Thore A. Nistad (FrP) [11:51:40]: Jeg vil få
lov til å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Ifølge Oppland Arbeiderblad har Arbeidstilsynet for
Indre Østland vurdert å stenge rv. 33 Gjøvik-Minnesund
pga. fare for yrkessjåførene. Veien er i ferd med å synke
på ytre side mot Mjøsa, og dette fører til at tungtransporten
i sterk grad blir dratt mot autovernet/skråningen. På sikt vil
deler av veien rase ut.
Statsråden er sikkert allerede kjent
med saken, men hva slags tiltak vil statsråden sette i verk?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [11:52:11]: Det er rett at Arbeidstilsynet
uformelt har stilt Statens vegvesen spørsmål om tryggleiken
for tunge køyrety på rv. 33 mellom Minnesund og Gjøvik,
og spesielt på strekninga gjennom Byrudberga i Eidsvoll kommune. Grunnen
til dette er setningar i vegbana og smal køyrebane, som gjer det
vanskeleg å køyre der, spesielt for tunge køyrety.
Statens vegvesen har svart Arbeidstilsynet at dei er klar over desse
forholda, men at dei ikkje vurderer det som naudsynt å stengje vegen
for tunge køyrety. Dei vil likevel gjennomføre strakstiltak
for å betre forholda, ved å innføre mellombels redusert
fartsgrense og utbetre dei verste setningsskadane med asfaltmassar.
Ei nyleg gjennomførd synfaring med ingeniørgeolog viser
at det er rørsle i vegfundamentet forbi Byrudberga, slik at det må
gjennomførast eit større forsterkingsarbeid på denne
strekninga i løpet av få år. Statens vegvesen vil difor
no setje i gang eit planarbeid med sikte på å få innpassa
eit forsterkingsprosjekt for rv. 33 i handlingsprogrammet for 2010-2013. Dette
vil sjølvsagt avhenge av at òg fylket prioriterer vegen i
samband med Nasjonal transportplan 2010-2019.
Thore A. Nistad (FrP) [11:53:28]: Jeg er veldig
godt fornøyd med at statsråden har grepet tak i det. Nå
sier hun at det er fra 2010. Fortsatt er jeg fornøyd med det, selv
om det ligger lite grann fram i tid.
Oppland har jo vært av
de verste fylkene når det gjelder ulykkesstatistikken - det var på
topp i fjor - og dessverre er statistikken for i år også ille.
Her er veien eksepsjonelt dårlig. Kan statsråden framskynde
dette? Og hvor stort vil eventuelt dette forsterkningsprosjektet være?
Vil det være slik at to trailere på en lett måte kan møtes
i dette området?
Statsråd
Liv Signe Navarsete [11:54:16]: Eg har ikkje den fulle
oversikta her no over kvar i Oppland ein har hatt dødsulukker i år,
men viss me ser på erfaringane frå tidlegare, både i Oppland
og i andre fylke, er det ikkje på dei smale og svingete vegane dødsulukkene
skjer. Dei skjer oftast på dei gode vegane. For det er farten som
dessverre oftast drep, og farten vert høgare dess betre vegen vert.
Det er eit paradoks som me dessverre ser. Og det er kanskje éin grunn
til at ein del vestlandsfylke ligg lågt på ulukkesstatistikken,
for vegane er så dårlege og smale at ein ikkje kan køyre
fortare.
Når det gjeld utforminga av vegen, sa eg i hovudsvaret
mitt at ein skal no i gang med eit planleggingsarbeid. Difor har eg ikkje
svar på det spørsmålet no. Det må arbeidet som
Statens vegvesen skal utføre, gi svar på. Men me vil gi rom
for at Statens vegvesen skal kunne setje i gang eit slikt planarbeid.
Thore A. Nistad (FrP) [11:55:18]: Jeg er veldig fornøyd med statsråden - for en gangs skyld,
holdt jeg på å si. - Ja, jeg synes det er positivt at statsråden
ville ta tak i det - jeg synes det.
Samtidig som rv. 33 raser ut,
har jo også fundamentet for Gjøvikbanen rast ut. Gjøvikbanen
var da stengt en stund. Så det er helt klart at fundamentet for både
jernbane og vei er dårlig i Oppland.
Samtidig er det ikke farten
som skaper ulykkene i Oppland. Ser vi på E16, er jo den så smal
at to trailere ikke kan møtes. Der er det enormt med ulykker, og
det fortsetter også inn i dette året, dessverre. Så jeg
lurer på om statsråden vil revurdere lite grann den oppfatningen
at det ikke er farten som gjør det i Oppland - men det kan være
at det er slik i andre fylker.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:15]: Det er
heilt klart fleire årsakssamanhengar når ulukker skjer. Det
er viktig å presisere det.
Når det gjeld E16, reiser
jo samferdsleministeren dann og vann langs den vegen. Det er ikkje lenge
sia eg køyrde heim langs E16, og eg må nok seie at eg vert
litt uroa over trafikkulturen. Som statsråd - og elles òg -
prøver eg å halde fartsgrensene. Det var det ikkje mange andre
som gjorde den fredagsettermiddagen. Der eg køyrde i 80 og litt over,
køyrde veldig mange i langt over 100, etter det eg kunne bedømme.
Så farten greier ein å få opp òg på E16,
sjølv om vegen er i ein tilstand som gjer at ein ikkje burde køyre
i den farten.
Det er vel kombinasjonen av ein veg som ikkje er eigna
til den farten, og at mange likevel hastar for å kome raskt fram,
som gjer at vegen er ulukkesutsett. Det er klart at den vegen er ein av
dei som me no vurderer i Nasjonal transportplan-samanheng, for utbetring.
Presidenten: Dermed er dagens kart ferdighandsama. - Møtet
er heva.