4. Forslag fra mindretall

Forslag fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, representanten Roy N Wetterstad og representanten Arne Haukvik:

Forslag 1

§ 12 annet ledd skal lyde:

       Garantien skal gjelde fram til to år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til fem prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande på eit seinare tidspunkt enn i samband med overtakinga, kan garantisummen likevel vere tre prosent av vederlaget.

§ 12 nytt tredje ledd skal lyde:

       For avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), skal garantien gjelde fram til to år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarar til tre prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande før overtakinga, kan garantisummen likevel vere to prosent av vederlaget. Dessutan gjeld § 47 andre og tredje ledd som garanti for forskotsbetaling.

§ 12 tredje ledd blir fjerde ledd.

§ 12 fjerde ledd blir femte ledd og skal lyde:

       Garanti skal gjevast i form av sjølvskuldgaranti eller tilsvarande frå ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Likt med garanti skal reknast deponering av pengesum i finansinstitusjon som nemnd i første punktum på tilsvarande vilkår.

§ 12 femte ledd blir sjette ledd.

§ 30 første ledd andre punktum skal lyde:

       Ein mangel kan ikkje gjerast gjeldande seinare enn fem år etter overtakinga.

§ 42 tredje ledd andre punktum skal lyde:

§ 12 fjerde ledd gjeld tilsvarande.

§ 63 første ledd andre punktum skal lyde:

       Kravet kan ikkje meldast seinare enn fem år etter overtakinga av den ytinga som oppdraget knyter seg til, om ikkje konsulenten har teke på seg å svare for feil i lengre tid.

Forslag fra Høyre og representanten Roy N Wetterstad:

Forslag 2

§ 3 første ledd nytt første punktum skal lyde:

       Om ikkje anna er avtalt på forhånd kan ikkje forbrukaren krevje endringar eller tilleggsarbeid som vil endre vederlaget med 15 prosent eller meir.

§ 7 første ledd første punktum skal lyde:

       Entreprenøren skal utføre arbeidet på fagleg godt vis og elles vareta forbrukaren sine interesser med tilbørlig omsut.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 3

§ 2 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

       Som forbrukar etter denne lov gjeld òg samanslutning av forbrukarar, som t.d. burettslag.

§ 3 andre ledd skal lyde:

       Avtale millom partene skal vera skriftleg.

§ 10 første ledd første punktum skal lyde:

       Entreprenøren skal overhalde skriftlege fristar ...

§ 18 nytt annet ledd skal lyde:

       Dagmulkt gjelder òg ved forseinka dellevering eller deloppfylling av avtale.