1. Foreldrefrådrag

1.1 Departementet sine vurderingar og framlegg

1.1.1 Samandrag

       Det er ein føresetnad for foreldrefrådrag at foreldra er yrkesaktive eller på annan måte hindra frå å passe på barna sine det meste av tida. I lova har det derfor vore eit vilkår for frådrag at foreldra har inntekt av arbeid. Under dette går også personinntekt frå næring. Vidare blir frådraget berre gitt i den lågaste arbeidsinntekta. Formålet med den tidlegare lovendringa hausten 1995 var å gi rett til foreldrefrådrag også om næringa til den eine ektefellen går med underskot enkelte år.

       Endringa i skattelova § 44 sjette ledd åttande punktum har følgjande ordlyd:

       « Det samme gjelder når den ene av ektefellene har underskudd i næring, og ikke har annen arbeidsinntekt. »

       Endringa er gjeldande frå og med inntektsåret 1995.

       Denne lovteksten er forma slik at det kan sjå ut som om det er eit vilkår at ektefellen med underskot ikkje må ha anna arbeidsinntekt for å kunne få foreldrefrådrag. Dette er ikkje meininga. På bakgrunn av formålet må lova forstås slik at deltaking i aktiv næringsdrift gir frådragsrett også i underskotshøve, uansett om eigaren har anna arbeidsinntekt eller ikkje. Ei lita lønnsinntekt, som i seg sjølv er for lita til å utnytte foreldrefrådraget, skal ikkje avskjere eller redusere frådraget i underskotshøva. Dette bør klargjerast ved ei justering av lovteksten.

       Vidare er underskotsomgrepet i den tidlegare lovendringa noko uklart. Meininga er å utvide frådragsretten når skattytaren arbeider i næringa si utan at dette arbeidet resulterer i positiv personinntekt som foreldrefrådrag kan gis i. Det er ikkje meininga å gi utvida frådragsrett i høve der ei passiv kapitalinvestering i næring gir underskot etter skattelova § 45 første ledd. I ei slik passiv næringsdeltaking ville overskot ikkje gi grunnlag for positiv personinntekt, og då heller ikkje for foreldrefrådrag. Lovgrunnen for foreldrefrådrag - at skattytaren er oppteken av yrket sitt og ikkje kan passe barna i arbeidstida (anten yrket gir overskot eller underskot) - er ikkje til stades i desse passive næringshøva.

       Det underskotsomgrepet som er best tilpassa dette frådragsformålet, er negativ personinntekt etter skattelova § 55 tredje ledd. Mykje talar for å tolke den nye lovregelen om foreldrefrådrag i underskotshøve i samsvar med dette. Negativ personinntekt føreset at skattytaren er aktiv i næringa etter reglane i delingsmodellen. For å få lovregelen om foreldrefrådrag klar på dette punkt er det ønskjeleg å erstatte uttrykket « underskudd i næring » der med « negativ personinntekt ».

       Etter dette gjer departementet framlegg om at skattelova § 44 sjette ledd åttande punktum skal lyde:

       « Det samme gjelder når den ene av ektefellene har negativ personinntekt etter § 55 tredje ledd. »

       Ein kan tenkje seg eit døme med eit ektepar med to små barn. Den eine ektefellen har underskot (negativ personinntekt) av næring, og ei lita lønnsinntekt som ikkje utnyttar foreldrefrådraget fullt ut. Den andre ektefellen har ei vanleg lønnsinntekt på kr 200.000. I praksis vil det her etter lovframlegget bli lagt til grunn at maksimalt foreldrefrådrag skal reknast ut på grunnlag av den største arbeidsinntekta. Frådraget blir først gitt i den lågaste lønnsinntekta, og overskytande frådrag blir gitt i den høgaste lønnsinntekta. Ved felles likning av ektefellane blir klassefrådrag m.v. utnytta, jamvel om foreldrefrådraget i den lågaste inntekta er like stort som denne inntekta. Etter framlegget blir endringa gjeldande frå og med inntektsåret 1995. Dette påverker ikkje lovendringa av 8. desember 1995 om auka beløpsgrenser for foreldrefrådrag frå og med inntektsåret 1996.

1.1.2 Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen, Erik Dalheim, Kjell Engebretsen, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun og Bjørnar Olsen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A. Meland, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, viser til at Regjeringens forslag til lovtekst er en klargjøring av tidligere lovtekst. Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag og viser for øvrig til sine merknader under punkt 1.2.2.

1.2 Spørsmål til seinare utgreiing

1.2.1 Samandrag

       Departementet vil arbeide vidare med enkelte andre spørsmål som reglane om foreldrefrådrag reiser. Desse spørsmåla er i hovudsak knytt til frådragsstorleiken i høve til inntekta, kva for typer inntekt frådrag skal kunne reknast ut frå og gjerast i, og høvet til sambuarar med barn.

       Det gjeld prosentvise maksimalgrenser for foreldrefrådrag i høve til inntekta, nemleg 43 % for eitt barn og 53 % for to eller fleire barn. I tillegg er det beløpsavgrensingar som gjer at dei prosentvise grensene er operative berre på låge inntektsnivåer. Frådrag for ektefellane skal kunne reknast ut frå den høgaste arbeidsinntekta når den eine ektefellen driv næring med negativ personinntekt. Då kan det verke urimeleg at frådraget fortsatt må reknast ut frå den lågaste inntekta i år der denne ektefellen har ei lita positiv personinntekt av næringa si, eller balanserar akkurat på null. Dette kan gi null eller nær null i frådrag, sjølv om begge ektefellane er heiltids yrkesaktive og arbeidsinntekta til den andre ektefellen klårt gir rom for fullt frådrag. Det kan òg hende at båe dei yrkesaktive ektefellane har underskot (negativ personinntekt), til dømes i felles bedrift, utan anna arbeidsinntekt, men dei har kapitalinntekter m.v. som kunne ha utnytta foreldrefrådrag. I slike høve er det omsyn som talar for at dei gjeldande vilkår om positiv arbeidsinntekt for ektefellane blir lempa på.

       På den andre sida er det betenkjeleg utan vidare å ta bort hovudregelen om maksimering av frådraget i høve til den lågaste arbeidsinntekta. Det er m.a. denne regelen som leier til frådragsavgrensing mot ektefellar der den eine er så lite yrkesaktiv at behovet for betalt barnepass med frådragsrett ikkje er til stades. Men departementet vil vurdere om det er mogleg å operere med andre frådragsvilkår enn prosentvis maksimering etter lågaste inntekt for å ivareta dette omsynet.

       Også når det gjeld foreldrefrådraget til einslege forsørgjarar etter skattelova § 44 sjuande ledd, er det ved tidlegare lovendring i haust åpna for frådrag i underskotshøva. Ein tok då bort vilkåret om å ha inntekt av arbeid, og erstatta det med vilkår om å vere yrkesaktiv. Dette var naudsynt for at ein einsleg forsørgjar med næringsunderskot, men med lita eller ingen anna arbeidsinntekt, kunne få foreldrefrådrag i anna inntekt, til dømes i renteinntekt og anna kapitalinntekt. Dei prosentvise grensene for frådraget er etter dette ikkje knytt til arbeidsinntekt åleine, men til samla inntekt. For samanhengen sin skuld gjeld dette generelt for einslege forsørgjarar, ikkje berre dei som har næringsunderskot. Lovendringa gjeld frå og med inntektsåret 1995. Ho må tolkast slik at den einslege forsørgjaren må ha vore yrkesaktiv i ein større del av året når han ikkje har positiv personinntekt frå yrket det året. Etter departementet sitt syn kan det praktiserast eit krav til minst 6 månaders yrkesaktivitet i slike høve.

       Denne omlegginga til vilkår om yrkesaktivitet, og frigjeringa frå arbeidsinntekta åleine som utrekningsgrunnlag, gjer det ønskjeleg å sjå nærare på ei liknande omlegging for ektefeller.

       Det er også ønskjeleg å vurdere høvet til sambuarar med fellesbarn. Foreldrefrådrag gis til ektefellar og einslege forsørgjarar med barn under 12 år. Sambuarar er korkje ektefellar eller einslege forsørgjarar etter lova, og fell derfor strengt tatt utanfor området for foreldrefrådrag. I praksis blir reglane for foreldrefrådrag til ektefellar brukt analogisk på sambuarpar. Det kan vere grunn til å lovfeste denne praksis.

       Departementet vil vurdere desse spørsmåla seinare.

1.2.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til at departementet drøfter behovet for ulike endringer og presiseringer i regelverket for foreldrefradrag. Komiteen vil vise til at dagens regelverk innebærer at hvis begge ektefeller får negativ personinntekt, vil dette i dag innebære at de ikke får beregnet foreldrefradrag til tross for at begge har vært yrkesaktive, og at en derfor må gå ut i fra at behovet for hjelp til barnetilsyn har vært til stede. Komiteen er enig med departementet i at det er behov for å utrede nærmere grensetilfellene.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen mener at dette ikke bør gjøres isolert, og vil be departementet om å foreta en prinsipiell drøfting av hele foreldrefradraget og dagens regelverk samt beregninger av provenyvirkningene av å gi adgang til at foreldrefradrag kan beregnes i alle inntekter som går inn under begrepet alminnelig inntekt.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at det ikke er behov for noen prinsipiell endring av retningslinjene for foreldrefradraget.

       Disse medlemmer viser videre til at det er nedsatt et utvalg av barne- og familiedepartementet som skal utrede det samlede offentlige tilbudet til barnefamiliene, herunder barnetrygd, foreldrefradrag, forsørgerfradrag i skatt, fødsels- og adopsjonspermisjon, tidskonto, barnehagesubsidier, senket skolestart og skolefritidsordningen. Utvalget skal avgi innstilling i mai 1996. Disse medlemmer ser på denne bakgrunn ikke at det er behov for en vurdering av foreldrefradraget ut over dette.

       Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti viser til at foreldrefradraget skal kompensere for utgifter til pass og stell av barn. Disse medlemmer viser til at også eninntektsfamiliene ofte har utgifter til barnehage, barnepark eller førskole for barna sine.

       Disse medlemmer viser til at foreldrefradraget som hovedregel bare kommer toinntektsfamiliene til gode. Dette oppleves derfor som en klar diskriminering av eninntektsfamiliene som også gjennomgående har en trangere økonomi enn toinntektsfamiliene. Disse medlemmer viser til at det er nedsatt et utvalg som skal vurdere de ulike offentlige ytelsene til barnefamiliene, herunder foreldrefradraget.

       Disse medlemmer mener det er saklig grunnlag for å utvide foreldrefradraget til også å omfatte eninntektsfamiliene og vil komme tilbake med forslag om dette når barnefamilienes kår skal behandles i Stortinget på grunnlag av det utredningsarbeid som foregår.