Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget
sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd av
30. juli 1999.
EØS-komiteen vedtok da å endre
Protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege
område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet
vert utvida til å omfatte handlingsplanen for å fremje
sikrare bruk av Internett. Norsk omsetjing av EØS-komitéavgjerd
nr. 99/1999 av 30. juli 1999 og europaparlaments- og rådsvedtak
276/1999/EF av 25. januar 1999 følgjer som
trykte vedlegg til proposisjonen.
Norsk deltaking i handlingsplanen til EU for å fremje sikrare
bruk av Internett inneber ei folkerettsleg plikt for Noreg til å medverke økonomisk
til programmet.
Handlingsplanen gjer framlegg om reguleringar
av innhaldet på Internett (ikkje av audiovisuelle medium generelt),
og skiping av eit rammeverk for sikrare bruk av Internett. Det vert
lagt opp til at det skal finne stad ei sjølvregulering
i industrien gjennom filtrering, klassifisiering og opplysning.
Handlingsplanen har eit samla budsjett på 25 mill. euro
(om lag 207,5 mill. kroner), og inneheld følgjande hovudprosjekt:
– Skiping
av eit europeisk nett av direkteliner (tipsliner). Nettverket skal
gje brukarane høve til å melde frå om
innhald eller bruk som dei oppdagar gjennom sin eigen bruk av Internett,
og som det er rimeleg grunn til å tru er ulovleg.
– Utvikling av bruk av innhaldsfiltrerings-
og klassifiseringssystem. Desse innretningane skal gje Internett-brukarar
som har eit ansvar for andre brukarar, eller bibliotekarar og nettverksadministratorar
høve til å avgjere kva innhald dei ønskjer
at dei personane som dei er ansvarlege for, skal ha tilgang til.
– Opplysningsaktivitetar. Føremålet
med opplysnigsaktivitetane er å oppmuntre til
bruk av Internett-tenester i heimar og skular ved å syte
for at foreldre og lærarar får mindre grunn til å uroe
seg over at det finst ulovleg og skadeleg innhald. Opplysningsaktivitetane
skal gjennomførast i to etappar. I den første
skal det identifiserast eigna kanalar. Vidare skal det utarbeidast
underlagsmateriale som skal tilpassast språklege og kulturelle
særpreg. I den andre etappen skal dei eigentlege opplysningsaktivitetane
gjennomførast i heile Europa.
– Støttetiltak for å kunne
vurdere juridiske spørsmål. Føremålet
er å sikre at dei røynslene som vert gjorde gjennom
bruken av gjeldande reglar, t.d. om lovval og lovbrot, vert evaluerte.
– Tilrettelegging for internasjonalt
samarbeid på dei førnemnde områda.
Handlingsplanen er gjengitt i vedlegg 2 i proposisjonen.
Bruken av Internett i Noreg er omfattande, det
er dermed lagt til rette for at Noreg også i framtida skal
vere blant dei leiande informasjons- og kommunikasjonslanda. Det
er eit ønskje at Noreg skal vere i fremste rekkje når
det gjeld Internett-kommunikasjon, samstundes er det viktig å leggje
vekt på ein medviten kurs når det gjeld dei samfunnsmessige
sidene ved utviklinga av Internett.
Utgangspunktet til Regjeringa når det
gjeld Internett-politikken er at dei same samfunnsmessige målsetjingane
gjeld for Internett som for andre medie- og kommunikasjonsområde.
Regjeringa ønskjer eit fruktbart klima for utvikling av
nye tenester og eit effektivt vern av mindreårige. Føresetnaden
for eit fruktbart klima er at ein tek hand om ulovleg og skadeleg
innhald, sjølv om dette utgjer ein avgrensa del av det
innhaldet som vert formidla via Internett. Ved å skape
sikrare rammer vil Regjeringa samstundes kjempe mot ulovleg og skadeleg
innhald og førebyggje at Internett vert nytta som distribusjonskanal
for kriminelle.
Dei politiske målsetjingane i handlingsplanen
er difor i tråd med norske interesser som omfattar vern
av einskildmenneske, næringsliv, organisasjonar og det offentlege.
Det er til føremon for alle at det vert skipa rammevilkår
for sikrare bruk av Internett. Deltakinga i handlingsplanen til
EU fell difor inn som ein naturleg del av den norske politikken
for vidareutvikling av Noreg som eit informasjons- og kommunikasjonsland, og
vert vurdert som føremålstenleg for alle dei partane som
det gjeld, og særleg for forbrukarane.
Saka har vore lagd fram for dei departementa
som er med på finansieringa av handlingsplanen. Det har
ikkje vore nokon merknader.
Etter Kulturdepartementet sitt syn bør
Noreg delta i handlingsprogrammet fordi det er føremålstenleg
med globalt og regionalt arbeid for å kjempe mot ulovleg
og skadeleg innhald på Internett. Problemet er av internasjonal
karakter, og Noreg har små høve til å gripe
inn utanfor sitt eige jurisdiksjonsområde. Nasjonale tiltak, medrekna
utvikling av sjølvregulerings- og overvakingsmekanismar,
vil kunne få betre verknad dersom det vert skipa ei viss
form for samordning og smarbeid på internasjonalt og europeisk
plan.
Gjennom handlingsplanen til EU vil næringsliv,
innbyggjarar og samfunnet elles kunne få ei betre forståing
av kva framtidsutsikter og utfordringar som er knytte til Internett,
og såleis medverke til auka verdiskaping.
Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.
Det samla budsjettet for handlingsplanen er
25 mill. euro over fire år, som tilsvarar om lag 207,5
mill. kroner for perioden 1999-2002.
Den norske delen av kostnadene for den operasjonelle
delen av budsjettet vil vere om lag 4 mill. kroner, eller om lag
1 mill. kroner per år. I tillegg må Noreg betale
tilskot til administrative kostnader på om lag 277 000
kroner i 1999, og dessutan kostnader til ein nasjonal ekspert.
Det samla norske tilskotet er venta å vere
på om lag 8 mill. kroner i dei åra planen gjeld.
I 1999 vil kostnadene verte fordelte over budsjetta
til Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Barne- og familiedepartementet,
Justisdepartementet, Kulturdepartementet, Kyrkje-, undervisnings-
og forskingsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet
og Samferdselsdepartementet. Ein tek sikte på ei tilsvarande
budsjettinndekking for åra 2000-2002.
Deltakinga i programmet får ikkje nemnande
administrative konsekvensar. Det er heller ikkje naudsynt med lov-
eller forskriftsendringar.
Komiteen sitt utkast
til innstilling blei 21. oktober 1999 sendt til Utenrikskomiteen
for merknader. I brev av 27. oktober frå Utenrikskomiteen
heiter det:
«Under henvisning til komiteens brev av
21. oktober 1999 meddeles herved at utenrikskomiteen ikke har merknader
til nevnte utkast til innstilling.»
Komiteen har elles
ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer til godkjenning av EØS-komitéavgjerd
nr. 99/1999 av 30. juli 1999 om endring av Protokoll 31
til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking
i den fireårige handlingsplanen til EU for å fremje
sikrare bruk av Internett, jf. St.prp. nr. 98 (1998-1999).
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 28. oktober 1999
May-Helen Molvær Grimstad
leiar |
Trond Helleland
ordførar |
Grethe G. Fossum
sekretær |