I Stortingets møte 6. juni 2013 ble det gjort slikt
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres
følgende endringer:
§ 31 skal lyde:
§ 31 Rett for barnet til å vere med på avgjerd
Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne
synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet
har å seie før dei tek avgjerd om personlege forhold for
barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor
gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet
bur hos eller som har med barnet å gjere.
Eit barn som er fylt sju år, og yngre barn som
er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon
og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd
om personlege forhold for barnet, mellom anna om
foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samvær. Meininga til
barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Når barnet
er fylt 12 år, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.
§ 43 tredje ledd skal lyde:
Det kan i avtale eller i dom setjast vilkår for samvær. Dersom
tilsyn blir sett som vilkår, kan retten utpeike ein person som skal
føre tilsyn under samværet, eller be foreldra gjere det. Den av
foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene til tiltaka som
er sett som vilkår for samvær etter denne føresegna.
Ny § 43 a skal lyde:
§ 43 a Samvær under tilsyn av offentleg oppnemnt person
Dersom tilsyn blir sett som vilkår for samværet, kan
retten i særlege høve og der omsynet til barnet sine behov talar
for det, påleggje kommunal barnevernsteneste eller departementet
å oppnemne ein person som skal føre tilsyn under samvær. Retten
kan gje pålegg om beskytta tilsyn eller støtta tilsyn.
Pålegget skal fastsetje dei nødvendige vilkåra
for samværet, under dette timetalet og avgrensa varigheit.
Den kommunale barnevernstenesta oppnemner dei
personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved pålegg om
beskytta tilsyn. Departementet oppnemner dei personane som skal
føre tilsyn, og følgjer opp saka ved støtta tilsyn.
Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn
ei konkret vurdering frå den kommunale barnevernstenesta eller departementet
om korleis pålegget kan gjennomførast.
Eit pålegg kan følgje av ein dom, ei førebels
avgjerd etter § 60 eller av eit rettsforlik. Dom og førebels avgjerd
skal retten grunngi som nemnt i tvisteloven § 19-6. Om rettsavgjerda
blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for føremålet
med tilsynet og behovet til barnet.
Det offentlege dekkjer kostnadene til tiltaka
etter denne føresegna.
Den som skal oppnemnast til å føre tilsynet etter andre
ledd, skal leggje fram tilfredsstillande politiattest som nemnt
i politiregisterloven § 39 første ledd.
Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegner
om mellom anna oppnemning av personar som skal føre tilsynet, utøvinga
av tilsynet, godtgjering, rapportering og kravet om politiattest.
§ 60 første ledd nytt fjerde punktum skal lyde:
Etter krav frå ein part skal retten i alle høve
ta førebels avgjerd dersom det er ein risiko for at barnet blir
utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller
psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.
§ 61 første ledd nr. 1 første punktum skal lyde:
§ 61 første ledd nr. 3, 4 og 5 skal lyde:
3. Der det trengst, bør retten oppnemne
sakkunnig til å uttale seg om eitt eller fleire av spørsmåla som
saka reiser. Der det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus
eller psykisk liding og saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst på anna
måte, kan retten oppnemne ein sakkunnig.
4. Dommaren kan gjennomføre samtalar med barnet, jf. §
31. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til
å hjelpe seg, eller la ein sakkunnig ha samtale med barnet aleine. Der barnet
har formidla meininga si, skal dommaren eller den dommaren peiker
ut orientere barnet om utfallet av saka og korleis meininga til
barnet har blitt teke omsyn til.
5. Retten kan i særlege høve, mellom anna når
det er grunn til å tru at barnet er utsett for vald eller på anna
vis blir handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir
utsett for skade eller fare, oppnemne ein advokat eller
annan representant til å ta vare på interessene til barnet i samband med
søksmålet. Den som er oppnemnd, kan samtale med barnet og skal gje
slik informasjon og støtte som er naturleg. Advokaten eller representanten
skal få saksdokumenta. Han kan kome med framlegg om handsaminga
av saka og skriftleg eller i rettsmøte gje råd om korleis sakshandsaminga
best kan ta vare på interessene til barnet. Retten avgjer om og
eventuelt kor lenge han skal vere til stades under rettsmøta i saka.
Når advokaten eller representanten er til stades i rettsmøta, kan
han stille spørsmål til partar og vitne.
§ 61 andre ledd første punktum skal lyde:
Staten ber kostnadene til dei tiltaka som er nemnde i første
stykket nr. 1, 2, 3, 4, 5 og 7.
Ny § 61 a skal lyde:
§ 61 a Fritak for teieplikt for barnevernstenesta
Barnevernstenesta kan uhindra av teieplikta etter barnevernloven
§ 6-7 gi opplysningar til domstolen i sak om foreldreansvar, kvar
barnet skal bu fast og samvær.
§ 65 andre ledd skal lyde:
Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot
etter tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Det skal ikkje
fastsetjast tvangsbot dersom oppfyllinga av samværsretten er umogleg,
mellom anna der det er ein risiko for at barnet blir utsett for
vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske
helsa blir utsett for skade eller fare. Tingretten kan
fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar
gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen
eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Første stykket andre,
tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i verk
dei einskilde føresegnene til ulik tid.
Dag Terje Andersen |
president |