6. Innføring av ei fast promillegrense for båtførarar

Bør det innførast ei fast promillegrense?

       Straffelovrådet slår fast at det er eit klårt behov for promillereglar på sjøen for å sikre at førarar av båtar med eit stort skadepotensial er skikka til å meistre situasjonar som er tilnærma like komplekse og farlege som i vegtrafikken. Rådet føreslår at det vert innført ei fast promillegrense til sjøs.

       Eit overveldande fleirtal av høyringsinstansane sluttar seg til dette. Fleire meiner ei promillegrense vil auke tryggleiken til sjøs, og ha ein haldningsskapande effekt. Nokre høyringsinstansar legg særleg vekt på at ei fast promillegrense vil vere enklare å handheve enn dagens reglar.

       Berre fire høyringsinstansar går klårt imot forslaget. Det vert uttalt at omfanget av problemet er « meget beskjedent », og at gjeldande rett verkar tilfredsstillande.

       Departementet er einig med Straffelovrådet og fleirtalet av høyringsinstansane i at dagens ordning ikkje er tilfredsstillande. Ordninga er i mange situasjonar vanskeleg å handheve, og skapar dessutan ein usikker rettstilstand. Det er generelt vanskeleg å akseptere at føraren av t.d. ein hurtiggåande fritidsbåt i prinsippet skal kunne ha ein så høg promille som rundt 1,5.

       Justisdepartementet meiner at innføring av ei lågare fast promillegrense til sjøs vil bidra til å auke tryggleiken til sjøs. Ei fast promillegrense vil og ha rettstekniske føremoner, og ein positiv haldningsskapande effekt. På denne bakgrunn føreslår Justisdepartementet at det vert innført ei fast promillegrense til sjøs, jf. lovutkastet § 33.

Kva for fartøy skal reguleringa omfatte?

       Når det gjeld passasjerfrakt, meiner Straffelovrådet at reglane gitt i eller i medhald av pliktfråhaldsloven verkar tilfredsstillande. Rådet tilrår derfor ikkje noko endring for passasjerbåtar, men foreslår at det vert innført ei fast promillegrense for førarar m.m. av alle fartøy som ved motorkraft kan oppnå ein toppfart på 10 knop eller meir og/eller er tyngre enn eitt tonn.

       Høyringsinstansane har ulike syn på denne avgrensinga.

       Departementet uttaler m.a. at det innafor det meste av den offentlegrettslege sjøretten er vanleg å ha ulike reglar for små og store fartøy, og meiner at ein bør ha ulike promillereglar for store og små fartøy. I denne omgang vert det berre lagt fram forslag om promillereglar for små fartøy. Det vil bli arbeidd vidare med spørsmålet om å foreslå nye promillereglar for store fartøy.

       Justisdepartementet føreslår at grensa i første rekkje vert knytt til båtlengde, og trekt ved ei største lengde på 15 meter (som tilsvarar litt under 50 fot). Det finnest ein del nærings- og passasjerfartøy under denne grensa. For slike fartøy må reglar om pliktfråhald vurderast særskilt.

       For båtar som har motor som framdriftsmiddel, er det inga nedre grense. Når det gjeld seglbåtar skal promillereglane berre gjelde for seglbåtar over 4,5 meter (som tilsvarar noko under 15 fot). Grensene blir dermed dei same som for plikten til å registrere båtar i fritids- og småbåtregisteret.

Kven bør reglane gjelde for?

       Straffelovrådet føreslår at kravet til å vere edru først og fremst skal gjelde for den som « fører eller forsøker å føre » skip eller båt. Rådet føreslår dessutan ein ikkje-uttømande opprekning over andre personar med ei slik tilknyting til framdrifta av skipet at dei bør vere omfatta av edruskapskravet. Men denne opprekninga har liten interesse for små fartøy.

       Forslaget er blitt kritisert fordi det ofte kan vere uklårt kven som er « førar » av ein båt.

       Justisdepartementet er einig i at det ikkje alltid vil vere heilt klårt kven som er « båtførar », særleg i fritidsbåtar. Kven som skal sjåast som båtførar bør framleis avgjerast etter ei konkret vurdering av tilhøva omkring båtturen. Den som har kommandoen om bord, vil ofte få hjelp av andre. Dersom innsatsen har eit slikt omfang at den får vesentleg verknad for tryggleiken om bord, bør vedkomande reknast som båtførar, enten aleine eller saman med den som har kommandoen.

       Vegtrafikkloven § 17 andre ledd har ein særleg regel om medverknad som rammar den som eig eller rår over ei motorvogn og som lar ein annan bruke den under alkoholpåverknad. Nokre høyringsinstansar etterlyser ein slik regel også til sjøs. Justisdepartementet følgjer opp dette i forslaget til § 35.

Verkeområde for promillereglane

       Straffelovrådet gjekk inn for at promillereglane skulle ha « det virkeområde som følger av straffeloven § 12 ». Av straffeloven § 12 følgjer det m.a. at norsk straffelovgjeving skal nyttast på handlingar som er gjorde « i riket », på norsk fartøy « hvor det enn befinner seg », og på handlingar gjorde « i utlandet av norsk statsborger eller noen i Norge hjemmehørende person » dersom handlinga er straffbar « også etter det lands lov i hvilket den er foretatt ».

       Departementet uttaler at promillereglane bør gjelde så vel i ferskvatn som i sjøen, og for ferdsel i farvatnet ved Svalbard. Justisdepartementet meiner at reglane ikkje bør gjelde utanfor Norges territorialgrense, dvs. i ope farvatn eller innafor andre lands territorialgrense.

Promillegrensa

       Straffelovrådet føreslår ei promillegrense på 0,8. I vegtrafikkloven er grensa 0,5 promille.

       Ei rekkje høyringsinstansar meiner at ei grense på 0,8 promille er for høg. Fleire peikar m.a. på at det ut frå pedagogiske omsyn er uheldig å ha ulike grenser til vanns og til lands. Eit fleirtal av dei høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet, går likevel inn for at promillegrensa til sjøs vert sett høgare enn i vegtrafikken. Nokre grunngjev dette med at denne grensa er i samsvar med tilrådinga frå FNs sjøfartsorganisasjon IMO. Ein peiker også på at det ikkje er påvist noko behov for ei skjerping.

       Justisdepartementet går inn for at grensa vert sett til 0,5 promille.

Etterfølgjande alkoholbruk

       Straffelovrådet føreslår at ein etter mønster av vegtrafikkloven § 22 andre ledd også gjer etterfølgjande alkoholbruk straffbart, for å avhjelpe dei bevismessige problema som kan oppstå der den sikta påstår at han har drukke etter føringa av båten.

       Justisdepartementet er einig med Straffelovrådet i at det er behov for ein regel om etterfølgjande alkoholbruk, også for fritidsbåtar, jf. lovutkastet § 33 tredje ledd.

Nødrett

       Straffeloven § 47 inneheld dei alminnelege reglane om når ei handling er straffri som følgje av nødrett. I praksis er regelen blitt tolka strengt. Etter Justisdepartementet si oppfatning ville det verke urimeleg dersom ein skal leggje ein like streng praksis til grunn ved promilleføring av småbåtar som ved promillekjøring av motorvogn. Det vert m.a. også vist til dei vide hjelpepliktreglane på sjøen i straffeloven § 314 og § 387. Justisdepartementet føreslår på denne bakgrunn at føring av småbåt i påverka tilstand skal kunne vere straffri dersom den skjer for å redde person eller gods frå « alvorlig » fare, sjå forslaget til § 34.

Generell dugleiksregel

       Vegtrafikkloven § 21 første ledd lyder:

       « Ingen må føre eller forsøke å føre kjøretøy når han er i en slik tilstand at han ikke kan anses skikket til å kjøre på trygg måte, hva enten dette har sin årsak i at han er påvirket av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel, eller i at han er syk, svekket, sliten eller trett, eller skyldes andre omstendigheter. »

       Justisdepartementet meiner at det vil vere på sin plass å innføre ein tilsvarande regel for føring av småbåtar, jf. forslaget til § 32.

Handheving

       Straffelovrådet tilrår at ein skal søkje å gjennomføre fast promillegrense på sjøen gjennom intensivert kontroll i staden for gjennom særskilt strenge straffar.

       Eit par høyringsinstansar er kritiske til ein intensivert kontroll på sjøen, fordi dette vil bli for ressurskrevjande. Andre er opptekne av at ei fast promillegrense må følgjast opp med intensivert kontroll.

       Justisdepartementet er einig i at innføringa av ei fast promillegrense må følgjast opp av tiltak som sikrar at politiet kan handheve den, men legg til grunn at det ikkje blir nødvendig med ei vesentleg utbyggjing av politiet si båtteneste.

       Straffelovrådet uttaler at det ikkje skulle vere problematisk å tildele Kystvakta politimakt for å sikre at ei eventuell fast promillegrense vert halden. Nokre høyringsinstansar tek uttrykkeleg avstand frå dette. Justisdepartementet går inn for at Kystvakta ikkje bør nyttast til å handheve den faste promillegrensa.

Straffereaksjonane

       Straffelovrådet føreslår at brot på regelen om promillegrense til sjøs skal kunne straffast med bøter eller fengsel inntil eitt år. Dette er same strafferamme som for brot på straffeloven § 422 andre ledd (rusa føring m.m. av skip) og vegtrafikkloven § 22, jf. § 31 første ledd (promillereglane). Vegtrafikkloven § 31 har i andre ledd vegleiande reglar om nyansert utmåling av straff for brot på promillereglane. Straffelovrådet rår ikkje til å innføre slike reglar for brot på promillegrensa på sjøen. Straffelovrådet går vidare inn for at det framleis skal vere mogleg å idømme promilleførarar tap av retten til å føre nærare fastsette båtar.

       Rusmiddeldirektoratet meiner at ein bør få ei nærare regulering av strafferamma for brot på promillegrensa, og går inn for at det også bør kunne idømmast rettstap og gjennomføring av promilleprogram.

       Justisdepartementet er einig med Straffelovrådet i at ein bør nytte same strafferamme som i vegtrafikkloven. Departementet foreslår ikkje detaljerte utmålingsreglar etter mønster av vegtrafikkloven § 31 andre ledd. Justisdepartementet meiner vidare som Straffelovrådet at bøtestraffa normalt bør liggje på eit relativt høgt nivå. Bøtestraff bør vere den alminnelege reaksjonen for brot på reglane om promillegrense. Fengselsstraff bør i utgangspunktet berre idømmast ved meir graverande brot.

       Justisdepartementet er einig i at det bør vere mogleg å idømme tap av retten til å føre nærare fastsette båtar som straff for promilleføring. I grove tilfelle meiner departementet at det vil vere aktuelt å inndra båten.

       Når ein har vunne meir erfaring med bruk av promilleprogram, bør det vurderast å utvide denne ordninga til også å gjelde brot på promillereglane i fritids- og småbåtloven.