høg verneverdi på kysten av Nordfjord i tråd med både faglege råd og lokale ynskje, jamfør sak som enno ligg til avgjerd i Klima- og miljødepartementet om oppretting av Stad Marine verneområde?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:1468 (2023-2024)

    Innlevert: 07.03.2024

    Sendt: 07.03.2024

    Svart på: 14.03.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Kan statsråden bekrefte at selvstendig næringsdrivende eller andre virksomheter med bare én ansatt vil få unntak fra regelverksendringene 1/1-24 med krav om registrering/godkjenning som bemanningsforetak for å kunne drive med utleie av arbeidskraft, når vil det komme en oppdatert veileder for å rydde opp i misforståelsen, og hva vil statsråden gjøre for å få på plass igjen kontrakter med selvstendig næringsdrivende i enkeltmannsforetak/AS som statlige arbeidsgivere har terminert den siste tiden på grunn av denne misforståelsen?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til energiministeren

    Dokument nr. 15:1435 (2023-2024)

    Innlevert: 04.03.2024

    Sendt: 04.03.2024

    Svart på: 08.03.2024 av energiminister Terje Aasland

    EU skal fram til 2032 gjennomføre ei kjempesatsing på energiøkonomisering og det grøne skiftet for små bedrifter og husstandar med svak økonomi. Verktøyet er eit sosialt klimafond på meir enn 650 milliardar kroner. Noreg har forplikta seg til å betale inn 5,5 mrd. NOK i dette fondet. Kan statsråden gjere greie for om Noreg vil delta fullt ut i dette fondet, slik at små bedrifter og husstandar med svak økonomi kan søke støtte for å gjennomføre tiltak for energiøkonomisering?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:1430 (2023-2024)

    Innlevert: 03.03.2024

    Sendt: 04.03.2024

    Svart på: 11.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Kvifor antyder departementet i vedtaket om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot og utskipingshamn ved Bårdvikneset i Bremanger, noko som vil rasere eit område med den sjeldne naturtypen boreonemoral regnskog, at det er eit argument at aktuell grunneigar ikkje har søkt om frivillig skogvern av området, kan departementet i staden opplyse om korvidt ansvarlege faginstansar for skogvern har ønskt at området blir verna eller ikkje, og kvifor er det ikkje denne faglege vurderinga som er lagt vekt på i vedtaket?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:1428 (2023-2024)

    Innlevert: 03.03.2024

    Sendt: 04.03.2024

    Svart på: 11.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Har departementet i vedtaket om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot og utskipingshamn ved Bårdvikneset kvalitetssikra Bremanger kommune si opplysing om at det finst to andre lokalitetar med den sjeldne naturtypen boreonemoral regnskog i kommunen hos Statsforvaltaren i Vestland, kan departementet utdjupe omgrepet «kjerneområdet for boreonemoral regnskog» og kvifor er det at det aktuelle skogområdet ligg utanfor eit kjerneområde eit argument for å rasere det, i staden for eit argument som skjerpar verneverdien?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1334 (2023-2024)

    Innlevert: 23.02.2024

    Sendt: 23.02.2024

    Svart på: 06.03.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Finansministeren meiner det er «unorsk» og «gift i den norske modellen» å ville fjerne formuesskatten, og at den «bidrar på en god måte til å utjevne forskjeller mellom fattig og rik» (VG, 7/2). Vil finansministeren vurdere å utvide grunnlaget for formuesskatt for landbrukseigedom, slik at også finansministeren gjennom si betydelege formuesplassering i landbrukseigedom som han i dag ikkje betaler formuesskatt på, får høve til å vere med og styrke den norske modellen og utjamne forskjellane mellom fattig og rik endå meir?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:1324 (2023-2024)

    Innlevert: 22.02.2024

    Sendt: 22.02.2024

    Svart på: 04.03.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Vil statsråden gjøre noe med at det nå i offentlige utlysninger med henvisning til nytt innleieregelverk blir gitt beskjed om at leverandører ikke kan tilby konsulenter fra enkeltpersonforetak eller aksjeselskap der innehaver er eneste tilsatte i selskapet?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:1287 (2023-2024)

    Innlevert: 18.02.2024

    Sendt: 19.02.2024

    Svart på: 23.02.2024 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

    Vil Kunnskapsministeren sørge for å utsetje ikraftsetjinga av eit evt påbod om at fylkeskommunen skal fastsetje eit hovudmål for den vidaregåande skulen (ny opplæringslov §15-2) i påvente av ei utgreiing av følgjene dette kan ha for nynorsken, slik eit samla Fylkesutval i Vestland fylkeskommune har bedt om?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:1286 (2023-2024)

    Innlevert: 18.02.2024

    Sendt: 19.02.2024

    Svart på: 23.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Er kommunalministeren enig med Landstinget i KS i at arealnøytralitet bør vere hovedregelen for arealbruk i kommunane ved fortetting i allereie utbygde område og samarbeid om fordeling av funksjonar og infrastruktur på tvers av kommunegrenser, og korleis vil statsråden sørge for at kommunene har kompetanse, verktøy og ressursar til nødvendig arbeid med naturkartlegging, arealrekneskap, arealbudsjett, klimarekneskap og klimabudsjett for at Noreg kan nå forpliktingane i Parisavtalen, Naturavtalen og klimaavtalen med EU?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1208 (2023-2024)

    Innlevert: 10.02.2024

    Sendt: 12.02.2024

    Svart på: 20.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    På spørsmål frå underteikna nylig ville ikkje landbruks- og matministeren svare på om den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem i vårsesjonen 2024 (Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)). Meldinga står heller ikkje på regjeringa si liste til Stortinget over varsla saker i vårsesjonen. I NRK Politisk Kvarter 8/2 sa likevel Fiskeri- og havministeren uoppfordra at stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem «før sommeren». Kan landbruks- og matministeren stadfeste at det er korrekt, og kva er statsrådens definisjon av «før sommeren»?
  • Skriftleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1191 (2023-2024)

    Innlevert: 09.02.2024

    Sendt: 09.02.2024

    Svart på: 16.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Kan statsråden opplyse om kor mykje billegare enn budsjettert dei to prosjekta RV5 Kjøsnestunnelen og E39 Myrmel-Lunde samla sett vart i 2024-kroner, kva meiner statsråden er årsaka til at prosjekta vart billegare, og meiner han det er lærdom i korleis ein har bygd veg i Sunnfjord dei siste ti åra som kan overførast til andre samferdselsprosjekt?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kultur- og likestillingsministeren

    Dokument nr. 15:1149 (2023-2024)

    Innlevert: 06.02.2024

    Sendt: 06.02.2024

    Svart på: 13.02.2024 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

    Nasjonalbiblioteket har fått ansvar for å administrere regjeringa sitt årlege internasjonale Fosseforedrag, etablert for å heidre nobelprisvinnaren Jon Fosse frå Vestland. Det er utlyst ei eiga stilling med ansvar for Fosseforedraget og Fossestipendet, med arbeidsstad Oslo. Kvifor har ikkje regjeringa sørga for å legge stillinga til eit språk- og litteraturfagleg miljø i Bergen/på Vestlandet, og vil det vere mulig for søkarar frå Vestlandet å fjernarbeide derifrå utan å måtte flytte til og ha dagleg fysisk oppmøtestad i Oslo?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1102 (2023-2024)

    Innlevert: 31.01.2024

    Sendt: 01.02.2024

    Svart på: 08.02.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Kva vil statsråden gjere for å sikre at anbodsrunden til Helse Sør-Øst for tverrfagleg spesialisert rusbehandling, der det blir lagt til grunn ny faktureringsmodell, ikkje vil skade kapasiteten og økonomien til ideelle aktørar innan dette helsefeltet?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1079 (2023-2024)

    Innlevert: 31.01.2024

    Sendt: 31.01.2024

    Svart på: 07.02.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Meiner Finansdepartementet framleis at det vil bli 25 000 nye nullskatteytarar i Noreg dersom formuesskatten blir fjerna (jmf. utsegner i NRK Politisk Kvarter 31/1), kva føresetnader byggjer eit evt. slikt tal på - og kva andre justeringar i skattesystemet vil i tilfelle kunne hindre at eit høgt tal personar med høg formue blir nullskatteytarar totalt sett?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)

    Innlevert: 28.01.2024

    Sendt: 29.01.2024

    Svart på: 02.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    Den lenge varsla Dyrevelferdsmeldinga (varsla av regjeringa i desember 2021) står ikkje på den ferske oversikta over proposisjonar og meldingar frå Regjeringa til Stortinget i vårsesjonen 2024 (januar-september). Kan statsråden garantere at Stortinget får Dyrevelferdsmeldinga i tide til at meldinga kan handsamast og vedtakast i 2024, eller risikerer ein no at vi ikkje har ei ferdig politisk dyrevelferdsmelding før i 2025 - fire år etter at regjeringa starta arbeidet og to år etter det Stortinget har bedt regjeringa om?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1054 (2023-2024)

    Innlevert: 28.01.2024

    Sendt: 29.01.2024

    Svart på: 05.02.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Skattetrykket frå formuesskatten har auka kraftig under dagens regjering. Ei av følgjene er at det har blitt ein stadig større konkurranseulempe å vere norsk når det kjem til kjøp og forvalting av næringseigedom og utleigebustader. Har departementet tal som syner den årlege utviklinga i utenlandsk eigarskap av næringseigedom og utleiebustader i Noreg i perioden 2013-2023, både prosentvis og i absolutte tal?
  • Skriftleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1025 (2023-2024)

    Innlevert: 24.01.2024

    Sendt: 25.01.2024

    Svart på: 31.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Viser til svaret til statsråden på skriftleg spørsmål 977, der han ikkje svarer på spørsmålet om timinga av forslaget, som gjer det vanskeleg for næringa å sikre nok materiell til sesongen 2024. Samt få tak i nok sjåførar. Kan eg be om at statståden svarer på korleis han meiner norsk reiseliv og turbussnæringa skal sikre nok kapasitet neste sesong, og om denne konsekvensen av forslaget vart utgreid i forkant?
  • Skriftleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:977 (2023-2024)

    Innlevert: 19.01.2024

    Sendt: 19.01.2024

    Svart på: 23.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Eg viser til regjeringa si innføring av tolkinga av rammene for midlertidig persontransportkabotasje ret før jul m.v. 1.1.24. Dei fleste planane for sesongen 2024 var allereie lagde då Samferdselsdepartementet offentleggjorde si endring. Normalt må nyanskaffingar bestillast seinast august/september for påfølgjande sesong. Samtidig er det stor mangel på bussjåførar. Korleis meiner statsråden norsk reiseliv og turbussnæringa skal sikre nok kapasitet neste sesong, og vart denne konsekvensen av forslaget utgreidd i forkant?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:965 (2023-2024)

    Innlevert: 19.01.2024

    Sendt: 19.01.2024

    Rette vedkommende: Energiministeren

    Svart på: 26.01.2024 av energiminister Terje Aasland

    Kan klima- og miljøministeren gi ei oversikt over kva mediemerksemd vedtaket om leiting etter og utvinning av havbunnsmineral i Noreg har skapt internasjonalt og korleis norsk utanriksteneste vurderer at vedtaket kan påverke Noreg sitt omdømme som «grøn eksportnasjon», er regjeringa enig med EU-kommisjonen i at utvinning av havbunnsmineral ikkje må skje før tilstrekkeleg konsekvensutgreiing og forskning er på plass og kva signal har regjeringa fått direkte frå EU på vedtaket i Stortinget om å opne for havbunnsmineral?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:923 (2023-2024)

    Innlevert: 16.01.2024

    Sendt: 16.01.2024

    Svart på: 24.01.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

    Tine har fått dispensasjon til å bruke «Nyt Norge»-merket på sine yoghurtprodukt sjøl om dei i tida framover vil bli produsert delvis på tysk mjølk. Kva meiner landbruksministeren om ei slik utvatning av Nyt Norge-merkevara, og kva oversikt har departementet over omfanget av andre dispensasjonar som i framtida må bli innvilga til andre produsentar for andre produkt delvis produsert på utanlandske råvarer, av omsyn til prinsipp om likebehandling?