I St.prp. nr. 43 (1996-1997) vart det fremma forslag om ei auke av løyvinga på statsbudsjettet for 1997 under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten med til saman 150 mill. kroner. Som delvis inndekking vart det foreslått at rettsgebyret skulle endrast frå kr 505 til kr 535. Dette vart fulgt opp i Ot.prp.nr.44 (1996-1997) om lov om endring i lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr.
Stortinget vedtok 8. april 1997 å be Regjeringa fremme forslag til inndekking av ekstraløyvinga i Revidert nasjonalbudsjett. Regjeringa har på denne bakgrunnen vedteke å trekkje proposisjonen attende.
Komiteen tek meldinga til etterretning.
Komiteen viser til meldinga og rår Odelstinget til å gjere slikt
vedtak:
Ot.meld. nr. 1 (1996-1997) - om tilbakekalling av Ot.prp.nr.44 (1996-1997) om lov om endring i lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr - vert lagt ved protokollen.
|
Oslo, i justiskomiteen,den 6. mai 1997.
|
Lisbeth Holand, |
Anita Apelthun Sæle, |
Olav Akselsen, |
leiar. |
ordførar. |
sekretær. |