Stortinget - Møte fredag den 17. desember 2004 kl. 10.13

Dato: 17.12.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 88 (2004-2005), jf. St.prp. nr. 30 (2004-2005))

Sak nr. 1

Innstilling frå samferdselskomiteen om utbygging og finansiering av Rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy-Hundvåkøy) i Hordaland

Talere

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Etter ønske fra samferdselskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe.

Videre vil presidenten foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker etter det enkelte innlegg, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Jorunn Ringstad (Sp) [10:17:12]: (ordførar for saka): Utbygging av Austevollsbrua i Hordaland er ei sak med ei lang historie. Midt på 1990-talet vart den første søknaden om bompengefinansiering lagd fram. Sidan prosjektet på det tidspunktet ikkje var fullfinansiert, vart ikkje denne første bompengesøknaden – og heller ikkje ein seinare – godkjend.

Først i dag er vi framme ved den politiske slutthandsaminga av saka. Mange ulike element er inne i biletet for å få til fullfinansiering. Dette er bl.a. den andre ferjeavløysingssaka Stortinget handsamar. For Austevollsbrua er innsparde kapitalkostnader og ferjetilskott ein viktig del av finansieringa. Dette viser at opning for å bruke ferjeavløysingsmidlar er den toppfinansieringa som skal til for å kunne løyse viktige samferdsleprosjekt i ferjedistrikt.

I finansieringa går elles både Austevoll Kraftlag og Austevoll kommune inn med midlar. Men heilt avgjerande for finansieringsopplegget er den innsatsen som innbyggjarane i Austevoll sjølve står for. Folk i Austevoll strekkjer seg langt både med å akseptere det nye ferjeopplegget og også med å medverke til at ein stor del av finansieringa er bompengar.

Alle desse ulike postane i finansieringa gjer at det trengst lite ordinære statlege midlar, og det er dette som til saman har løyst finansieringsopplegget.

Med bygging av dette prosjektet blir ca. 97 pst. av innbyggjarane i Austevoll kommune bundne saman med fast vegsamband. Dette vil vere av stor verdi for næringslivet i kommunen. Det vil leggje til rette for større bu- og arbeidsmarknadsområde. Når dei interne kommunikasjonane blir betre, vil det også bli betre vilkår for kulturlivet, lag og organisasjonar.

For Austevoll kommune vil dette vere ein fordel ved tilrettelegging av det kommunale tenestetilbodet. Med betre interne kommunikasjonar vil det bli lettare å organisere eit godt tenestetilbod, og det vil kunne bli eit billigare opplegg enn tidlegare.

Det er faktisk vanskeleg å trekkje fram særleg anna enn positive effektar av dette prosjektet. At heile komiteen går inn for Austevollsbrua, må kunne takast som eit signal om at dette er eit prosjekt med stor positiv gevinst. Eg er glad for at eit stort fleirtal i komiteen, alle bortsett frå Framstegspartiet, også støttar det framlagde finansieringsopplegget. Eg har lyst til å streke under at det faktisk er bompengedelen saman med alle dei andre bitane som gjer at dette prosjektet kan fullfinansierast og startast så snart alle vedtaka er gjorde, og det siste vedtaket blir gjort her i dag.

Eg er svært tilfreds med å tilrå innstillinga frå fleirtalet.

Øyvind Halleraker (H) [10:20:32]: Dette er en stor dag for folk i Austevoll. Nok en gang er vi vitne til at lokalsamfunn og trafikanter løfter sammen for å realisere det som skulle vært en statlig oppgave – bygging av riksveger. Vi er vitne til idealistiske mennesker som er med på å bygge samfunnet, og som får ting gjort. Vestlendingene er vant til dette. Gjennom 50 år med bompengeprosjekter er det blitt realisert brukerfinansierte veger, bruer og tunneler, ofte uten statlig medvirkning til finansieringen i det hele tatt. Utallige prosjekter, med nøkterne prognoser, er blitt nedbetalt i god tid og åpnet for fri ferdsel uten bompenger eller ferjebetaling.

Saksordføreren redegjorde godt for Austevollsbrua. Her er det 60 pst. brukermedvirkning, og bare 5 pst. av finansieringen er ordinære statlige midler.

Det er en spesiell merkedag i Austevoll, denne driftige kommunen med havet som nærmeste nabo, fordi alle de større øyene nå får fast vegsamband. Med det aktive næringslivet som er i denne kommunen, som særlig utmerker seg innenfor moderne fiskeri og oppdrett, vil dette bety en enklere hverdag, selvsagt også for folk flest.

Det er en gledens dag for oss også, fordi vi som beslutningsmyndighet får være med på å realisere en gammel drøm, sette kronen på verket med den siste av de fire store bruene i Austevoll. Derigjennom får vi være med på å bidra til ny optimisme og vekst. Austevollingene vil nå kunne ferdes fritt innen egen kommune, uten ferjeforsinkelser, ventetid, nattestengt og ikke minst dyr overfart.

Litt vemodig er det likevel at ikke ordfører Inge Storebø, som gikk bort så altfor tidlig, fikk oppleve denne dagen. Han arbeidet, i likhet med sine etterfølgere, målbevisst fram mot den dagen da de store øyene i kommunen skulle få fast vegforbindelse. Men kommende generasjoner vil få glede av pågangsmotet og storverket deres, med Bakkasundbrua, Stolmabrua, Storekalsøybrua og nå Austevollsbrua.

Dette er en stor dag og en skikkelig julegave til folk i Austevoll.

Thore A. Nistad (FrP) [10:23:48]: Jeg vil på vegne av Fremskrittspartiet legge fram følgende forslag:

«1. Bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån på inntil 190 mill. kroner til å forskuttere bygging av Rv 546 Austevollsbrua.

2. Finansdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet om tilbakebetaling av beløpet gjennom optisk registrering av passeringer av kjøretøy etter at prosjektet er ferdigstilt.»

Her har lokalsamfunnet gjennom tilskudd fra kommunen og kraftlaget lagt sammen hele 77 mill. kr. I tillegg vil staten spare ferjesubsidier når sambandet går fra to til én ferje. Fremskrittspartiet er av den mening at lokalsamfunnets bidrag er stort, og at staten derfor skal betale tilbake bompenger gjennom statlig bidrag gjennom en optisk registrering av de passerte kjøretøyer.

Til slutt antar jeg at samferdselsministeren og hennes stab sender en jule- og nyttårshilsen til alle bilister i dette landet, for neste år vil vi sannsynligvis passere 50 milliarder kr i bidrag til statskassen fra oss skatteflådde bilister.

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) [10:25:22]: I dag går flagga til topps i Austevoll – og det er det all grunn til. Med det vedtaket som Stortinget gjer i dag, er det klart for bygging av Austevollsbrua. Byggjestart er tidleg neste år, og ferdiggjering seint i 2007 eller tidleg i 2008.

Austevollsbrua er det siste av bruprosjekta som knyter det aller meste av øykommunen Austevoll saman. No vert ca. 97 pst. av innbyggjarane i Austevoll knytte saman med fast vegsamband. For mange austevollingar er dette eit eventyr som er i ferd med å verta verkeleg. Det er ein draum som er i ferd med å verta oppfylt.

Lokalt er det stor tru på og store forventningar til Austevollsbrua. Brua gjev mange fortrinn – offentleg tenestetilbod, næringsutvikling og bu- og arbeidsmarknad osb. Brua gjer alt lettare.

Men Austevollsbrua får positive konsekvensar langt utover kommunegrensa. Med eit framtidsretta, sterkt og mangfaldig næringsliv og med ein kreativitet som mange kan misunna dei, spelar Austevoll og austevollingane i elitedivisjonen når det gjeld næringsutvikling, vekst og utvikling. Austevollsbrua vert såleis viktig også for fylkeskommunen, for vestlandsregionen og for nasjonen.

I Kristeleg Folkeparti gler me oss over at Austevollsbrua endeleg kan realiserast. I arbeidet med dette prosjektet er det rett å lyfta fram eit svært godt samarbeid med lokale krefter. Med det finansieringsopplegget som no ligg føre, kan prosjektet realiserast raskare enn det som elles hadde vore mogleg. Lokale krefter har medverka sterkt til å lyfta fram eit prosjekt som dei har tru på. Kreative løysingar er utvikla for å få dette til. Bompengeselskapet og lokale styresmakter har arbeidd fram ei finansieringsløysing med relativt små ordinære statlege løyvingar. I finansieringsopplegget ligg det inne innsparte ferjetilskot, bompengar og lokale tilskot i tillegg til ordinære statlege midlar.

Alle nødvendige kommunale og fylkeskommunale vedtak er no på plass. I dag kjem òg det nødvendige stortingsvedtaket. No er me klare for siste etappe – realisering av Austevollsbrua. Også for oss i Kristeleg Folkeparti er dette ein stor dag.

Presidenten: De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Ingmar Ljones (KrF) [10:28:31]: Det har vore overlag interessant å følgja prosessen med å få realisert prosjektet Austevollsbrua. Første gongen vi fekk presentert bruprosjektet, og ikkje minst den kreative finansieringsplanen, blei det i etterkant av møtet sagt: Her tek nok austevollingane seg vatn over hovudet. I dag blir denne utsegna gjord ettertrykkeleg til skamme. Folket der vest toler nok å få litt vatn over hovudet utan at dei tek skade av det. Folk i Austevoll har fram gjennom tidene jamt hatt nært møte med havet og naturkreftene, og dei er blitt vande til å ta utfordringar og tunge lyft, både i konkret og overført tyding. Eg er imponert over det målmedvetne arbeidet som er gjort lokalt, for å leggja grunnlaget for vedtaket i dag.

Lokale krefter har greidd å bera fram dette prosjektet som dei har hatt så sterk tru på. Bompengeselskapet og dei lokale styresmaktene har arbeidd fram ei finansieringsløysing som inneber små statlege midlar. I tillegg til statlege midlar og innsparte ferjesubsidiar skal pengane hentast lokalt og regionalt.

Vi i Kristeleg Folkeparti er glade for at det er Samarbeidsregjeringa som legg fram denne saka, og for at vi får vera med på å gjera vedtak om Austevollsbrua i dag.

Eg vil nytta høvet til å gi kompliment til folket i Austevoll og til næringslivet i regionen for det utrøyttelege arbeidet dei har gjort for å realisera bruprosjektet. Dei har ikkje berre stilt krav til sentrale styresmakter, dei har stilt opp sjølve og vist at dei vil ta ansvar for å vidareutvikla øysamfunnet og regionen. Eg vil gratulera folket der vest med dagen, og eg ser fram til den dagen bruspennet kan knyta innbyggjarane endå tettare saman.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

(Votering, se side 1293)

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten har Thore A. Nistad satt fram et forslag på vegne av Fremskrittspartiet. Forslaget lyder:

  • «1. Bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån på inntil 190 mill. kroner til å forskuttere bygging av Rv 546 Austevollsbrua.

  • 2. Finansdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet om tilbakebetaling av beløpet gjennom optisk registrering av passeringer av kjøretøy etter at prosjektet er ferdigstilt.»

Det vil bli votert alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykkjer i at:

  • 1. Bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån til å forskottere bygginga av Rv 546 Austevollsbrua og til å krevje inn bompenger til delvis bompengefinansiering av utbygginga etter vilkåra i St.prp. nr. 30 (2004-2005) og Innst. S. nr. 88 (2004-2005).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Avtalen må vere underskriven før innkrevjinga startar.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet bifaltes innstillingen med 83 mot 16 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 12.20.40)