Presidenten: Første taler er Pål Kårbø, som skal ha ordet i stedet for sakens ordfører, Ivar Østberg, som er medlem av Lagtinget.
Pål Kårbø (KrF): Denne saka om endring i samelova er eigentleg ei lita sak, men likevel viktig for dei det gjeld. Det dreier seg om å gjera ei endring i lov av 29. juni 1933 nr. 2, om flagging på kommunenes offentlige bygninger.
Det samiske flagget vart godkjent av den 13. nordiske samekonferansen i Åre 15. august 1986. Det samiske flagget er eit samlande symbol for samar på tvers av landegrensene og blir i dag brukt m.a. av sametinga i Noreg, Sverige og Finland, av fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar, nokre statlege institusjonar og i privat samanheng. Flagget blir brukt ved offisielle nasjonale flaggdagar, samiske flaggdagar og ved andre høgtidelege høve.
Det har vore nedsett ei arbeidsgruppe, samansett av fire representantar frå Sametinget, Utanriksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet, som har utarbeidd rapporten «Bruk av det samiske flagget». Denne vart levert 15. juli 2001. Rapporten har vore send ut til 165 høyringsinstansar, m.a. Sametinget, kommunar, fylkeskommunar og samiske organisasjonar. Alle høyringsinstitusjonane stør framlegget frå arbeidsgruppa om å heimla bruken av det samiske flagget i lovverket. Det same gjeld framlegget om å formalisera bruken av flagget i eit eige regelverk.
Eit fleirtal i kommunalkomiteen, alle med unnatak av Framstegspartiet, er difor positiv til Regjeringa sine varsla lovendringar i forhold til bruken av det samiske flagget – dette med bakgrunn i at det i dag ikkje eksisterer retningslinjer for bruken av dette flagget, bortsett frå mellombels reglar frå Utanriksdepartement for rangering av det samiske flagget i forhold til andre flagg.
Fleirtalet viser vidare til at dette lovendringsframlegget ikkje medfører spesielle eller auka utgifter, heller ikkje nye krav og pålegg til kommunar og fylkeskommunar.
På vegner av fleirtalet i kommunalkomiteen vil eg difor rå Odelstinget til å vedta dei foreslåtte lovendringane.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.
(Votering, se side 429)
Votering i sak nr. 2
Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre
slikt vedtak til
lov
om endring i samelova m.m.
I
I lov 29. juni 1933 nr. 2 om flagging
på kommunenes offentlige bygninger skal I første
ledd lyde:
På eller fra kommunenes
offentlige bygninger og eiendommer eller bygninger
og eiendommer som for den vesentligste del benyttes av kommunale
institusjoner, må kun benyttes det i lov av 10. desember
1898 § 1 omhandlede flagg (uten splitt og tunge), det samiske flagget eller av
Kongen godkjent by-, herreds- eller fylkesflagg.
II
I lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget
og andre samiske rettsforhold (samelova) skal ny § 1-6
lyde:
1-6 Det
samiske flagget
Det samiske flagget er
flagget godkjent av den 13. nordiske samekonferansen 15. august
1986.
Sametinget kan ved forskrift
gi nærmere bestemmelser om bruken av det samiske flagget.
III
Denne lova trer i kraft straks.
Presidenten: Presidenten har forstått
det slik at Fremskrittspartiet vil
stemme imot.
Votering:
Komiteens innstilling bifaltes med 53 mot 11 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 15.21.40)Presidenten: Det voteres over lovens overskrift
og loven i sin helhet.
Presidenten antar at Fremskrittspartiet også her
vil stemme imot.
Voteringstavlene viste at det
var avgitt 44 stemmer for lovens overskrift og loven i sin helhet
og 11 stemmer imot.(Voteringsutskrift kl. 15.22.05)Presidenten: Presidenten foreslår
at vi tar voteringen om igjen. Presidenten ber om at alle
trykker på knappen.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes med 54 mot
11 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 15.22.29)Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt
Lagtinget.