2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Inger Lise Balandin, Bjarne Håkon Hanssen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Helga Rullestad og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til proposisjonen.

       Komiteen ser positivt på at det vert innført klåre reglar for kviletid på skip, og sluttar seg i hovudsak til framlegg til endringar i proposisjonen. Komiteen føreset at dette regelverket er i samsvar med internasjonale konvensjonar.

       Komiteen er opptekne av at reglane skal vera gode for å sikra tryggleik og trivsel på skip. Endringar i skiftplanar for skip med skiftsvaktsordningar som fylgje av kravet om 6 timar samanhengande kviletid har etter komiteen si vurdering, ikkje fungert udelt positivt. Dette har i fylgje partane i arbeidslivet ført til oppseiingar og hyppigare gjennomtrekk i jobbane, noko som ikkje styrkar tryggleiken om bord. Lovverket bør etter komiteen si vurdering difor opna for å gje dispensasjon frå krav om 6 timars kviletid når arbeidstakar og arbeidsgjevar er samde om dette. Komiteen gjer på denne bakgrunn framlegg om fylgjande endringar:

« § 12 punkt 5 skal lyde:

       Bestemmelsene i nr. 1-4 kan, i særskilte tilfeller og etter begrunnet uttalelse fra de berørte sjømanns- og rederorganisasjoner, fravikes på passasjerskip med skiftordning i inneriks rutefart.

§ 16 punkt 1 skal lyde:

       Bestemmelsene i § 12 om hviletid kan, bortsett fra i de tilfeller som nevnt i § 12 pkt. 5, ikke fravikes. »