Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 18. november 2004 kl. 10

Dato:
President: Inge Lønning

Sak nr. 2

Interpellasjon fra representanten Magnhild Meltveit Kleppa til samferdselsministeren:
«Ferjer er vegen for mange lokalsamfunn langs heile kysten. God regularitet, høg frekvens og kapasitet i forhold til behovet er avgjerande viktig for næringsliv og innbyggjarar. Berre i Rogaland er det ni heilårs ferjesamband. 45 000 personbileiningar stod over minst ei ferje i Boknafjordsambandet dei ni første månadene i år. I Tau-sambandet er det stor uro grunna låg frekvens. I sommar vart det på to dagar fem-seks timars ventetid i to samband på Ryfylkevegen. Reserveferje var ikkje å oppdriva. Bak alle desse døma løyner det seg daudtid og høge meirkostnader for varetransport og pendlarar, samt mykje undring, irritasjon og frustrasjon hos reisande. Frå andre fylke kan nemnast liknande døme. Ut frå Regjeringa sine eigne dokument synest Regjeringa si forståing for ferjefylka å vera minimal.
Er Regjeringa sin strategi berre konkurranseutsetjing, nedbemanning og nedklassifisering, eller finst det tankar om ei høgst naudsynt styrking?»

Talere