Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Framstegspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Trond Lode, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til at lovfesting av den redaksjonelle fridomen har vore eit aktuelt tema i lengre tid, jf. m.a. NOU 1995:3, St.meld. nr. 18 (1996-1997) og St.meld. nr. 57 (2000-2001). Komiteen merkar seg at departementet har justert det noverande lovframlegget etter at sentrale høyringsinstansar var svært negative til framlegget slik det låg føre under første høyringsrunde, og at framlegget som no ligg føre, tek omsyn til denne kritikken. Komiteen er nøgd med dette. Komiteen merkar seg vidare at lovframlegget etter departementet si vurdering ikkje er i strid med gjeldande § 100 i Grunnlova.

Komiteen vil vidare vise til at Redaktørplakaten per i dag har stor gjennomslagskraft som avtalerettsleg instrument, og at prinsippet om redaksjonell fridom er slått fast eller føresett i ulike sær- og lovreglar. Prinsippet om redaksjonell fridom er også slått fast i sedvane og praksis i mange europeiske land, sjølv om det ikkje er lovfesta.

Behovet for lovfesting av prinsippet om redaksjonell fridom

Komiteen er einig med departementet i at det er gode grunnar for å lovfeste prinsippet om redaksjonell fridom. Komiteen merkar seg at alle høyringsinstansane som har uttalt seg om behovet for lovfesting av redaksjonell fridom, stør dette i prinsippet, og at fleire peiker på at det ligg monaleg lovgivingskraft i det å få forankra dette prinsippet i lovverket. Samtidig merkar komiteen seg m.a. uttalen frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Norsk Redaktørforening (NR) om at framlegget bør vera første ledd i arbeidet med å få på plass ein breiare medieansvarslov, som også er betre oppdatert andsynes den teknologiske utviklinga, og særleg i høve til elektroniske medium.

Verkeområde for ein lov om redaksjonell fridom

Komiteen meiner det var rett av departementet å utvide lovframlegget med omsyn til kva type medium som skal omfattast av lova etter kritikken som kom i første høyringsrunde, og er tilfreds med at forslaget no også omfattar store deler av veke- og fagpressa. Lova vil med dette omfatte dagsaviser og andre periodiske publikasjonar som driv journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt. Tilsvarande avgrensing vil også gjerast gjeldande for elektroniske medium med same føremål. Etter komiteen si meining er det viktig at denne avgrensinga ikkje vert tolka innskrenkande, m.a. jf. diskusjonen knytt til redaktøransvaret i høve til elektroniske medium.

Komiteen legg til grunn at ein etter ei tid vil evaluere lova for å sjå om innretninga er tilfredsstillande - særleg i høve til elektroniske medium - eller om det er behov for justeringar.

Komiteen vil i denne samanhengen framheve at det er naudsynt med ei avklaring på spørsmålet om redaktøren sitt ansvar i høve til uredigerte nettdebattar, og vil be departementet kome tilbake med ei vurdering av dette så snart som mogleg.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, merkar seg diskusjonen knytt til redaktøransvaret for ein open kanal i det digitale bakkenettet, og at departementet meiner at lovforslaget ikkje vil hindre konsesjonæren frå å legge redaktøransvaret på den einskilde produsenten eller programskaparen i nettverket - såkalla sjølvstendig redaktøransvar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker seg diskusjonen knyttet til redaktøransvaret for en åpen kanal i det digitale bakkenettet, og mener det må legges til grunn at også en åpen kanal i det digitale bakkenettet må ha en redaktør som har det overordnede redaktøransvaret. Disse medlemmer mener det vil være svært uoversiktlig og vanskelig for den enkelte fjernsynsseer og samfunnet å forholde seg til et situasjon der programsegmenter på kanskje ned til 5-10 minutter har en selvstendig redaktør.

Komiteen merkar seg vidare diskusjonen knytt til rekkjevidda av det lovmessige vernet og ser at det mellom anna kan vere uklart kva som vert definert som "redaksjonelle spørsmål". Komiteen er einig med departementet i at det ikkje er mogleg å skissere heilt presise rammer for den redaksjonelle fridomen, men at Redaktørplakaten vil kunne gi rettleiing med omsyn til den nærmare rekkjevidda for redaktørens avgjerdsmakt etter lova.

Lovfesting av plikta til å ha redaktør

Komiteen merkar seg at ingen av høyringsinstansane går uttrykkeleg mot å lovfeste plikta til å ha redaktør for alle medium som er omfatta av lova, men at fleire høyringsinstansar meiner det vil vere formålstenleg å ta inn ein definisjon av omgrepet "redaktør" i lovteksten. Komiteen er einig i dette og stør departementet sine vurderingar.

Tilsyn og sanksjonar

Komiteen meiner at det ikkje er naudsynt å skipe eit eige organ for å føre tilsyn med reglane i lova, og viser til omtala i proposisjonen. Komiteen legg til grunn at ein vil vurdere om det er behov for nye sanksjonsreglar når lova etter ei tid skal evaluerast, jf. ovanfor.