2. Samandrag

Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett er at artikkel 8 i Svalbardtraktaten legg avgrensingar på høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard, og bruken av desse midlane. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Samtidig tener svalbardbudsjettet til å gi ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål.

Under behandlinga av St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard slutta Stortinget seg til ønsket frå regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett.

Regjeringa sitt overordna mål for svalbardpolitikken er: ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten, korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd, bevaring av ro og stabilitet i området, bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området, og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

I proposisjonen viser ein til handsaminga av St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard og Innst. S. nr. 196 (1999-2000).

Regjeringa legg stor vekt på å følgje opp dei ulike forslaga som er fremja i meldinga. Fleire departement har ansvaret for oppfølginga, mens Polarutvalet har ei sentral rolle i å sikre ei heilskapleg oppfølging av stortingsmeldinga om Svalbard.

Justisdepartementet har leia ei arbeidsgruppe som har vurdert nytt regelverk for innhenting av statistikk om Svalbard. Det er venta at arbeidsgruppa legg fram rapporten sin hausten 2003. Ei ny arbeidsgruppe, leia av Justisdepartementet, vil hausten 2003 starte opp arbeidet med å vurdere eksisterande og nye register på Svalbard.

Ei arbeidsgruppe under leiing av Justisdepartementet har vurdert spørsmålet om sjøtryggleik på Svalbard. Rapporten frå arbeidsgruppa vart lagt fram våren 2003. Arbeidsgruppa har hatt som mandat å vurdere alle sider ved tryggleiken på sjøen, og har utarbeidd eit oversyn over status i arbeidet som er utført eller som går føre seg på ulike hald på området. På bakgrunn av rapporten vil det i 2003 bli teke initiativ til at det på tvers av departementa blir nedsett kontaktgrupper som skal samordne det vidare arbeidet med sjøtryggleiken på Svalbard.

1. januar 2002 vart det innført lokaldemokrati i Longyearbyen i tråd med behandlinga i Stortinget av St.meld. nr. 9 (1999-2000). Longyearbyen lokalstyre har avløyst Svalbardrådet, men har i tillegg fått eit vesentleg vidare ansvarsområde enn det Svalbardrådet hadde. Longyearbyen lokalstyre har vedteke ny organisasjonsmodell som trådde i kraft frå 1. oktober 2002. Organisasjonsmodellen byggjer på bestillar-/utførar­prinsippet, der strategiske oppgåver, bestillarfunksjon­en og utøving av mynde er lagt til lokalstyret i Longyearbyen sin eigen organisasjon. Sjølve tenesteproduksjon­en blir kjøpt av andre og då i hovudsak av Svalbard Samfunnsdrift AS.

I medhald av endringar i svalbardlova er det no oppretta forliksråd på Svalbard. Det er dessutan oppretta konfliktråd i medhald av lov om mekling i konfliktråd. Konfliktrådslova er likevel vedteken endra med verknad frå 1. januar 2004. Frå det tidspunktet blir det ikkje eige konfliktråd på Svalbard. Det vil framleis vere høve til å ha eigen konfliktrådsmeklar på Svalbard.

I samband med innføringa av lokaldemokrati i Longyearbyen har Justisdepartementet fastsett tre nye forskrifter som trådde i kraft 1. januar 2002. Forskriftene gjeld saksbehandlingsreglar for Longyearbyen lokalstyre og rettar og plikter for dei folkevalde (saksbehandlingsforskrifta), forskrift om lokalstyreval i Longyearbyen og forskrift om revisjon m.m. for Longyear­byen lokalstyre.

Dei andre lov- og forskriftsendringane og delegasjonsvedtaka som var nødvendige for verksemda til lokalstyret, er òg på plass.

Justisdepartementet vil fremje ein kongeleg resolusjon om fordeling av departementet si mynde etter dei føresegnene i kommunelova som i medhald av svalbardlova er gitt tilsvarande verknad for Longyearbyen lokalstyre. Sysselmannen på Svalbard vil få delegert mynde til å kontrollere at vedtak trefte av lokalstyret er lovlege.

Myndet Kongen har til å fastsetje forskrifter om bygningsvesenet på Svalbard, er delegert til Justisdepartementet. Justisdepartementet har delegert myndet for Longyearbyen arealplanområde vidare til Longyearbyen lokalstyre. Byggjesaksforskrifta for Longyearbyen er vedteken.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2004 er 169 453 200 kroner. Dette er ein auke på 18 528 000 kroner eller 12,3 pst. i forhold til vedteke budsjett for 2003. Underskotet på svalbardbudsjettet for 2004 er stipulert til 119 213 000 kroner. Underskotet blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementet sitt budsjett og utgjer den største inntektsposten på svalbardbudsjettet. For 2004 utgjer tilskotet 70,4 pst. av dei inntektene som er venta.

Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 26,7 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannen si transportteneste som blant anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Sysselmannen på Svalbard har inngått ny avtale om rednings- og tenestehelikopter frå 1. april 2004, noko som blant anna har auka kostnadene på dette kapitlet. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannen si ordinære drift og staten sine bygningar i Longyearbyen. For 2004 er det også foreslått løyvd 3 500 000 kroner til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard.

Det går fram av proposisjonen at det for 2004 er foreslått løyvd totalt netto ca. 328 000 000 kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt budsjett, med tillegg av utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa og med fråtrekk av inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til de andre departementa. Tilsvarande tal var i 2003 ca. 307 000 000 kroner.

Over budsjettet til Miljøverndepartementet har det dei siste åra vore løyvd i gjennomsnitt omlag 80 000 000 kroner til svalbardformål. Det meste av dette går til miljøvernarbeid på Svalbard. Det er teke sikte på å halde oppe nivået på løyvinga over Miljøverndepartementet sitt budsjett i 2004.

Forvaltningsplanen for Bjørnøya naturreservat vart sett i verk i 2003. Vidare vart miljøvernforvaltninga styrkt gjennom å vidareutvikle viktige planverkdokument og databasar til funksjonelt forvaltningsverktøy.

Det er gjort ein gjennomgang av etterkrigsbusetnaden i Longyearbyen for å vurdere verneverdi og behov for formelt vern, og for å dokumentere og vurdere bevaringstiltak for krigsminna. Vidare er det tverrfaglege Isfjordprosjektet ferdigstilt. Opprydding i gruveområdet i Ny-Ålesund er starta, under dette istandsetjing av prioriterte kulturminne. Det er òg laga verne- og vedlikehaldsplan for den freda busetnaden i Svea og for Tunheim på Bjørnøya.

Vidare vart det gjennomført informasjonstiltak knytt til implementeringa av svalbardmiljølova med forskrifter.

Planansvarlege starta arbeidet med ny arealplan for Barentsburg, og det vart utarbeidd arealplan for Colesbukta og Svea.

Arbeidet med å vurdere utsleppa frå kolkraftverket i Longyearbyen og kolgruva i Svea Nord var sett i gang, og eit forbod mot utslepp av miljøgift på Svalbard vart sett i verk. Vidare vart det gjennomført ei opprydding av bil- og skutervrak i Longyearbyen, og plan for arbeidet med forureina grunn vart følgt opp.

I behandlinga av St.meld. nr. 22 (1994-1995) Om miljøvern på Svalbard, uttalte Stortinget at dei etablerte verneområda på Svalbard i liten grad omfattar dei delane av øygruppa som har biologisk produksjon. Regjeringa vart beden om å leggje fram forslag til nye verneområde på Svalbard der viktige landområde med biologisk produksjon blir sikra vern. Hovudinnhaldet i eit forslag til verneplan vart presentert i St.prp. nr. 1 (2002-2003) Miljøverndepartementet. Utkast til verneplan og konsekvensutgreiinga har vore på høyring. Miljøverndepartementet vil leggje fram saka hausten 2003.

Stortinget vedtok i 2003 at den norske territorialgrensa skal utvidast frå 4 til 12 nautiske mil frå grunnlinja, og at denne utvidinga også skal omfatte Svalbard. Utvidinga vil tre i kraft 1. januar 2004. Det vil vere i tråd med verneformåla for dei fem store verneområda oppretta ved kgl.res. av 1. juni 1973: Nordaust-Svalbard naturreservat, Søraust-Svalbard naturreservat, Sør-Spitsbergen nasjonalpark, Forlandet nasjonalpark og Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark, å utvide vernegrensa tilsvarande utviding av territorialgrensa. Miljøverndepartementet har på denne bakgrunn starta eit planarbeid med sikte på å utvide dei fem nemnde verneområda på Svalbard til 12 nautiske mil. Forslag til utviding blir sendt på høyring. Det er i utgangspunktet ikkje teke sikte på å gjere endringar i eksisterande verneforskrift, utover dei nødvendige endringane som må gjerast i føresegnene om avgrensing.

Miljøvernarbeidet vil i 2004 ha særleg fokus på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter, og vidareutvikling av forvaltningsplanar som eit verkemiddel for å styrkje verneområdet.

I 2004 skal Sysselmannen leie eit prosjekt som ledd i oppfølginga av Nordisk ministerråd sin handlingsplan for vern av natur- og kulturmiljø i Arktis. Prosjektet skal utgreie kriterium for vern av kulturminne og geologiske førekomstar.

I 2003 vart forprosjektet for Svalbard forskingspark avslutta og grunnarbeida sette i gang. Forskingsparken omfattar lokale for Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS), Norsk Polarinstitutt og Svalbard museum. I tillegg skal bygget òg innehalde eit kulturhistorisk magasin for å ta vare på arkeologiske funn frå Svalbard og eit miljøinformasjonssenter.

For 2004 er det foreslått å løyve til saman 15 000 000 kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett til Kings Bay AS og Svalbard Reiseliv AS.

Kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortinget si behandling 19. desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 og Innst. S. nr. 67 (2001-2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med staten sitt eigarskap i SNSK og SNSG er, gjennom ringverknadene av selskapet sine aktivitetar, å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg ønskjer staten ei akseptabel årleg avkastning på den eigenkapitalen som er investert i dei to selskapa.

SNSK vil, etter at gruveverksemda er skilt ut i dotterselskapet SNSG, elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapet sine eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 000 000 kroner til Kings Bay AS, til drift og investeringar. Ny-Ålesund er hovudsenteret for naturvitskapleg forskingsverksemd på Svalbard. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvar for infrastrukturen på staden.

Kings Bay AS samarbeider med Norsk Polarinstitutt om prosjektering av eit marinlaboratorium i Ny-Ålesund. Det planlagde marinlaboratoriet vil vere unikt gjennom si plassering og tilknyting til det internasjonale forskingsmiljøet i Ny-Ålesund. Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) vil foreslå at det vert sett av 10 000 000 kroner til marinlaboratoriet på statsbudsjettet for 2004.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard.

Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.

I 2002 vart det registrert 74 433 gjestedøgn ved overnattingsbedrifter i Longyearbyen. Dette er ein liten nedgang (ca. 2 pst.) i forhold til rekordåret 2001, men ein auke i forhold til 2000 på 21,5 pst.

Det er foreslått å løyve eit tilskot på 2 000 000 kroner til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2004.

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane.

Bygginga av ei antenne for IPO, som er ei avdeling i den sivile amerikanske værvarslingstenesta National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er venta avslutta hausten 2003. Norsk Romsenter har òg inngått ein kontrakt med IPO om framtidige nedles­ings- og dataoverføringstenester. Det har òg gjort det mogleg å etablere eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen. Fiberkablane skal samtidig kunne tilby generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Det har vore ein monaleg auke i forskings- og utdanningsverksemda på øygruppa det siste tiåret, og Svalbard er blitt sentral for både nasjonal og internasjonal forsking i Arktis.

Den tidlegare stiftinga Universitetsstudiane på Svalbard (UNIS) er no eit heileigd aksjeselskap under Utdannings- og forskingsdepartementet og har skifta namn til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Universitetssenteret på Svalbard vart stifta som aksjeselskap 29. november 2002 med ein aksjekapital på 100 000 kroner. UNIS har gitt gode resultat med omsyn til undervisning, forsking og utvikling i lokalsamfunnet i Longyearbyen.

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer 100 studieplassar ved UNIS. Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. Det vart i 2003 oppretta ytterlegare to nye stipendiatstillingar ved UNIS. Det er budsjettert med heilårsverknad for desse i 2004.

Det er for 2004 foreslått løyvd om lag 44 000 000 kroner på budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet til drift av UNIS.

Rundt rekna 15 500 000 kroner av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2004 vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte.

EISCAT (European Incoherent Scatter Radar) er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking. For 2004 vil Noregs kontingent til EISCAT truleg bli på om lag 2 700 000 svenske kroner.

Planlegginga av Svalbard forskingspark held fram. Forskingsparken vil gjere det mogleg å samle dei akademiske miljøa i Longyearbyen, infrastruktur, og service for feltundersøkingar samt publikumsaktivitetar.

Forslag til kostnadsramme for bygging av forskingsparken er utarbeidd. Grunnarbeida er sett i gong i 2003. Det blir gjort framlegg om ei løyving til vidareføring av prosjektet på 150 000 000 kroner i 2004.

Utgiftene til Longyearbyen skule blir dekte over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. For 2004 er det foreslått løyvd 24 700 000 kroner til skulen på Svalbard. Budsjettforslaget er auka med om lag 7 400 000 kroner som følgje av at skulen er foreslått innlemma i husleigeordninga for statlege bygg.