2. Sammendrag

Det blir fremja eit eige svalbardbudsjett fordi artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard, og korleis desse midlane kan nyttast. Stortinget slutta seg til ønsket frå Regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett under handsaminga av St.meld. nr. 9 (1999-2000).

Måla for svalbardpolitikken vart vedtekne ved handsaminga av St.meld. nr. 40 (1985-1986), og stadfesta i St.meld. nr. 9 (1999-2000). Måla er ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten, korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd, bevaring av ro og stabilitet i området, bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området, og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Justisdepartementet har ansvar for å samordne forvaltninga sitt arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk. Samordninga skjer i hovudsak i Det interdepartementale polarutvalet. Sysselmannen, Regjeringa sin øvste representant på Svalbard, og Longyearbyen lokalstyre er viktige medspelarar for å sikre ei god forvaltning av øygruppa.

Det er nedfelt i Soria Moria-erklæringa at Regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra som kjem. Regjeringa har i den samanhengen utarbeidd ein strategi for nordområda. Denne strategien skal vere langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og omfattar fleire departement sine ansvarsområde. Svalbard er ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Noreg er tildelt sluttkonferansen for IPY, og denne skal vere i Oslo i juni 2010.

Dei siste åra har det vore auka aktivitet innan forsking på Svalbard. Koordinering av denne verksemda er blitt stadig viktigare.

Regjeringa har i 2006 vedteke å etablere Svalbard globale frøkvelv, som skal vere eit sikringslager for dublettar av frø frå frøsamlingar frå heile verda. Bygget skal stå ferdig hausten 2007 medan den formelle opninga vil vere 26. februar 2008.

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Regjeringa foreslår å innføre eit nytt skattesystem på Svalbard frå 2008 som tilsvarer ein inntektsreduksjon og auka tilskot til Svalbard på 14 mill. kroner.

Budsjettramma for svalbardbudsjettet for 2008 er 221 247 000 kroner. Dette er ei auke på 2,6 pst. i forhold til vedteke budsjett for 2007. Underskotet på svalbardbudsjettet for 2008 er stipulert til 143 487 000 kroner, mot 123 909 000 i saldert budsjett for 2007. Underskotet blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett. I 2008 vil dette tilskotet, som er den største inntektsposten på svalbardbudsjettet, utgjere 64,9 pst. av dei venta inntektene. Auken i løyvinga skuldast ein venta reduksjon i skatteinngangen som følgje av dei føreslåtte skatteendringane.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten. For 2008 er skattar og avgifter rekna til 73 590 000 kroner mot 87 590 000 i saldert budsjett for 2007. Det er venta ein reduksjon i skatteinngangen som følgje av dei skatteendringane som er foreslått. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 33,3 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Store utgiftspostar er Sysselmannen si transportteneste, løyving til Sysselmannen si ordinære drift og staten sine bygningar i Longyearbyen. For 2008 er det foreslått å løyve 3,5 mill. kroner til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard.

For 2008 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 88 800 000 kroner, mot 86 954 000 kroner i saldert budsjett for 2007. Dette skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd. Lokalstyret har gjennom Bydrift Longyearbyen AS ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. For 2007 vart det løyvd 7,1 mill. kroner til investeringar i fjernvarmenettet. Denne løyvinga er vidareført for 2008. Vidare legg Regjeringa til grunn at Longyearbyen lokalstyre held fram arbeidet med etablering av reservekraftanlegget i 2008.

For 2008 er det løyvd 26 250 000 kroner over kap. 5 Sysselmannen. Løyvinga som i all hovudsak er ei vidareføring frå 2007 skal dekkje utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Sysselmannen sine inntekter på kap. 5 post 1, 250 000 kroner, omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved ulike auksjonar og sal. Det er løyvd 67 600 000 kroner til Sysselmannen si transportteneste over kap. 6. Løyvinga i saldert budsjett for 2007 var 65 700 000 kroner. Det er venta 1,1 mill. kroner i inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer.

Det er løyvd 11 700 000 kroner til Statens bygningar i Longyearbyen. Løyvinga i saldert budsjett for 2007 var 11 159 000 kroner. Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga. Auken skuldast prisjustering, og mindre investeringsbehov. Vidare skal posten dekkje lønn og drift for lokaladministrasjonen til Statsbygg.

Regjeringa foreslår å løyve netto om lag 371 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål i 2008. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt budsjett, og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå. Tilsvarande tal i 2007 var om lag 331 mill. kroner.

Over Miljøverndepartementet sitt budsjett vil det bli løyvd om lag 90 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 70 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutt sin verksemd på og rundt Svalbard. Miljøvernarbeidet vil i 2008 ha særleg fokus på lokale forureiningar til luft, jord og vatn. Vidare vil arbeidet med å verne store delar av Svalbard kystfarvatn mot potensiell forureining, og regulering av turismen i verneområda i Nordaust-Svalbard bli styrkt. Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i Svalbardmiljølova. Fondet er avgiftsfinansiert, og midlane kan bare brukast til tiltak som har som mål å verne miljøet på Svalbard. Fastbuande på Svalbard er unnatekne frå plikta til å betale miljøgebyr.

Nærings- og handelsdepartementet har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Kolverksemda til Store Norske har i mange år vore halden oppe med statleg støtte. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på øygruppa. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.

I juli 2005 braut det ut brann i hovudstollen i Svea Nord-gruva. Etter åtte månaders driftsstans vart produksjonen i Svea Nord-gruva starta opp att 1. april 2006. Forsikringsoppgjøret er framleis uavklart. Dette har ført til ein pressa økonomisk situasjon for selskapet. Tvist om forsikringsoppgjøret er ført inn for domstolane, og hovudforhandling er sett til 26. september 2007.

Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 25 mill. kroner til selskapet i 2008 til drift og investeringar, nødvendige utgifter til administrasjon av AS Bjørnøen, og kostnader knytte til gjennomføringa av Luftfartstilsynets nye krav til tryggleik ved flyplassen i Ny-Ålesund. Selskapet eig grunn og anlegg i Ny Ålesund. Kings Bay skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Ny Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein svært avansert miljøprofil og eit internasjonalt senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Det er foreslått å løyve eit tilskot på 2 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2008. Målet med tilskotet er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Det er ei viktig oppgåve for selskapet å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa. Svalbard Reiseliv har arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard i mørketida.

Svalbard Satellittstasjon les ned data for sivile formål frå satellittar i polare banar, og styrer òg desse satellittane. Kongsberg Satellitt Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av satellittstasjonen.

Svalbard rakettskytefelt er etablert i Ny Ålesund av Andøya Rakettskytefelt AS. Formålet er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi.

Det har vore ein større auke i forskings- og utdanningsverksemda på Svalbard det siste tiåret. Regjeringas nordområdestrategi peikar på at Svalbard er ein viktig arena for internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid i nordområda. I budsjettet til Kunnskapsdepartementet er det for 2008 foreslått å løyve 78,7 mill. kroner til Universitetssenteret på Svalbard. Universitetssenteret på Svalbard AS vart oppretta som statleg aksjeselskap 29. november 2002, og er ein viktig del av nordområdesatsinga. Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske.

Om lag 14 mill. kroner av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2008 vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte.

Regjeringa ynskjer at Noreg skal ha ei førande rolle i Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008, som er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking. Regjeringa går inn for å løyve til saman over 320 mill. kroner til IPY over ein fireårsperiode. For 2008 er det foreslått å sette av 85 mill. kroner til norsk deltaking i IPY. Løyvinga skal dekke forsking på vegner av heile departementsfellesskapet. Det er vanskeleg på førehand å seie kor stor del av desse løyvingane som kjem forsking på Svalbard og i havområde omkring til gode.

Utgiftene til Longyearbyen skule har til og med 2006 vorte dekte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Ansvaret for styring og drift av skulen ble overført til Longyearbyen lokalstyre frå 1. januar 2007. Utgiftene skal dekkjast frå tilskotet til Longyearbyen lokalstyre på svalbardbudsjettet.

Barnehagane på Svalbard får statstilskot til drift over Kunnskapsdepartementet. Forslaget for 2008 er 6,6 mill. kroner.

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Regjeringa foreslår endringar i skattesystemet for Svalbard. Endringane vil gjere skattesystemet for Svalbard meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Regjeringa foreslår endringar på tre hovudområde: Ordninga med brutto lønnsskattelegging (lønnstrekk) blir modifisert. Som utgangspunkt skal det trekkjast skatt ved lønnstrekk med 8 pst., i tillegg av trygdeavgift for tilsette som er medlemmer av den norske folketrygda. For samla årsinntekt over 12 gonger folketrygdas grunnbeløp, skal det trekkjast skatt med ein høgare sats på 22 pst. I selskaps- og kapitalskattelegginga blir det lagt opp til ein annan satsstruktur. For slik inntekt foreslår ein skattesats på 16 pst. Samtidig foreslår ein at det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt blir dobla, frå kr 10 000 til kr 20 000. Det skal framleis ikkje reknast skjerming for personlege selskapsdeltakarar som er heimehøyrande på Svalbard, og fritaksmetoden skal framleis nyttast på Svalbard. For sjølvstendig næringsdrivande foreslår ein ei endring ved at desse ikkje lenger skal rekne personinntekt etter skjermingsmetoden. I staden skal netto næringsoverskot skattleggast med same skatte- og trygdeavgiftssatsar som lønn. Ein foreslår at endringane vert gjennomførte frå og med inntektsåret 2008.

Som eit tiltak overfor barnefamiliar for å oppretthalde eit robust familiesamfunn i Longyearbyen, vart det i 2007 innført eit svalbardtillegg på kr 3 840 i barnetrygda. Tiltaket blir ført vidare i 2008.