Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Kjerstad, Birgit Oline (61 - 71 av 71)
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1396 (2021-2022)

    Innlevert: 27.02.2022

    Sendt: 28.02.2022

    Besvart: 07.03.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

    I budsjettet for 2022, og i avtalen med SV, vart det vedteke eit mål om 10 % marint vern av kyst og havområder innan 2030. Kan ministeren gjere greie for kva arbeid som er starta på dette området, og korleis regjeringa har tenkt å nå målet om 10 % marint vern av kyst og havområder innan 2030?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1089 (2021-2022)

    Innlevert: 29.01.2022

    Sendt: 31.01.2022

    Besvart: 07.02.2022 av landbruks- og matminister Sandra Borch

    Alle løyver om å sette ut fuglar og andre artar i miljøet må skje på grunnlag av eit godt kunnskapsgrunnlag om både miljøpåverknad og dyrevelferd. Kva vil Landbruks- og matdepartementet gjere for å sikre at rapporten frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) ligg føre i god tid før sesong for utsetting av fasan og rapphøns i år, og i god tid innan 1 mars 2022?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1057 (2021-2022)

    Innlevert: 27.01.2022

    Sendt: 28.01.2022

    Besvart: 04.02.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Nye Veier har nettopp starta å rive fleire hus langs ein planlagt firefelts motorveg over Lågendeltaet. Området er verna, og Nye Veier har enno ikkje fått løyve til å bygge den aktuelle vegen. Kva synest statsråden om at Nye Veier har starta denne prosessen, når regjeringa sin budsjettavtale er klar på at utbygging av vegar skal gjerast på ein måte som minimerer tap av matjord og natur, og halde utbyggingskostnadar og bompengar nede?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1012 (2021-2022)

    Innlevert: 23.01.2022

    Sendt: 24.01.2022

    Rette vedkommende: Olje- og energiministeren

    Besvart: 31.01.2022 av olje- og energiminister Marte Mjøs Persen

    OED har tildelt TFO blokker som overlapper særleg verdfulle og sårbare områder. Kva er den miljøfaglege grunngjevinga for å tillate TFO tildeling inn på Mørebankane, og korleis vil ministeren kontrollere og dokumentere at leiteaktiviteten i SVO områda ikkje skader livet der?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:1007 (2021-2022)

    Innlevert: 23.01.2022

    Sendt: 24.01.2022

    Besvart: 31.01.2022 av olje- og energiminister Marte Mjøs Persen

    Ved nokre vindkraftverk oppstår støyfenomenet UAM (unaturlig amplitudemodulasjon) som er svært generande. Korleis vil regjeringa sørge for at utgreiingssinstruksen med retningsliner bli brukt for å unngå at naboer til vindkraftverk blir utsette for slike støyplager?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:850 (2021-2022)

    Innlevert: 09.01.2022

    Sendt: 10.01.2022

    Besvart: 13.01.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

    Forvaltninga av ulv må ta omsyn til Bern-konvensjonen, Naturmangfoldslova og vedteke bestandsmål i Stortinget. Etter den planlagde lisensjakta i ulvesona vert gjennomført, kan det verte att berre to små heilnorske ulvefamilier i ulvesona, begge med berre fire dyr, i tillegg til 1,5 grensefamilier. Kan Statsråden gjere greie for korleis uttak av 25 ulvar er i tråd med bestandsmålet og vårt ansvar for å ivareta en kritisk trua art, og kan statsråden stadfeste at etablerte ulveflokkar i ulvesonen kan virke som en barriere for svenske ulver?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:764 (2021-2022)

    Innlevert: 21.12.2021

    Sendt: 22.12.2021

    Besvart: 03.01.2022 av olje- og energiminister Marte Mjøs Persen

    Statsråden har i ulike sammenhengar vist til at det finst internasjonale forpliktelsar som hindrar at det kan innførast grenser for krafteksporten over utenlandskablane. Kva konkrete avtaler og korleis sett desse skranker for det norske handlingsrommet i kraftpolitikken for å regulere pris og eksport?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:750 (2021-2022)

    Innlevert: 21.12.2021

    Sendt: 21.12.2021

    Besvart: 05.01.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

    For å nå nasjonale mål om utsleppskutt, hastar det med å gjennomføre kutt i klimagassar frå båttrafikk. Vil statsråden sikre at hybridiseringsprosjekta som offshorerederia allereie har fått tilsagn om gjennom Enova kan bli gjennomført, ved at fristane for ferdigstilling blir utsett og gjort gjeldande ut 2022?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:694 (2021-2022)

    Innlevert: 15.12.2021

    Sendt: 16.12.2021

    Besvart: 23.12.2021 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Utviklinga i design- og ferdigvareindustrien i Norge er avhengig av rammevilkåra for bransjen. I mitt heimfylke Møre og Romsdal er denne industrien stor. Vi har møbel, tekstil, plastvare og anna ferdigvareindustri. Design- og ferdigvareindustrien har dårligere rammevilkår i Norge enn i våre naboland. Partene i bransjen har sett dette på dagsorden og bedt Regjeringa om 50 millioner kr til eit eksportkontor med bransjespesefikke satsingar for auka eksport. Kva vil regjeringa gjere for å fylgje opp den ønska bransjesatsinga?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:597 (2021-2022)

    Innlevert: 06.12.2021

    Sendt: 07.12.2021

    Besvart: 14.12.2021 av landbruks- og matminister Sandra Borch

    Kva gjer landbruksministeren for å fylgje med på situasjonen for landbruket med dei høge kraftprisane, og førebur ministeren ekstraordinære tiltak overfor landbruket for å bøte på skaden av dei ekstremt høge energiprisane og alt det fører med seg av kostnadsvekst for bonden?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:6 (2021-2022)

    Innlevert: 11.10.2021

    Sendt: 11.10.2021

    Besvart: 13.10.2021 av næringsminister Iselin Nybø

    Korleis vil statsråden sikre at det blir rydda opp i ureininga på tidlegare statsgrunn ved Raudsand gruver i Molde kommune, er statsråden si avgjerd av 13.09.2021 i samsvar med Stortinget sitt vedtak i 2019 om sal av staten sine eigedomar og har statsråden oversikt over kostnadane som vert pålagt ved statsråden sitt vedtak om salg?