Stortinget og Europaparlamentet har sidan 1982 hatt
årleg besøksutveksling. I samband med forhandlingane om norsk EU-medlemskap,
vart det i 1993 oppretta ein felles parlamentarisk komité mellom
Stortinget og Europaparlamentet, jf. Innst. S. nr. 146 (1992–93).
Etter drøfting med Europaparlamentet var det semje om at Europaparlamentet
og Stortinget skulle ha 12 medlemmar kvar i komiteen.
Då Noreg sa nei til EU-medlemskap i 1994, mista
komiteen sin status som felleskomité. Det var da semje om å gå tilbake
til ordninga frå 1982 med årlege møte. Europaparlamentet har i dag ein
delegasjon med ansvar for kontakten med Sveits, Island, Noreg og
EØS (SINEEA). SINEEA-delegasjonen har no 17 medlemmar og like mange
varamedlemmar. Det er medlemmar frå denne delegasjonen som møter
Stortingets delegasjon på dei årlege bilaterale møta.
I 1993 vart det bestemt at medlemmane til delegasjonen
skulle veljast frå den dåverande utanriks- og konstitusjonskomiteen
og at varamedlemmar skulle veljast frå den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen.
Etter endringar i komitéstrukturen har dei 12 medlemmane blitt valde
frå utanrikskomiteen og frå 2009 frå utanriks- og forsvarskomiteen.
12 varamedlemmar er blitt valde uavhengig av denne komiteen, jf.
Innst. 25 S (2013-2014).
Møta mellom Europaparlamentet og Stortinget finn
stad årleg i Oslo eller Brussel. Når møta finn stad i Brussel blir
dei som regel kombinerte med andre møter som er relevante for heile
utanriks- og forsvarskomiteen. For deltaking på det bilaterale møtet
med Europaparlamentet, har det ikkje vore skild mellom medlemmar
av utanriks- og forsvarskomiteen som er valde til delegasjonen og
andre. Medlemmar av komiteen som ikkje er valde til delegasjonen,
har dermed delteke på møta. Varamedlemmane til delegasjonen har
ikkje delteke sjølv om ikkje alle dei 12 valde medlemmane har hatt
høve til å delta.
Presidentskapet vil derfor tilrå
å endre samansettinga i delegasjonen for å spegle praksis. Det vil
medføre at alle medlemmane av utanriks- og forsvarskomiteen også
er medlemmar av delegasjonen og at det ikkje blir vald varamedlemmar
til delegasjonen.