2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristelig Folkeparti, Lars Gunnar Lie og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til dei ulike lovframlegga i propisisjonen.

       Komiteen har ingen merknader til endringane i lov av 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v., i lov av 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter, i lov av 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer og i lov av 4. desember 1970 nr. 83 om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v.

       Når det gjeld endringane i lov av 23. mars 1973 nr. 18 om tilsyn med fôrvarer støtter komiteen at internkontrollsystemet som tilsynsform vert innført på område som omhandlar innsatsvarer i landbruket, og som er innteke i Ot.prp.nr.12 (1996-1997).

       Komiteen ser samanhengen i at dersom landbrukets mål om ein matproduksjon med høg kvalitet skal sikrast, krev det at ein er trygg på at innsatsvarene ein brukar i produksjonen held mål.

       Komiteen støttar at for å sikre mest mogleg einsarta oppfatning av omgrepa internkontroll og internkontrollsystemet, er det ein fordel å bruke dei definisjonane som elles er nytta i næringsmiddellovgjevinga.

       Komiteen vil streke under at målet med internkontrollen er å sjå til at krav fastsett i og i medhald av lov eller forskrift blir overhalde. Komiteen meiner at det må leggjast vekt på at kontrollsystemet vert lagt tilrette slik at den enkelte bedrift administrativt kan praktisere det på ein enkel måte. Komiteen meiner derfor det er viktig at internkontrollsystemet vert tilpassa storleiken og arten på den enkelte verksemd, og må av den grunn nødvendigvis variere både i form og omfang. Kontrollen må utøvast på ein effektiv måte ved å ta stikkprøver.

       Komiteen syner til kvalitetssystemet i landbruket (KSL) der målet er at alle produsentar som leverer matprodukter skal ha eit dokumentasjonssystem innan utgangen av 1998. Eit av dokumentasjonskrava som vert stilt er opplysningar om eigenprodusert kraftfôr. Ut i frå dette meiner komiteen at det er forsvarleg i forskrifts form å få bestemmelser som unntek produksjon under eit fastsett kvantum fra kravet om internkontroll. Komiteen meiner at produsentar som produserar under 200 tonn fôr til eige bruk, ikkje skal inn under kravet om internkontroll.

       Komiteen meiner at dette kvalitetssystemet vil fylle krava som EØS-avtalen krev. Ein vil også ha opplysninger for å kontrollere at fôrvareregelverket vert fylgt når det gjeld innblanding av tilsetningsstoff, uønska stoff og produkt som ikkje er ynskjeleg som fôr i primærproduksjonen.

       Komiteen meiner at området for tilsyn med tilverking av dyrefôr er viktig for å sikre oss ein framtidig god matkvalitet. Risiko for smitte av til dømes Salmonella må reduserast. Komiteen syner til eit naturleg og veksande krav frå forbrukarsida om sikkerheit for trygg mat.

       Når det gjeld tilverking av fôrvarar til fisk vil komiteen streke under viktigheita av at ein held oppe truverdigheita til norsk fisk hjå forbrukarane. Av samfunnsmessige omsyn og av omsyn til omdømet for norsk fiskeeksport er det av stor verdi at det ikkje kan reisast tvil om innhaldet i fôrvarar som vert brukt i oppdrettsnæringa i Norge.

       Komiteen er kjent med at det for tida er aukande interesse for å nytte lokale fiskebiprodukter i oppdettsfôret. Komiteen føreset at lovendringa ikkje gjer det praktisk vanskeleg for oppdrettarane å nytte fiskeavskjær og andre biprodukt frå kvitfisk som fôr, då bruk av slike lokale fôrressursar kan vere med på å redusere kostnadene og auke verdiskapninga for mange oppdrettsanlegg langs kysten. Komiteen vil derfor streke under at departementet tar omsyn til dette i det vidare arbeid med saka.

       Med dei merknadane som ligger inne i innstillinga, vil komiteen stø ei utviding av verkeområdet i fôrvareloven.

       Komiteen syner elles til brev frå Landbruksdepartementet datert 18. mars 1997, som er vedlagt innstillinga.