6. Problemstillingar som bør vurderast i samband med forslaget om å innføre postrøysting i noreg

6.1 Postrøysting på valdagen

       I samband med forslaget om å overføre ansvaret for førehandsrøystinga til Postverket, oppstår også spørsmålet om veljarane - som i Sverige - skal kunne postrøyste på sjølve valdagen, eller om ein her i landet skal halde på regelen om at førehandsrøystinga skal avsluttast før valdagen. I Finland blir førehandsrøystinga (postrøystinga) avslutta 5 dagar før valdagen.

       Departementet er skeptisk til å opne for postrøysting på valdagen, og stiller spørsmål om kor viktig dette er når veljarane samtidig har høve til å røyste i om lag 4.000 vallokale. Utviklinga i Sverige går òg i retning av å minske høvet til å postrøyste på valdagen, m.a. for å få eit sikrast mogleg valresultat valnatta. Røynslene frå Sverige viser òg at det er relativt få veljarar som nyttar høvet til å postrøyste valdagen.

       Ei ulempe ved å opne for postrøysting på valdagen er at valresultatet vil bli klart på eit langt seinare tidspunkt enn i dag, fordi det må setjast ein seinare frist for når førehandsrøystene må vere komne fram til valstyret for å bli godkjende. Departementet meiner at dette ikkje er ønskjeleg. På denne bakgrunnen vil departementet konkludere med at ein ikkje bør foreslå endringar i vallova som opnar for postrøysting på valdagen.

6.2 Bør førehandsrøysta vere endeleg?

       I dag er det slik etter den norske valordninga at førehandsrøysta ikkje er endeleg, dvs. at den som har førehandsrøysta, likevel kan gå og røyste på valtinget på valdagen, jf. vallova § 47 fjerde ledd første punktum.

       I Finland er førehandsrøystane endelege. Sverige har eit system tilsvarande det norske, men der blir det arbeidd med forslag om å gjere postrøystene (førehandsrøystene) endelege.

       Departementet vil vise til at ved stortingsvalet i 1993 blei berre 1.934 av 238.349 førehandsrøyster forkasta, om lag 0,8 % av dei gitte førehandsrøystene. Det var maksimalt 505 førehandsrøyster som blei forkasta fordi veljaren også hadde røysta på valtinget, noko som utgjer vel 0,2 % av alle gitte førhandsrøyster.

       Dette viser i følgje departementet at for veljarar som har førehandsrøysta, er det svært lite behov for å kunne røyste på valtinget.

       Departementet meiner derfor at førehandsrøysta bør vere endeleg, dette på grunnlag av opplysningane om kor få veljarar som nyttar høvet til å valtingsrøyste etter at dei har førehandsrøysta. Elles finn departementet grunn til å presisere følgjande: Førehandsrøystinga er eit tilbod til dei som er forhindra frå å røyste på valdagen. Det er ikkje meininga at veljarane som har førehandsrøysta, skal ha ein « angrefrist » og kunne røyste på valtinget dersom dei finn det formålstenleg.

       Det kan tenkjast at ein veljar som møter opp i eit vallokale på valdagen og blir møtt med at det er kryssa av i manntalet for at vedkomande har førehandsrøysta, vil hevde at dette er feil, og at vedkomande ikkje har førehandsrøysta. Departementet meiner at vedkomande ikkje bør avvisast, men få høve til å levere inn røysta si, slik at valstyret kan ta stilling til saka ved prøvinga av røystingane, eller forholdet kan bli vurdert i samband med ei eventuell klage. Departementet foreslår derfor at det blir gjort ei tilføying i lova § 41 slik at veljaren kan levere inn røystesetel til røystestyret, på linje med dei som ikkje står i manntalet. Røystestyret skal ta vare på røysta, og ikkje leggje ho i valurna.

       Dersom førehandsrøysta blir endeleg, kan valstyret prøve alle sider ved røystinga og krysse av i manntalet etter kvart som røystingane kjem inn til valstyret, og dette kan ein gjere i heile førehandsrøysteperioden. Departementet foreslår at det ikkje lenger er ein føresetnad at godkjenningsmøtet er halde før prøvinga av førehandsrøystane tek til.

       Prøvinga av førehandsrøystene må avsluttast seinast dagen før valtinget tek til, slik at valstyret kan krysse av i manntala før dei blir leverte ut til røystestadene.

       Førehandsrøystinga skal altså vere endeleg. Vallova § 40 første ledd andre punktum blir oppheva. Valstyret kan starte prøvinga av førehandsrøystene etter kvart som røystingane kjem inn til valstyret. Veljarar som etter avkryssingsmanntalet har førehandsrøysta, skal ha høve til å levere inn røyst på valtinget, men denne røysta skal leggjast til side for seinare prøving.

6.3 Periode for førehandsrøysting

       Førehandsrøystinga går føre seg frå 1. juli i valåret til dagen før valet, jf. vallova § 31.

       I Sverige har veljarane høve til å førehandsrøyste frå og med den 24. dagen før valet, men det blir no vurdert å korte ned denne perioden slik at førehandsrøystinga startar den 20. dagen før valet. Finland har til no hatt førehandsrøysting i 14 dagar ved ordinære val, frå den 18. til den 5. dagen før valet.

       Røynslene frå Sverige og Finland tyder på at relativt få veljarar nyttar høvet til å røyste i første delen av førehandsrøysteperioden, medan toppane kjem i siste delen av perioden, uavhengig av kor lang eller kort førehandsrøysteperioden er.

       Tal som departementet har bede fylkesmennene hente inn frå kommunane, viser at det frå 1. juli til 15. august blir gitt svært få førehandsrøyster, og det er først frå 15. august og fram til valdagen at det blir førehandsrøysta i noko omfang.

       På denne bakgrunnen vil departementet foreslå at vallova blir endra slik at førehandsrøystinga startar seinare.

       Departementet meiner det er viktig å fastsetje førehandsrøysteperioden slik at veljarane får eit best mogleg tilbod. Samtidig bør ikkje førehandsrøystinga ta til tidlegare enn det reint faktisk er nødvendig for at veljarane skal kunne gjere seg nytte av tilbodet. Samtidig er det viktig at valkorta blir produserte og sende ut til veljarane før førehandsrøystinga tek til. Manntalet, som blir lagt til grunn for valkorta, skal etter departementets forslag vere ferdig 1. juli. Departementet har derfor kome til at starttidspunktet for førehandsrøystinga bør kunne flyttast om lag ei veke fram samanlikna med forslaget i høringsnotatet, og vil gå inn for at førehandsrøystinga kan ta til 10. august.

6.4 Når skal førehandsrøystinga avsluttast?

       Veljarane har høve til å førehandsrøyste heilt fram til valdagen. Etter reglane i vallova i dag er det slik at førehandsrøystene må vere komne fram til valstyret før vallokala stengjer på valdagen for å bli godkjende, jf. vallova § 31 tredje ledd.

       I Sverige er det høve til å postrøyste også på sjølve valdagen. I Finland blir førehandsrøystinga avslutta den 5. dagen og i Danmark den nest siste kvardagen før valdagen.

       Departementet har tidlegare konkludert med at førehandsrøysta bør vere endeleg. Det inneber at ein må avslutte førehandsrøystinga ei viss tid før valdagen for å vere sikker på at alle røystene kjem fram og blir kryssa av i manntalet seinast dagen før valtinget opnar. Røystinga bør organiserast slik at veljarane får best mogleg høve til å røyste. Dersom førehandsrøysta skal vere endeleg, vil fredag vere den absolutt siste dagen det er mogleg å ta imot førehandsrøyster på postkontoret dersom dei skal nå fram til valstyret i tide.

       Departementet meiner at ein må leggje avgjerande vekt på prinsippet om at førehandsrøystinga bør vere endeleg, og held derfor fast på forslaget om at førehandsrøystinga blir avslutta torsdag før valet. Departementet meiner at ein informasjonskampanje, mellom anna om siste tidspunktet for førehandsrøysting, vil medverke til at veljarane førehandsrøystar i tide.

       Vallova § 31 blir endra slik at førehandsrøystinga ikkje kan gå føre seg seinare enn siste torsdag før valet.

6.5 Ein eller to dagars val

       I dag er det opp til kommunestyret å avgjere om det skal vere ein eller to dagars val i kommunen, jf vallova § 24 andre ledd andre punktum. Vidare har valstyret høve til å avgjere at eitt eller fleire vallokale ikkje skal haldast opne på søndagen jamvel om det skal vere to dagars val i kommunen, jf. lova § 27 andre ledd.

       Departementet legg til grunn at ordninga med førehandsrøysting på postkontora og til landpostbod vil gjere det atskilleg lettare for veljarane å røyste endå om førehandsrøystinga blir avslutta torsdag før valdagen. Det vil derfor, slik departementet ser det, ikkje vere til stor ulempe for veljarane om det ikkje blir like mange valdagar i alle kommunar.

       Spørsmålet om ein eller to dagars val har nær samanheng med spørsmålet om når førehandsrøystinga skal avsluttast og om førehandsrøysta skal vere endeleg eller ikkje. Departementet går inn for at det framleis skal vere opp til det enkelte kommunestyret å avgjere om det skal vere ein eller to dagars val i kommunane.

6.6 Valkort

       Vallova har i dag ingen reglar om bruk av valkort (røystekort), verken ved førehandsrøysting eller røysting på valtinget. Ein del kommunar - særleg dei større kommunane - sender ut valkort til veljarane som ei frivillig ordning.

       Både Sverige og Finland har ei ordning med valkort. I Sverige er kortet obligatorisk for å kunne røyste på postkontora eller til landpostbod. Veljarar som mistar valkortet sitt, kan få eit nytt ved å vende seg til skattestyresmaktene. I Finland er det ikkje nødvendig å ha kortet med for å kunne postrøyste.

       Departementet vil foreslå at det blir innført ei ordning med obligatorisk bruk av valkort ved førehandsrøystinga. Ei slik ordning vil lette sjølve valhandlinga, lette sendinga av røystene til valstyret, lette arbeidet i valstyret med prøving av røystene og minske faren for feil.

       Det bør utarbeidast ein standard for korleis valkorta skal sjå ut og kva for opplysningar dei skal innehalde. Det er ein føresetnad at valkortet ikkje skal gjelde som legitimasjon. Departementet vil vurdere kva slags opplysningar valkortet skal innehalde, mellom anna om det er mogleg å få trykt ein strekkode på alle valkorta.

       Departementet er kome til at det er mest formålstenleg at valkortet blir utforma slik at røystmottakaren kan opplyse på kortet om veljaren er ved full sans og samling (ikkje lir av sjeleleg svekking eller nedsett medvit). Departementet reknar med at det blir trykt ein rubrikk der røystmottakaren kan krysse av dersom han/ho meiner veljaren lir av ein tilstand som gjer at røysta må forkastast. Når ein slik rubrikk blir trykt på alle valkort, bør ikkje det støyte an mot rettstryggleiken og integriteten til den enkelte. Det må gjerast plass for ei kortfatta grunngiving og signaturen til røystmottakaren. Påteikning på valkortet vil ikkje bli kjend for andre enn den røystmottakaren som gjer påteikninga og for valstyret som prøver førehandsrøystene. Spreiing av opplysningar vil såleis ikkje bli meir omfattande ved postrøysting enn ved dagens ordning

       Departementet vil òg foreslå lovfesta at det er ei statleg oppgåve å finansiere trykking av valkort.

       Da departementet foreslår at førehandsrøystinga skal ta til den 10. august, inneber det at valkorta må vere ferdig produserte og sende ut om lag 25. juli.

6.7 Utarbeiding av manntal

       Etter vallova § 4 er det kommunane som har ansvaret for at det blir utarbeidd eit manntal over dei røysteføre i kommunen.

       Følgjande fristar gjeld for manntalsarbeidet:

       Skjeringsdatoen (den datoen som er avgjerande for kvar ein veljar skal manntalsførast) for manntalet er 1. mai (§ 5 andre ledd).

       Valstyret skal ha manntalsutkastet klart 2. august (§ 6).

       Manntalsutkastet skal liggje ute til offentleg ettersyn i perioden 3.-24. august (§ 7 første ledd).

       Frist for å klage over manntalet er 24. august kl. 15.00 (§ 8 første ledd). Frist for søknad om innføring i manntalet er kl. 15.00 dagen før godkjenningsmøtet.

       Fristane for behandling av manntalet bør endrast for å tilpassast produksjon av valkort. Departementet legg avgjerande vekt på at manntalsarbeidet skal vere avslutta slik at valkorta er produserte og sende ut til veljarane før førehandsrøystinga tek til.

       Departementet meiner at ein bør halde oppe regelen om utlegging av manntalet. Formålet med slik utlegging er at veljarane skal ha høve til å kontrollere at dei er innførte i manntalet, og ha høve til å klage dersom dei er utelatne. Utsendinga av valkort er ein verdifull informasjon om at veljarane står i manntalet; men når valkorta ligg føre, er det for seint å klage for dei som ikkje er innførte i manntalet. Derfor bør veljarane på eit tidspunkt før utsendinga av valkort ha høve til å kontrollere at dei er manntalsførte. Derimot burde det ikkje vere nødvendig med eit påbod om at manntalet skal liggje ute til gjennomsyn etter at godkjenningsmøtet er halde og fram til røystinga er slutt, jf. vallova § 10 første ledd første punktum. Departementet vil foreslå at denne regelen blir endra slik at det blir opp til valstyret å avgjere om manntalet skal liggje ute i denne perioden.

       Departementet vil foreslå ei forenkling i lova § 5 andre ledd. Skjeringsdatoen bør setjast til 30. april, for å unngå tilknyting til fridagen 1. mai.

6.8 Godkjenning av vallister.
Trykking av røystesetlar

       Følgjande fristar gjeld for innlevering og godkjenning av forslag til vallister:

       Listeforslaga må vere innleverte seinast 1. juni i valåret. Forslagsstillarane kan etter lova kalle tilbake eit listeforslag innan 20. juni. Siste frist for godkjenning av listeforslaga er 10. august. Deretter skal røystesetlar med kandidatnamn trykkjast og distribuerast til vallokala. Til vanleg blir det nytta røystesetlar med kandidatnamn også ved førehandsrøystinga frå det tidspunktet dei ligg føre.

       Frå førehandsrøystinga startar 1. juli og fram til røystesetlar med kandidatnamn ligg føre, blir det nytta røystesetlar som berre er påtrykte partinamn.

       Departementet foreslår følgjande endringar i reglane om innlevering og godkjenning av listeforslag:

1. Fristen for å levere inn listeforslag blir sett til 1. mai i valåret.
2. Fristen for å kalle tilbake eit listeforslag blir sett til 20. mai.
3. Fristen for å godkjenne listeforslaga blir sett til 1. juli.

       Departementet legg avgjerande vekt på at dei trykte røystesetlane bør liggje føre når førehandsrøystinga tek til. Dette gir eit betre tilbod til veljarane. Samtidig unngår ein at arbeidet med å godkjenne listeforslaga skjer i ferietida. Vallova §§ 25 og 26 blir foreslått endra i samsvar med det som er sagt i høringsnotatet.

       Fristane i lova for innlevering og godkjenning av listeforslag blir såleis endra slik at dei trykte røystesetlane ligg føre når førehandsrøystinga tek til 10. august.

6.9 Nærmare om førehandsrøysting på institusjonar og ambulerande røystmottak

       I tillegg til den ordinære førehandsrøystinga gjennomfører kommunane førehandsrøysting på institusjonar (sjukehus, helse- og sosialinstitusjonar og fengsel) og ambulerande røystmottak, dvs. mottak av førehandsrøyster heime hos sjuke og uføre som ikkje er på institusjon. Valstyret skal gjere vedtak om ved kva for institusjonar det skal arrangerast eiga førehandsrøysting og tidspunktet for det. Røystinga blir gjennomført ved at ein først tek imot røyster frå pasientar/bebuarar som er oppegåande. Dette blir gjort i eit rom, til dømes opphaldsrom. Røystmottakarane skal deretter gå rundt på romma til pasientar og bebuarar som ønskjer å røyste, men som er sengeliggjande.

       Ambulerande røystmottak, dvs. mottak av førehandsrøyster heime hos veljarar som av fysiske årsaker ikkje kan å kome til eit røystelokale, blir gjennomførte etter søknad frå den enkelte veljaren, jf. vallova § 36.

       Departementet vil halde fast på at røystmottak ved institusjonar og ambulerande røystmottaking bør gjennomførast av Postverket. Kommunane bør likevel framleis ha oppgåver i denne samanhengen. Valstyra bør avgjere kva for institusjonar som er aktuelle, ut frå sin kjennskap til lokale tilhøve og ut frå det som har vore praksis ved tidlegare val. Det trengst samarbeid på dette feltet mellom kommunane og Postverket, og at også Postverket har eit ansvar for å medverke til at røystmottakinga blir organisert på best mogleg måte for veljarane.

       På bakgrunn av høringsfråsegnene vil departementet foreslå at valstyret framleis skal behandle og avgjere søknader om å få røyste ved ambulerande røystemottak, i alle fall inntil ein får erfaring med postrøystereforma. Departementet legg vekt på at dette er ei ordning som er kjend for veljarane, og at søknader bør behandlast ut frå kjennskap til lokale tilhøve.

       Når det gjeld spørsmålet om ein eller to røystmottakarar ved røystmottaking på institusjonar/ambulerande røystmottak, viser departementet til at det etter reglane i dag er nok med éin person. Departementet kan ikkje sjå at behovet skulle vere større no fordi om røystmottakarane skal nemnast opp av Postverket i staden for av kommunane. Dei rutinane som blir foreslått ved postrøysting (særleg bruk av valkort), vil venteleg føre til at det blir færre feil ved mottak av førehandsrøyster. Eit generelt lovpålegg om to røystmottakarar vil dessutan føre til at valordninga blir dyrare.

       Departementet konkluderar med at Postverket skal vere ansvarleg for å gjennomføre førehandsrøystmottak på institusjonar og ambulerande røystmottak. Valstyret avgjer på kva for institusjonar det skal gjennomførast førehandsrøysting, og kva for veljarar som skal få innvilga ambulerande røystmottak.

6.10 Avkryssing i manntalet

       Etter gjeldande valordning er førehandsrøystinga ikkje endeleg. Veljaren kan røyste om att på valdagen. Det kan derfor ikkje kryssast av ved namnet til veljaren i manntalet, verken når førehandsrøysta blir gitt eller ved den førebels prøvinga før valdagen. Avkryssinga i manntalet på grunn av gitt førehandsrøyst, kan først gjerast etter at det er klart at veljaren ikkje har røysta på valdagen.

       Når førehandsrøystinga blir endeleg, vil merknad som blir sett i manntalet ved namnet til veljarar som har førehandsrøysta, i realiteten vere avkryssing i manntalet. Det er uklart om vallova stiller eit generelt krav om at avkryssing i manntalet skal gå føre seg i eit krinsmanntal som ligg føre (fysisk) på kvar røystestad. Det vil seie i ei manntalsutskrift der avkryssinga blir gjort manuelt. I Innst.O.nr.57 (1992-1993) peikar komiteen på dette spørsmålet utan å ta standpunkt til det i det komiteen går ut frå følgjande:

       « Komiteen forstår proposisjonen ( Ot.prp. nr. 93 (1991-1992) ) slik at all bruk av edb ved manntallsavkryssing heretter skal trenge samtykke av Kongen etter første ledd i § 94 a, både ved « vanlig » stemmeavgivning og ved avgivelse av fremmede stemmer. Komiteen er enig i dette. »

       Kravet i vallova om samtykke til forsøk med elektronisk avkryssing i manntalet inneber eit krav om forbod mot elektronisk/maskinell avkryssing i manntalet. Når komiteen går ut frå at all elektronisk avkryssing i manntalet treng samtykke, inneber det såleis eit generelt forbod mot maskinell avkryssing.

       Etter dette reknar departementet med at heller ikkje endeleg avkryssing i manntalet ved namnet til veljar som har førehandsrøysta, kan gjerast maskinelt. For å få bort denne uvissa går departementet inn for lovregulering av maskinell avkryssing ved førehandsrøysting.

       Ved stortingsvalet i 1993 blei det gjennomført forsøk med maskinell avkryssing i manntalet i vallokala. Røynslene frå desse forsøka var at eit opplegg med eit elektronisk/maskinelt system som skal brukast i alle vallokala i heile kommunen heile valdagen, er svært sårbart ved driftsstans. Ikkje minst må det stillast svært store krav til nødrutinar som fungerer godt.

       Sidan veljarar som førehandsrøystar, ikkje må vente med å røyste til avkryssing har skjedd, blir ikkje eit evt. avbrot i den maskinelle avkryssinga eit prekært tidsproblem slik det lett kan bli i eit vallokale. Kommunane vil utføre avkryssinga først etter å ha teke imot førehandsrøystene frå Postverket. Driftstryggleiken i systemet får derfor ikkje noko å seie for valdeltakinga og den tillita veljarane bør ha til gjennomføringa av valet. På grunnlag av førehandsrøystene som blir haldne for seg og er nummererte, vil det dessutan vere mogleg i ettertid å gjennomføre fullstendig kontroll av at avkryssinga er rett.

       Dei sterke motførestellingane som er blitt fremma mot elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen, gjer seg ikkje gjeldande når det gjeld elektronisk avkryssing i manntalet ved namnet til veljar som har førehandsrøysta.

       Departementet foreslår derfor å lovfeste i vallova § 47 nytt sjette ledd at avkryssing i manntalet for førehandsrøyster kan skje elektronisk/maskinelt.