Stortinget - Møte tirsdag den 8. februar 2022

Dato: 08.02.2022
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 52 L (2021–2022), jf. Prop. 226 L (2020–2021))

Søk

Innhold

Sak nr. 6 [14:10:57]

Innstilling fra justiskomiteen om Endringer i lov om Schengen informasjonssystem (SIS-loven) mv. (Innst. 52 L (2021–2022), jf. Prop. 226 L (2020–2021))

Talere

Odd Harald Hovland (A) [] (ordførar for sakene): Først vil eg takke justiskomiteen for godt samarbeid. Me behandlar i dag to proposisjonar som gjeld Schengen informasjonssystem, forkorta SIS, og det er ein samla komité som legg fram innstilling i begge sakene.

SIS er eit stort informasjonssystem som understøttar samarbeidet mellom politi og grenskontrollmyndigheiter i deira arbeid. Systemet er ein føresetnad for Schengen-deltaking, og Noreg har vore ein del av systemet sidan me gjekk inn i Schengen i 2001. I november 2018 vart det vedteke tre nye rettsaktar om SIS, og desse vert behandla i Prop. 230 S for 2020–2021, med Innst. 132 S for 2021–2022.

Nødvendige lovendringar som følgje av forordningane vert behandla i Prop. 226 L for 2020–2021, med Innst. 52 L for 2021–2022, som me no behandlar samtidig.

Rettsaktene inneber i det vesentlege ei vidareføring av allereie gjeldande rett, men bruksområdet for systemet vert utvida, og det vert opna for at det kan leggjast fleire opplysningar inn i systemet enn det som er mogleg i dag. Vedtak om retur av tredjestatsborgarar utan lovleg opphald skal i framtida registrerast i SIS. Dette inneber eit nytt bruksområde for systemet.

I dag kan personar verte etterlyste for å bringe på det reine kor dei oppheld seg, eller for å vareta dei av omsyn til eigen sikkerheit. Dette vert no utvida til at òg enkelte personar som ikkje er sakna, kan verte registrerte. Barn som risikerer å verte bortførte eller å verte offer for menneskehandel, tvangsekteskap eller kjønnslemlesting, kan verte registrerte for å forhindre utreise. Det same gjeld barn som risikerer å verte involverte eller å verte offer for terrorrelaterte aktivitetar, verte rekrutterte til væpna grupper eller verte involverte i kamphandlingar. Sårbare personar som har ein risiko for å verte utsette for menneskehandel eller kjønnsbasert vald, skal i framtida òg kunne registrerast med sikte på å hindre utreise, føresett at nasjonale reglar tillèt slike tiltak.

Grensekryssande tjuveri og falskneri skal kjempast imot meir effektivt ved at det vert opna for å registrere fleire stolne eller forfalska gjenstandar enn det som er mogleg i dag.

Rettsaktene gjev òg skjerpa krav til medlemsstatane ved at det heretter skal leggjast inn melding i SIS på personar som har innreiseforbod. Dette har til no ikkje vore obligatorisk. Det vert òg opna for at fleire opplysningar om personar skal kunne registrerast til nærmare angjevne formål, bl.a. avtrykk av handflater, DNA og ansiktsbiometri. Fingeravtrykk av ukjente personar skal kunne leggast inn med sikte på identifisering, f.eks. fingeravtrykk frå ein åstad som ein antek tilhøyrer ein antatt gjerningsmann.

Gjennomføringa av rettsaktene krev lovendringar og inneber økonomiske konsekvensar både for investeringar og drift. Godtaking av forordningane vert også vurdert å vere ei sak av særleg stor viktigheit. Stortingets samtykke til godtaking av rettsaktene er difor nødvendig etter Grunnloven § 26 annet ledd.

Gjennomføring av forordningane nødvendiggjer endringar i lov av 16. juli 1999 om Schengen informasjonssystem. Det er òg behov for enkelte endringar i politiregisterloven og i utlendingsloven. Endringsforslaga som følgje av forordningane er som nemnt omtalt i Prop. 226 L.

Komiteen viser til at SIS er ein sentral del av Schengen-samarbeidet og antakeleg det viktigaste internasjonale informasjonssystemet som politiet har. Dei nye rettsaktene vidareutviklar samarbeidet på område som dreier seg om grensekontroll, politi og retur og vil kunne gje eit viktig bidrag til å styrkje kampen mot grensekryssande kriminalitet, beskytte sårbare personar samt å motverke illegal migrasjon.

Komiteen legg då fram og tilrår altså godtaking av forordningane. Det skal òg nemnast at komiteens innstilling er send utanriks- og forsvarskomiteen. Utanriks- og forsvarskomiteen har slutta seg til justiskomiteens utkast til innstilling, og elles hadde komiteen ingen merknadar.

Når det gjeld Prop. 226 L og innstillinga om endringar i SIS-loven mv., inneber dette at dagens ordning, der SIS-loven gjev ei uttømmande regulering av alle forhold knytt til den norske delen av SIS, ikkje vert føreslått vidareført. Ein føreslår i staden at rettsaktene vert inkorporerte i SIS-loven ved at dei vert gjevne status som lov, samtidig som den grunnleggjande oppbygginga i SIS-loven vert behalden. I tillegg vert det gjort mindre endringar i utlendingsloven og i politiregisterloven.

Komiteen tilrår at lovendringane vert gjorde, og det er ein samla komité som tilrår det til Stortinget.

Statsråd Emilie Mehl []: Stortinget behandler i dag lovproposisjonen om endringer i SIS-loven og stortingsproposisjonen om godtakelse av de tre nye SIS-forordningene. Schengen informasjonssystem, SIS, er en sentral del av Schengen-samarbeidet og er antagelig det viktigste internasjonale informasjonssystemet politiet har. De nye rettsaktene vil videreutvikle samarbeidet på viktige områder som dreier seg om grensekontroll, politi og retur. Rettsaktene vil kunne gi et viktig bidrag til å styrke kampen mot grensekryssende kriminalitet, beskytte sårbare personer samt motvirke illegal migrasjon. Endringene kan gi mer effektiv etterforskning og økt oppklaring av alvorlige straffesaker hos politiet og bedre saksbehandling hos utlendingsmyndighetene.

Regjeringen vil bidra til et forsterket justispolitisk samarbeid i Europa for bedre å kunne bekjempe digital og annen grensekryssende kriminalitet. I den forbindelse er SIS et helt sentralt verktøy.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sakene nr. 5 og 6.

Votering, se voteringskapittel