Innstilling fra justiskomiteen om endringar i offentleglova

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Justisdepartementet legg fram eit framlegg om endringar i offentleglova. Framlegget går ut på å innføre høve til å gjere unntak frå innsyn for to nye kategoriar informasjon. For det fyrste skal det etter framlegget kunne gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og liknande identifikasjonsnummer. For det andre skal det kunne gjerast unntak for lønnsoppgåver dersom innsyn i bruttoutbetalingane vert gjeve på annan måte.

Kjennskap til ein person sitt fødselsnummer er ofte ein føresetnad for såkalla identitetstjuveri, der personar mellom anna har henta ut andre sin post og oppretta abonnement og skipa gjeld i andre sitt namn, og kan gje tilgang til personleg informasjon om andre. Sjølv om det i desse tilfella ofte er tale om ein ukritisk bruk av fødselsnummer som legitimasjon eller til anna som det ikkje er skikka for, ser Justisdepartementet eit klart behov for å kunne gjere unntak frå retten til innsyn for fødselsnummer. På den andre sida har fødselsnummer ein sentral funksjon med å identifisere enkeltmenneske, som må kunne nyttast av både private og offentlege aktørar. Slike nummer kan såleis ikkje generelt vere omfatta av teieplikt. Departementet går difor inn for å innføre ein heimel i offentleglova for å gjere unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon. Det er ikkje noko ved omsyna og føremåla bak innsynsretten som tilseier at det må vere rett til innsyn i opplysningar om fødselsnummer.

I den seinare tida er det sett fram nokre omfattande krav om innsyn i lønnsoppgåver i det offentlege. Innsynskrava har synt at innsyn i slike dokument medfører mange og til dels vanskelege og usik-re vurderingar av kva det skal gjerast unntak for på grunn av teieplikta. I tillegg kjem at det er mykje arbeid knytt til klargjering av oppgåvene for innsyn. Samstundes er det klart at det er stor offentleg interesse knytt til korleis det offentlege disponerer over fellesskapsmidlane. Etter Justisdepartementet si vurdering bør det difor kunne gjerast unntak frå innsyn for lønnsoppgåver dersom forvaltninga gjev innsyn i bruttolønna og andre godtgjeringar på annan måte. Føremåla bak innsynsretten gjer seg i liten grad gjeldande for dei opplysningane som såleis fell utanfor innsynsretten. Unntaket skal omfatte både dei oppgåvene arbeidstakarane får ved kvar lønnsutbetaling og årsoppgåver o.l. som viser utbetalingar, trekk osv. over eit lengre tidsrom.

Framlegget gjeld mindre endringar som ikkje rokkar ved dei vesentlege elementa i innsynsretten. Av omsyn særleg til at det den siste tida er sett fram omfattande innsynskrav som set problema med innsyn i fødselsnummer og lønnsoppgåver på spissen, har departementet sett det naudsynt å fremje framlegget utan at det har vore på alminneleg høyring.

Framlegget vil medføre at krav om innsyn i lønnsoppgåver kan handsamast på enklare og raskare vis enn i dag. Dei ressursane som utarbeiding av oversikter over bruttolønn og andre bruttogodtgjeringar vil krevje, vil normalt vere små samanlikna med dei innsparingane framlegget fører med seg.

Det nye unntakshøvet for fødselsnummer vil ikkje ha nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Tore Hagebekken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til forslaget hvor regjeringen foreslår at det gjøres endringer i offentlighetsloven. Regjeringen fremmer forslag om at det kan gjøres unntak fra offentlighetsloven når det gjelder innsyn for fødselsnummer og lignende identifikasjonsnummer samt lønnsoppgaver. Det skal fortsatt være åpent for innsyn i bruttolønnsutbetalinger og andre godtgjørelser. Komiteen viser til at regjeringen begrunner forslaget med at det har vært en økning i antall identitetstyverier og behovet for en bedre avgrensning av hva som anses som personlige opplysninger. I tillegg har det økte antallet begjæringer om innsyn ført til mange vanskelige avgrensningsmessige avveininger. Regjeringen viser også til at det i de senere år har blitt en markant økning i antall innsynsbegjæringer, noe som har medført økt arbeidsbelastning for forvaltningen.

Komiteen er enig med regjeringen i at økningen i identitetstyverier er bekymringsfull og at en noe mer restriktiv praksis i innsyn i slike opplysninger kan bidra til at offentlige organer ikke sprer slike opplysninger unødvendig. Komiteen mener videre at innsyn i bruttolønnsutbetalinger og andre godtgjørelser vil være god nok informasjon for dem som søker informasjon om lønnsbetingelser.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i offentleglova

I

I lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd blir det gjort følgjande endringar:

§ 25 overskrifta skal lyde:

Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m.

§ 25 nytt fjerde ledd skal lyde:

Det kan gjerast unntak frå innsyn for skriftleg oppgåve over utrekna lønn eller liknande godtgjering, utrekningsgrunnlag for feriepengar og trekk som blir gjorde ved utbetalinga. Unntaket i første punktum omfattar ikkje opplysningar om bruttoutbetalingar. Innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar kan givast ved oppstilling av opplysningane i eit anna dokument.

§ 26 overskrifta skal lyde:

Unntak for eksamensdokument, forskings-opplysningar og fødselsnummer m.m.

§ 26 nytt femte ledd skal lyde:

Det kan gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.

II

Lova tek til å gjelde straks.

Oslo, i justiskomiteen, den 22. november 2011

Per Sandberg

Hans Frode Kielland Asmyhr

leder

ordfører