Konferanse om EUs utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk

Presidentane i parlamenta til EU-landa vedtok i april 2012 å oppretta ein fast konferanse med ansvar for demokratisk kontroll av EUs utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk.

EU-flagget.
EU-flagget.

Medlemmene i delegasjonen

Stortinget kan delta med inntil fire representantar og har oppretta ein fast delegasjon med fire medlemmer og fire varamedlemmer. Leiar og nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen er faste medlemmer i delegasjonen.

Sjå oversikt over medlemmene i delegasjonen

Kontaktinformasjon

Sekretariatsfunksjonen for Konferanse om EUs utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk blir teken hand om av internasjonal avdeling.

E-post: postmottak.internasjonal@stortinget.no

Om konferansen om EUs utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk 

EU oppretta i 2012 ein fast interparlamentarisk konferanse med ansvar for parlamentarisk kontroll av EUs felles utanriks- og tryggingspolitikk (CFSP) og EUs felles tryggleiks- og forsvarspolitikk (CSDP). 
 
Konferansen blir halden kvart halvår i landet som har EU-formannskapet. Medlemmer av utanrikskomiteane og forsvarskomiteane i dei 28 medlemslanda i EU og dessutan frå Europaparlamentet deltek på konferansen. Kandidatland til EU, og europeiske Nato-land som ikkje er medlemmer av EU, har fast observatørstatus. Stortinget har derfor observatørstatus til konferansen. 
 
Stortinget deltek med fire representantar og har oppretta ein fast delegasjon med fire medlemmer og fire varamedlemmer. Medlemmene i delegasjonen blir utpeika frå utanriks- og forsvarskomiteen. 
 
Det at Stortinget er med på denne konferansen gir ein føreseieleg og styrkt norsk kontakt med EU. Det er viktig at norske parlamentarikarar kan delta i diskusjonar med EU-landa på dette politikkområdet. Konferansen er ein god arena for å framføra politiske bodskapar, og dessutan ein viktig lyttepost for å få innsikt i europeisk tryggingspolitisk tenking. Noreg deltek i det europeiske forsvarsmateriellsamarbeidet (EDA) og i EUs forsvarsfond, og dessutan i EU-leidde krisehandteringsoperasjonar. 
 

Aktuelt

Velg å se:
Komitémedlemmer
Verv Navn Parti
Medlem Tybring-Gjedde, Christian Uav
Medlem Søreide, Ine Eriksen H
Varamedlem Moxnes, Bjørnar R
Varamedlem Foshaug, Nils-Ole A
Varamedlem Fiskaa, Ingrid SV
Varamedlem Elvenes, Hårek H
Medlem Aukrust, Åsmund A
Medlem Arnstad, Marit Sp