Stortinget - Møte torsdag den 20. april 2023

Dato: 20.04.2023
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 274 S (2022–2023), jf. Prop. 35 S (2022–2023))

Søk

Innhold

Sak nr. 8 [13:29:46]

Innstilling fra justiskomiteen om Samtykke til ratifikasjon av tilleggsprotokoll av 19. mai 2015 til Europarådets konvensjon om forebygging av terrorisme (Innst. 274 S (2022–2023), jf. Prop. 35 S (2022–2023))

Talere

Odd Harald Hovland (A) [] (ordførar for saka): Eg vil takke komiteen for godt samarbeid i saka, kor komiteen legg fram ei samla innstilling.

Bakgrunnen for saka var det aukande antalet framandkrigarar som reiste til Syria og Irak for å slutte seg til terrorgrupper. Det førte til at FNs tryggingsråd 24. september 2014 vedtok resolusjon 2178. Resolusjonen pålegg FNs medlemsstatar forpliktingar om førebygging av terrorisme med grenseoverskridande konsekvensar og å gjennomføre tiltak for å stanse framandkrigarar på veg ut frå medlemsstatane sitt territorium.

I Europarådets regi vart det framforhandla ein tilleggsprotokoll av 22. oktober 2015 til Europarådets konvensjon om førebygging av terrorisme av 16. mai 2005. Tilleggsprotokollen vart underteikna i Riga og vert difor kalla Rigaprotokollen.

Europarådskonvensjonen av 16. mai 2005 om førebygging av terrorisme vart ratifisert av Noreg 1. februar 2010. Konvensjonen har som formål å auke statspartane sin innsats for å førebyggje terrorisme og dei negative verknadene det har for menneskerettane, særleg retten til liv.

Rigaprotokollen er altså ein tilleggsprotokoll til Europarådskonvensjonen. Protokollen vart underteikna av Noreg 22. oktober 2015 og tredde i kraft 1. juli 2017, då den var ratifisert av seks statar, kor fire av desse var medlemsstatar i Europarådet. Per 24. november 2022 er protokollen ratifisert av 26 statar og underteikna av ytterlegare 16 statar.

For å oppfylle dei folkerettslege forpliktingane etter Rigaprotokollen har det vore nødvendig med endringar i straffeloven. Dei nødvendige lovendringane vart vedtekne i lov nr. 50 av 21. juni 2019, med iverksetjing 1. juli 2019.

Rigaprotokollen byggjer altså på Tryggingsrådets resolusjon 2178 og skal styrkje statane sine moglegheiter til å forhindre at framandkrigarar reiser til utlandet for å utføre terrorhandlingar.

Det er vurdert som viktig at Noreg følgjer opp internasjonale forpliktingar, inkludert Tryggingsrådets resolusjon 2178, og at det viser at Noreg står saman med det internasjonale samfunnet i kampen mot terrorisme. Det vert antatt at protokollen ikkje vil medføre nemnande administrative eller økonomiske konsekvensar. Protokollen vert antatt å vere ei sak av særleg stor viktigheit, slik at Stortingets samtykke til ratifikasjon er nødvendig i medhald av Grunnloven § 26 andre ledd.

Justiskomiteen har lagt fram ei førebels innstilling for utanriks- og forsvarskomiteen som viser til justiskomiteens utkast til innstilling i saka, og har elles ikkje nokon merknader.

Tilrådinga vert som sagt fremja av ein samla komité, og rår altså Stortinget til å samtykke i ratifikasjon av tilleggsprotokollen.

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.

Votering, se tirsdag 25. april