Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Gå til voteringsoversikten

Det ble votert over:

Innstilling:

  • Komiteens tilråding

    om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

    § 1 Formål

    Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortførte til utlandet og å førebyggje slik bortføring.

    § 2 Kva lova gjeld

    Lova gjeld for saker om bortføring av barn til utlandet.

    Eit barn skal reknast for bortført dersom det til vanleg er busett i Noreg, men er teke med til, eller vert halde tilbake i, eit anna land i strid med reglane i barnelova om foreldreansvaret. Det er også eit vilkår at

    a. departementet handsamar saka som ei bortføringssak etter reglane i Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar (heretter kalla «konvensjonane»),

    b. politiet har registrert eit barn som sakna, eller

    c. det er oppretta straffesak om barnebortføring.

    Som barn skal reknast personar som ikkje har fylt 16 år.

    § 3 Definisjonar

    Offentlege ytingar tyder i lova her

    a. ytingar etter folketrygdloven, barnetrygdloven, kontantstøtteloven, forskotteringsloven og andre lover som vert administrerte av arbeids- og velferdsetaten,

    b. stønad etter lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen, og

    c. bustøtte etter bustøttelova.

    Barnebidrag tyder i lova her barnebidrag som vert kravd inn av arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral, med unntak av oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernloven § 9-2.

    § 4 Melding om barnebortføringar til utlandet

    Dersom departementet handsamar ei sak som ei bortføringssak etter konvensjonane, skal det sende melding om dette til arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken. I andre bortføringssaker skal det lokale politidistriktet sende melding når det har registrert eit barn som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring.

    Melding til Husbanken og den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga skal ikkje gje opplysningar om anna enn at eit barn er bortført, personane saka gjeld og endringa i opphaldsstad.

    Meldingar etter paragrafen her kan sendast utan hinder av teieplikt.

    § 5 Stans i ytingar som ikkje skal utbetalast i utlandet

    Når eit barn er bortført, skal arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken stanse ytingar som det ikkje er grunnlag for å utbetale i utlandet. Handsaming og klage følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

    § 6 Innkrevjing av barnebidrag

    Barnebidrag skal krevjast inn etter dei vanlege reglane så lenge barnet er bortført, anten det er bortføraren eller den attverande av foreldra som er bidragspliktig. Det kan ikkje krevjast endring av bidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge bortføringa varar.

    § 7 Avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag til bortføraren

    Når eit barn er bortført til utlandet, skal Arbeids- og velferdsdirektoratet eller eit særskilt utpeika organ i arbeids- og velferdsetaten halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag som vert utbetalte til bortføraren sjølv eller til bortføraren på vegne av barnet. Dette gjeld ikkje dersom tiltaket må reknast som eit uforholdsmessig inngrep ut frå den konkrete situasjonen. Ved vurderinga skal ein mellom anna leggje vekt på kva dette har å seie for at barnet kan bli ført tilbake, og på risikoen for at barnet og bortføraren vert påført skade.

    § 8 Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

    Ved handsaminga av saker etter § 7 kan organet som skal treffe avgjerda, krevje opplysningar frå instansar og personar som er nemnde i folketrygdloven § 21-4 første leddet. Det er eit vilkår at opplysningane er naudsynte for avgjerda og at ein ikkje kan skaffe opplysningane på anna vis.

    Ein kan til vanleg berre hente inn opplysningar om

    a. namn, adresse, alder, slektskap og sivilstatus,

    b. staden der barnet og bortføraren oppheld seg og tilhøva som dei lever under,

    c. den fysiske og psykiske helsa til barnet og bortføraren og særlege behov og utgifter knytte til helsetilstanden deira,

    d. bortføraren si inntekt og økonomi medan bortføringa varar, og

    e. tilhøva mellom foreldra og barnet.

    Organ som tek del i handsaminga av ei barnebortføringssak, skal gje opplysningar etter paragrafen her av eige tiltak.

    Dei som skal gje opplysningar etter paragrafen her, skal gjere dette utan hinder av teieplikt og utan godtgjersle.

    § 9 Sakkunnig vurdering

    Dersom opplysningane i saka gjev grunn til det, kan organet som skal treffe avgjerda etter § 7, be om at ein sakkunnig vurderer om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Den sakkunnige skal ha tilgang til dokumenta i saka og kan hente inn opplysningar etter § 8. Sakkunnige har krav på godtgjersle for arbeidet sitt og skal få dekt utlegg i samband med saka.

    § 10 Ny vurdering

    Dersom nye opplysningar eller endringar i den einskilde saka talar for det, skal ein vurdere å gjere nytt vedtak etter § 7. Saka skal i alle tilfelle vurderast på nytt når det har gått to år etter bortføringa og barnet framleis ikkje er ført tilbake. Ny vurdering kan skje utan hinder av avgrensingane i forvaltningsloven § 35.

    § 11 Sperra konto

    Pengar som vert haldne tilbake, skal stå på sperra renteberande konto.

    Offentlege ytingar på sperra konto skal utbetalast til den som har rett til pengane eller rett til å ta imot pengane på vegner av barnet, når

    a. barnet er ført tilbake,

    b. det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake,

    c. vedtak er gjort om etter § 10, eller

    d. det bortførte barnet har fylt 16 år.

    Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.

    § 12 Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra

    Ytingar som den attverande av foreldra får utbetalt som representant for eit bortført barn eller på grunn av omsorga for barnet, vert utbetalte i opp til seks månader etter at barnet vart bortført, men i opp til tolv månader dersom den attverande av foreldra framleis har utgifter til omsorga for barnet eller dersom andre særlege grunnar gjer det rimeleg.

    Dersom barnebidrag framleis vert kravd inn frå bortføraren etter at utbetaling er stansa etter første leddet, skal bidraget setjast på sperra renteberande konto. Reglane i § 11 tredje ledd gjeld tilsvarande.

    Utbetalinga av ytingar etter første leddet og innkrevjing av barnebidrag frå bortføraren skal stansast så snart det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake.

    Handsaming og klage ved avgjerder om ytingar til den attverande av foreldra etter paragrafen her, følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

    § 13 Saker der barnevernet har omsorga for barnet

    Lova gjeld også for saker der ein av foreldra eller begge bortfører til utlandet barn som barnevernet har teke over omsorga for. Barnevernet skal varslast og få høve til å uttale seg etter reglane i forvaltningsloven § 16. Reglane i § 12 i lova her gjeld tilsvarande.

    Dersom foreldra er saman om bortføringa, kan tiltak etter lova nyttast mot begge.

    § 14 Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

    Ved handsaminga av saker etter §§ 7 til 11 gjeld reglane i forvaltningsloven, med desse særreglane og presiseringane:

    a. både bortføraren og den attverande av foreldra skal reknast som part i saka ved avgjerder etter § 7,

    b. avgjerd om ikkje å halde tilbake ytingar og barnebidrag skal reknast for enkeltvedtak,

    c. arbeids- og velferdsetaten og sakkunnige etter § 9 har teieplikt etter reglane i arbeids- og velferdsforvaltningsloven § 7, og

    d. avgjerder etter § 7 kan ikkje påklagast, men kan ankast inn for Trygderetten etter reglane i lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten.

    § 15 Forskrifter

    Departementet kan gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova, mellom anna til

    a. § 4 om meldingar når barn er bortført,

    b. § 7 om å halde tilbake ytingar og barnebidrag,

    c. § 9 om oppnemning av og betaling til sakkunnige,

    d. § 11 om sperra konto, og

    e. § 12 om ytingar og bidrag til den attverande av foreldra.

    § 16 Ikraftsetjing og overgangsreglar

    Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

    Lova gjeld også der barnet vart bortført før lova tok til å gjelde.

    Ytingar eller barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde, kan ikkje haldast tilbake med heimel i lova.

Gå til voteringsoversikten
: