1. Innledning

       Til Odelstinget.

       Representantane Holand og Johansen fremjar i dokumentet framlegg om endringar i lov om statsføretak slik at det unntaket for innsynslova som er gjort i § 4 første punktum i lov om statsføretak, går ut og innsynslova såleis vil gjelde også for statsføretak.

       Komiteen syner til Innst.S.nr.155 (1993-1994) der ein samla komité uttalte:

       « Komiteen minner om at ved lov om statsforetak av 30. august 1991 er det slege fast at lov om offentleg dokumentinnsyn ikkje gjeld for statsføretak og statsaksjeselskap når det gjeld plikt til offentleg innsyn. Komiteen meiner det er naturleg å føreta ei vurdering av om det er hensiktsmessig å halde oppe denne skilnaden. »

       Vidare uttala komiteen:

       « Komiteen meiner det må vere gjenstand for ein kontinuerleg debatt og vurdering, kva for offentlege tenester som skal organiserast i statsføretak eller aksjeselskap. I denne vurderinga høyrer og ein gjennomgang av korleis ein skal ivareta omsynet til offentleg innsyn. »

       Komiteen syner til brev frå departementet der det framgår at Regjeringa arbeider med ei gjennomgåing av reglane om tilhøvet mellom innsynslova og selskap som er offentleg eigde - her óg statsføretak. Statsråden opplyser at ein tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget i 1996, og komiteen finn det då naturleg å sende over framlegget utan realitetsdrøfting.