6. Kommune 2313 sokkel/utland - utpantingsrett for skatteoppkrevjaren i heile riket

Samandrag

       Etter skattebetalingslova § 36 kan Kongen « bemyndige skatteoppkreveren til e holde forretning for utleggspant for krav som omhandlet i denne lov ». Slik lova vert praktisert er skatteoppkrevjarens rett til å halde forretning for utleggspant etter skattebetalingslova § 36 avgrensa til oppkrevjarens eige distrikt. Dette inneber at oppkrevjaren berre kan halde forretning for utleggspant i sin eigen kommune. Om oppkrevjaren vil halde slik forretning utanfor eigen kommune må han nytte annan oppkrevjar eller lokal namsmann.

       I samanheng med lovendringa om sentral likning av skattytarar utan varig tilknyting til riket, heiter det i Ot.prp. nr. 12 (1987-1988) at kemneren i Stavanger blir kommunal skatteoppkrevjar for to kommunar (både Stavanger kommune og sokkelkommunen). Departementet si oppfatning er at skatteoppkrevjaren sitt distrikt sokkelkommunen i denne samanheng omfattar heile riket. Det at skatteoppkrevjarfunksjonen er lagt til kemneren i Stavanger har såleis ikkje noko å seie for sokkelkommunen sin rett til å halde forretning for utleggspant andre stader i landet. Skatteoppkrevjaren sin rett til å halde forretning for utleggspant er såleis ikkje geografisk avgrensa til Stavanger distrikt.

       Kemneren i Stavanger har skipa praksis i samsvar med denne tolkinga av skattebetalingslova § 36. Denne praksisen sparar kemneren for mykje arbeid i høve til om han hadde vore vist til å nytte ein annan lokal oppkrevjar eller namsmann. Praksisen sparar òg kemneren for tid fordi forretning for utleggspant kan haldast på kemneren sitt kontor, utan å måtte gå vegen om den lokale oppkrevjar på pantestaden. Dette er viktig fordi dei aktuelle skattytarane ofte har oppdrag på kort sikt, og kravet ofte fyrst kjem opp i avslutninga av oppdraget.

       Kemneren i Stavanger har opplyst at i 1995 blei det halde i alt 146 utleggsforretningar, og av desse var 56 utanfor Stavanger. Forretningane utanfor Stavanger henta inn om lag 54 mill. kronar av i alt om lag 142 mill. kronar.

       Kemneren i Stavanger har til departementet peika på at den tolkinga av lova som ligg til grunn for praksis ikkje har kome klårt til uttrykk i ordlyden. Kemneren tilrår ei klår lovfesting av retten til å halde forretning for utleggspant i heile riket. Kemneren må svare på mange spørsmål frå skattytarar og andre kemnerar om rekkjevidda av retten til å halde utleggsforretning, og ser det som ein fordel å kunne vise til ein uttrykkeleg lovheimel.

       Departementet meiner det vil vere ein klår fordel at retten til å halde utleggsforretning i heile riket for kommune 2312 Sokkel/Utland vert presisert i skattebetalingslova. Ei slik lovfesting vil minska faren for tvil og tvistar. Utleggsforretningane er utøving av offentleg tvang overfor uvillige skattebetalarar, og heimelen for dette bør vere klårast mogleg.

       Ein syner til utkast til endring av skattebetalingslova § 36 (nytt annet ledd).

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i skattebetalingsloven § 36 nytt annet ledd.