Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Jonas Gahr Støre (A) og statsminister Erna Solberg (H) under spørjetimen. Foto: Stortinget.

Parlamentarismen i dag

I Noreg har vi eit parlamentarisk styresett. Regjeringa er ansvarleg overfor Stortinget og må ha tillit frå Stortinget for å kunna styra.

Gjennombrotet for parlamentarismen i Noreg kom i 1884, men fyrst i februar 2007 vart styresettet grunnlovsfesta. Då kom sentrale parlamentariske prinsipp inn i Grunnlova. Døme er:

  • Regjeringa har opplysingsplikt overfor Stortinget.
  • Regjeringa pliktar å søkja avskil etter mistillitsvotum.

Før 2007 bygde parlamentarismen på sedvane. Konstitusjonell sedvanerett er reglar som stendig har vore fylgde, slik at dei etter kvart er vortne oppfatta som rettsleg forpliktande.

Les om parlamentarismens historie.

Negativ parlamentarisme

I Noreg praktiserer vi såkalla negativ parlamentarisme: Regjeringa sit til ho vert felt av Stortinget. Regjeringa kan òg sjølv velja å gå av etter å ha fått redusert støtte etter eit stortingsval.

Les meir om stortingsval.

Somme har teke til orde for å innføra ei ordning med innsetjingsvedtak – investitur – der eit fleirtal i parlamentet uttrykkjer tillit til regjeringa før ho tiltrer, men det har ikkje fått gjennomslag.

Mistillitsframlegg og kabinettsspørsmål

Både Stortinget og regjeringa har pressmiddel som kan nyttast mot den andre parten. Stortinget kan fremja mistillitsframlegg mot regjeringa, medan regjeringa kan stilla kabinettsspørsmål til Stortinget. Desse politiske verkemidla vert sjeldan nytta, men er potensielle pressmiddel.

Mistillitsframlegg vert fremja av og for Stortinget. Dersom det vert vedteke, inneber det eit mistillitsvotum; ei uttale der stortingsfleirtalet uttrykkjer mistillit til regjeringa eller til ein statsråd, som dermed må gå av. Dersom éin einskild statsråd får eit mistillitsvotum mot seg, kan regjeringa velja å stilla seg solidarisk med denne, og i så fall går heile regjeringa av ved tapt votum. Den siste regjeringa som måtte gå av på grunn av mistillit, var Gerhardsen-regjeringa i 1963. Regjeringa vart felt som fylgje av Kings Bay-ulukka på Svalbard.

Les meir om Kings Bay-saka.
 
Dersom ei regjering stiller kabinettsspørsmål på ei sak, tyder det at ho vil gå av om stortingsvedtaket går imot regjeringa. Sagt på ein annan måte prøver regjeringa å pressa Stortinget til å vedta framlegget frå regjeringa. Det skjedde sist i 2000, då Bondevik I-regjeringa vart felt på eit kabinettsspørsmål om gasskraftutbygging. Kabinettsspørsmålet vart røysta ned og regjeringa laut difor gå av.

Sjå oversikt over mistillitsframlegg og kabinettsspørsmål.

Fleirtalsparlamentarisme og kontroll

Førre regjeringa, Stoltenberg II, hadde fleirtal på Stortinget. Samarbeidet mellom Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet heldt i to heile stortingsperiodar, og regjeringa sat trygt heilt til ho gjekk av etter valnederlag i 2013.

Ein fleirtalssituasjon inneber i praksis at posisjonen til regjeringa vert styrkt samanlikna med Stortinget. Det vil likevel ikkje seia at Stortinget ikkje har makt. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er å kontrollera regjeringa, og det skjer uavhengig av om regjeringa har fleirtal eller ikkje.

Stortinget fører kontroll på mange ulike måtar og gjennom ulike kontrollorgan: 

  • kontroll- og konstitusjonskomiteen
  • opne kontrollhøyringar
  • spørsmål
  • riksrett
  • eksterne organ
  • parlamentariske granskingskommisjonar

Les meir om kontrollverksemda.

Historia viser at fleirtalsregjeringar i stor grad lyder til opposisjonen. Endå om Arbeidarpartiet hadde reint fleirtal på Stortinget frå 1945 til 1961, fekk opposisjonen gjort fleire endringar i framlegga frå regjeringa. Einar Gerhardsen skreiv i memoarboka si «I medgang og motgang. Erindringer 1955–65» (Tiden Norsk Forlag 1972, side 60:):

«Som regel vil Stortinget, både av politiske og praktiske grunner, i store trekk følge regjeringens opplegg. Dette betyr ikke at Stortinget har liten reell innvirkning. De som tror det, tar feil. Enhver regjering vil allerede under arbeidet med de forskjellige sakene måtte tenke på Stortinget og dets holdning.»

Ikkje oppløysingsrett

Mindretalsregjeringar står alltid i fare for å møta stor motstand i parlamentet, og parlamentet kan koma til å stilla mistillitsframlegg mot regjeringa.

I dei fleste land med parlamentarisk styresett har regjeringa rett til å oppløysa parlamentet og skriva ut nyval. Dersom det er konflikt mellom regjeringa og parlamentet, kan dette vera eit verkemiddel regjeringa nyttar med von om at det nye parlamentet skal gje regjeringa meir støtte.

Ein annan variant er å lata parlamentet, eller regjeringa med samtykke frå parlamentet, ha oppløysingsrett. I Noreg har korkje regjeringa eller Stortinget oppløysingsrett. Samansetnaden i Stortinget vert einast endra ved stortingsval kvart fjerde år.

Sist oppdatert: 21.01.2022 15:46
: