Vedlegg 5: Brev til næringskomiteen fra Nærings- og handelsdepartementet v/statsråden, datert 27.oktober 1998

Spr. nr. 3 - Forsknings- og utviklingskontrakter (kap 923)

Eg syner til brev av 16. oktober 1998.

Under kap. 923 Forsknings- og utviklingskontrakter, post 70 er det for 1999 ført opp ei løyving på 137,8 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 25 mill. kroner samanlikna med 1998. Det er vidare foreslått ei tilsegnsfullmakt for 1999 på 140 mill. kroner. Dette er det same nivået som for 1998. Løyvinga skal m.a. nyttast til å dekke tilsegn gitt under ordninga i 1998 og tidlegare år. Forslaget til reduksjon har samanheng med behovet for å stramme inn på statsbudsjettet.

I St meld nr 40 (1997-98) Eierskap i næringslivet, foreslo regjeringa at det vart skipa ei ny ordning med prosjektutviklingstilskot. Dette forslaget er følgt opp med ei løyving på 25 mill. kroner under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond,, post 54. I tillegg er det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 75 mill. kroner. Dette er ei ny ordning med ei samla ramme på 100 mill. kroner. Løyvinga på 25 mill. kroner skal dekkje tilsegn som ein reknar med vil kome til utbetaling i 1999. Vidrare er det under kap. 5320 Statens nærings- og distriksutviklingsfond, post 80 Tilbakeføring av tilskot frå eigenkapitalordning, gjort framlegg om løyving på 140 mill. kroner mellom anna til inndekking av ordninga med prosjektutviklingstilskot. Det er såleis ingen direkte samanheng mellom forslaget til reduksjon i løyvinga under kap. 923, post 70 og den nye ordninga under kap. 2420, post 54.