Budsjettsyklusen
Frå arbeidet med statsbudsjettet startar i departementa til Riksrevisjonens revisjon av statsbudsjettet vert handsama i Stortinget, går det om lag 3 1/2 år. Men tida frå Stortinget mottek framlegget til budsjett og til endelege budsjettvedtak vert gjorde, er særs knapp. Stortinget har om lag 2 1/2 månad på dette arbeidet, og arbeidet med budsjettet pregar difor heile haustsesjonen.
Tidsplan for budsjettarbeidet
( t= budsjettåret )
Budsjettet frå regjeringa til Stortinget | |
---|---|
Fagproposisjonane i statsråd | midten av september (t-1) |
Gul bok (Prop. 1 S) i statsråd | kring 20 sept. (t-1) |
Stats- og nasjonalbudsjettet vart lagt fram for Stortinget | innan seks dagar etter opninga av Stortinget i oktober (t-1) |
Siste frist for framlegging av tilleggsproposisjonar | 10. november (t-1) |
Arbeid med statsbudsjettet i Stortinget | |
Finanskomiteen kjem med innstilling om fordelinga av inntekter og utgifter på dei einskilde politikkområda («rammeområde») | innan 20. november (t-1) |
Stortinget vedtek fordelinga på rammeområda | innan 27. november (t-1) |
Innstillingane frå dei andre komiteane vert handsama, det vert gjort endeleg budsjettvedtak | innan 15. desember (t-1) |
Revidert nasjonalbudsjett og tilleggsproposisjonar for 1. halvår | |
Revidert nasjonalbudsjett (stortingsmelding, samleproposisjon og lovproposisjon) vert fremja for Stortinget | innan 15. mai (t) |
Finanskomiteen kjem med innstilling om revidert nasjonalbudsjett | seinast andre fredag i juni (t) |
Budsjett- og lovendringar vert vedtekne i Stortinget | innan utgangen av sesjonen (t) |
Nysaldering og tilleggsproposisjonar for 2. halvår | |
Omgrupperingsproposisjonane frå det einskilde fagdepartement vert lagde fram | 1. halvdel av november (t) |
Nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet vert lagd fram | byrjinga av desember (t) |
Nysaldert budsjett vert vedteke | kring 20. desember (t) |
Statsrekneskapen | |
Statsrekneskapen vert lagd fram | mars/april (t+1) |
Stortingsmeldinga om statsrekneskapen vert vedlagd protokollen | innan utgangen av sesjonen (t+1) |
Rapporten frå Riksrevisjonen om merknader til statsrekneskapen vert handsama | vårsesjonen (t+2) |
Sist oppdatert: 23.09.2022 15:41