Justis- og beredskapsdepartementet ber i proposisjonen
om samtykkje frå Stortinget til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen
11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG)
del II om avtaleinngåing. Det vises til eigen innstilling om vedtak
om samtykkje til avtalen. I denne innstillinga behandlas lovsaken.
Departementet gjer framlegg om å gjennomføre CISG
del II i norsk rett ved ei blankettføresegn i kjøpsloven der det
blir slått fast at konvensjonen skal gjelde som norsk lov. I samband
med dette føreslår departementet at heile CISG blir gjennomført
som norsk lov ved inkorporasjon. CISG er, med unnatak av del II,
etter gjeldande rett gjennomført i norsk rett ved transformasjon. CISG
er dermed omsett, om systematisert og i nokon grad fortolka inn
i ein konsolidert norsk lovtekst (kjøpsloven) som gjeld både for
nasjonale og internasjonale kjøp. I kjøpsloven er det gitt somme
unnatak og særføresegner for internasjonale kjøp. Dersom konvensjonen
fullt ut blir gjennomført ved inkorporasjon, fell behovet for desse
særreglane bort, og departementet føreslår at dei blir oppheva.
Lovforslaga i proposisjonen har ikkje noko å seie
for nasjonale lausøyrekjøp eller kontraktar om lausøyrekjøp der
begge partane har forretningsstad i dei nordiske landa. Dei nordiske
landa reserverte seg då dei slutta seg til CISG, mot at konvensjonen
skal gjelde for nordiske kjøp, og det er ikkje aktuelt å trekkje
denne reservasjonen. Ei anna sak er at det kan vere naudsynt å klårgjere
at denne reservasjonen òg skal gjelde for reglane i konvensjonen
om avtaleinngåing. Lovforslaga har heller ikkje verknad for forbrukarkjøp,
sal på auksjon, sal ved tvangsfullbyrding eller etter lovpåbod,
kjøp av aksjar, verdipapir, omsetningspapir eller pengar eller kjøp
av skip, fartøy, luftputefartøy, luftfartøy eller elektrisitet.
Slike kjøp fell utanfor området konvensjonen gjeld for.
Reglane om avtaleinngåing er neppe i seg sjølve av
stor praktisk betyding for partane i internasjonale lausøyrekjøpsforhold.
Dessutan er det ikkje vesentlege reelle skilnader mellom reglane
i CISG del II og avtaleloven kapittel 1. Framlegget kan likevel
ha ein viss positiv effekt ved å redusere transaksjonskostnadene
i samband med internasjonale lausøyrekjøp. Det forenklar rettskjeldebildet
ved at reglane for avtaleinngåing vil bli dei same uavhengig av
om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som
skal leggjast til grunn. Lovvalsreglane får dermed ei meir underordna
rolle. Vidare kan det at Noreg får reglar for avtaleinngåing i internasjonale
lausøyrekjøpsforhold som svarar til dei reglane fleirtalet av handelsstatar
opererer med i dag, vere positivt ut frå handels- og næringsomsyn.
Framlegget om å gjennomføre CISG ved inkorporasjon framfor transformasjon
vil vidare i seg sjølv vere egna til å forenkle rettskjeldesituasjonen,
òg med omsyn til dei delane av konvensjonen som allereie er gjennomførte
i norsk rett, ettersom partane då kan halde seg direkte til originalteksten
i konvensjonen uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller
ein annan konvensjonsstat som skal nyttast.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, lederen Hadia Tajik og Lene Vågslid,
fra Høyre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og
Anders B. Werp, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf
Leirstein, fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og fra
Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til Prop. 158 LS (2012–2013)
hvor det både fremmes forslag til lovvedtak og stortingsvedtak.
I denne innstillingen behandles kun lovvedtaket. Det vises til egen innstilling
om stortingsvedtaket.
Komiteen har ingen merknader
til de foreslåtte endringene i kjøpsloven og avtaleloven.
Komiteens utkast til innstilling
ble 26. november 2013 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til
uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen opplyste i brev av 4. desember
2013 at de sluttet seg til justiskomiteens innstilling, og ikke
hadde ytterligere merknader.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i kjøpsloven og avtaleloven
I
I lov 13. mai 1988 nr. 27 om kjøp blir det gjort følgjande
endringar:
§ 5 skal lyde:
§ 5 Internasjonalt kjøp
For kjøp som er omfattet av virkeområdet for FN-konvensjonen
11. april 1980 om kontrakter for internasjonale løsørekjøp, gjelder
lovens kapittel XV. Dette gjelder ikke kjøp der selgeren har forretningsstedet
i Norge, Danmark, Finland, Island eller Sverige og kjøperen har
forretningsstedet i et annet av disse landene (nordisk kjøp).
§ 26 andre punktum blir oppheva.
§ 27 fjerde ledd andre punktum blir oppheva.
§ 40 andre ledd andre punktum blir oppheva.
§ 41 fjerde ledd skal lyde:
(4) For tredjemannskrav som bygger på immaterialrett
gjelder reglene i første ledd tilsvarende.
§ 54 fjerde ledd andre punktum blir oppheva.
§ 66 andre ledd andre punktum blir oppheva.
§ 70 overskrifta skal lyde:
§ 70 Plikt til å begrense tap.
Lemping av ansvaret
§ 70 tredje ledd blir oppheva.
§ 85 tredje ledd tredje punktum blir oppheva.
Kapittel XV overskrifta skal lyde:
Kapittel XV. Internasjonalt kjøp.
§ 87 skal lyde:
§ 87 FN-konvensjonen om internasjonale
løsørekjøp
FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontrakter for
internasjonale løsørekjøp gjelder som norsk lov.
§§ 88 til 99 blir oppheva.
Noverande § 100 blir § 88 i kapittel XVI.
II
I lov 31. mai 1918 nr. 4 om avslutning av avtaler, om
fuldmagt og om ugyldige viljeserklæringer skal i kapittel 1 ny §
9 a lyde:
§ 9 a. Paragrafene 1
til 9 får ikke anvendelse på inngåelse av kjøpsavtaler som omfattes
av kjøpsloven kapittel XV.
III
Oslo, i justiskomiteen, den 10. desember 2013
Hadia Tajik
|
Kari Henriksen
|
leder
|
ordfører
|