1. Om lov om endring i lov av 4. juni 1976 nr. 59
Til Odelstinget.
Stortingsrepresentant Erling Folkvord har den 6. desember 1995 sett fram følgjande forslag:
I lov av 4. juni 1976 nr. 59 om aksjeselskaper gjøres følgende endring:
§ 11-12 nytt tredje ledd skal lyde:
Et børsnotert selskap har ikke adgang til å utstede aksjer eller opsjoner til medlemmer av bedriftsforsamling, representantskap, styre eller administrerende direktør eller andre av selskapets ansatte til lavere pris enn børsverdi.
Nåværende tredje, fjerde og femte ledd blir fjerde, femte og sjette ledd.
Denne lov trer i kraft straks. »
I grunngjevinga for forslaget vert det vist til at leiarsjiktet i dei største børsnoterte selskapa i tillegg til løn ofte også vert tilgodesett med opsjonsavtaler. Slike avtaler går ut på at dei får rett til å kjøpe aksjar til lågere pris i høve til børsverdi. Aksjane kan seinare selgjast til full pris.
Spørsmål om eit forbod mot opsjonar vart teke opp i eit brev til finansministeren frå Raud Valallianse i 1993. Det går fram av svarbrevet at den nærare rekkjevidda av skatteplikta i opsjonstilfelle er til vurdering i departementet. Det vert vidare uttalt at ein meir skeptisk haldning til opsjonsavtaler, betre informasjon om slike avtaler og klarleggjing av skatteplikta bør vere viktige tiltak for å rette opp situasjonen.
Forslagsstillaren viser vidare til at opsjonsavtalene er blitt administrerte slik at ein kan omgå bindande reglar i aksjelova om at eit selskap ikkje kan erverve eigne aksjar, og slik at ein har kunna halde reine gåveløyvingar til toppleiarane løynd for styrande organ der tilsette er representerte.
Opsjonsavtaler har lite til felles med eigarskap eller vanlege aksjeinvesteringar då eigarskapet er tidsavgrensa og risikoen minimal. Opsjonsgevinstane har heller ikkje som t.d. bonusløn samanheng med det økonomiske resultatet i verksemda.
Ordninga med opsjonsavtaler finnest òg i offentleg sektor. Forslagsstillaren framhevar at både finansministeren og nærings- og energiministeren har uttalt at dei er kritiske til at næringslivsleiarar blir urimeleg tilgodesette, men uten at nokon av dei gjer noko effektivt for å stoppe dei urimelege tilhøva.